Stormen på vinterpalasset-  Stormen på vinterpalasset.Nettstaden Radikal Portal har 29. januar i år ein artikkel om den russiske revolusjon. Artikkelforfattar er Torbjørn Monsen og tittelen er «Revolusjonsåret 1917 – i etterpåklokskapens lys».

Denne artikkelen er så svak at den fortener ein kommentar. Først og fremst inneheld artikkelen ein del historiske feil og den manglar fullstendig klasseperspektiv.

Artikkelforfatteren maktar ikkje å sjå at den russiske revolusjonen var ein stor siger for arbeidarklassen i Russland og ein stor inspirasjon for arbeidarane i resten av Europa. Ikkje minst var den ein stor siger for den vitskaplege sosialismen.

Februarrevolusjonen

Torbjørn Monsen peikar på februarrevolusjonen som den viktigaste i 1917. Dette er ikkje i samsvar med dei historiske fakta. Hendingane i februar kan neppe kallast ein revolusjon. Rett nok blei tsaren styrta, men borgarskapet sat framleis ved makta. Den gamle byråkratiske ånd som rådde i Russland var uforandra. Dette nemner ikkje Monsen i sin artikkel. I hans verd er februarrevolusjonen folkestyre og oktoberrevolusjonen er innføring av eitpartistat.

Men faktum er at tenestemennene fortsatte i departementa. Eit viktig grunnlag for hendingane i februar blei ikkje innfridd, det var å få slutt på den upopulære krigen Russland var innblanda i.

Årsakene til oktoberrevolusjonen

Monsen peikar på at tsaren var ein svak leiar og at det var årsaka til den russiske revolusjonen. I denne samanheng er det ei fullstendig uinteressant opplysning.

Det var dei objektive forholda som la grunnlaget for oktoberrevolusjonen: Krig, stigande prisar, hungersnaud og fattigdom, samstundes som borgarskapet fortsatte å regjere som før.

Arbeidarpressa blei forbudt, bolsjevikar fengsla og det var dødsstraff for soldatar.

Alt dette var årsaka til at bolsjevikane fortsatte sitt arbeid. Parola «all makt til sovjetene» blei lansert i april og folk fylka seg bak dette og ikkje minst kravet om at det var avgjerande å få Russland ut av den imperialistiske krigen.

Arbeidarsovjeta tok makta i oktober. Folket kom sigerrikt ut av kampen og ikkje ein arbeidar støtta borgarskapet og Kerenski-regjeringa.

Den nye staten sette straks igang med å gjennomføre arbeidarklassens krav, betre levevilkåra og få slutt på krigen.

Lærdom av oktober 1917

Det vi har lært av oktoberrevolusjonen er at dei herskande si makt ikkje varer evig. Dei russiske arbeidarane, soldatane og bøndene utfordra den og vant. Og for første gong kunne dei starte medvetent og planmessig å bygge ein ny samfunnstype.

Det skedde samstundes som arbeidarstaten blei utsett for blokade og militært overfall. Dette er ikkje borgarkrig, Torbjørn Monsen, det er eit militært angrep frå imperialistmaktene som fryktar «smitteefekten».

Og arbeidarane i heile Europa lot seg inspirere og tok lærdom i det å organisere seg og kjempe for sine krav.

Dei krava som dei klarte å kjempe igjennom nyt vi på mange måtar godt av i dagens såkalla veferdsstat. Litt av æra for våre demokratiske rettar kan vi takka erfaringane frå den russiske revolusjonen for.

Difor er det på sin plass å forsvare oktoberrevolusjonen. Han viste at sosialismen kan sette stoppar for imperialisme, krig, utbytting og undertrykking

Skal vi lære av erfaringane, må vi studere dei. Nettstaden revolusjon.no og tidsskriftet Revolusjon har allereie skrive mange artiklar om 1917, og fleire kjem sikkert.

Denne kommentaren er òg freista sendt til Radikal Portal.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.