19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

watching

PST kan med ny lov få frie hender til å spore alt du gjer.

Noko av det siste Solberg-regjeringa gjorde før ho gjekk av var å senda ut enno eit lovframlegg som opnar for auka overvaking. Kjerna i dette framlegget er å gje PST heimel til å lagra «opent tilgjengeleg informasjon for etterretningsføremål» i opptil 15 år. Det er Politiets sikkerhetstjeneste (PST) som sjølv har bede om å få ein slik ny overvakingsheimel.

Dette framlegget vil i utgangspunktet gjelda lagring av alle avisartiklar, opne ordskifte i sosiale medie som Facebook, kommentarfelt, nettsider, bloggar og opne offentlege registre. Dette då utover dei vanlege tryggingsmessige mekanismane som elles gjeld etter politiregisterlova. Paragrafane 6 og 7 i denne lova oppstillar m.a. krav om at det som skal lagrast skal ha eit relevant føremål, og berre i særlege tilfelle gjelda politisk, religiøs eller annan organisasjonsverksemd. Men etter det nye lovframlegget vil dette altså ikkje lenger gjelda for lagring av t.d. politisk aktivitet og ordskifte som går føre seg i sosiale medie.

«En så vid formålsbeskrivelse innebærer i praksis ingen begrensning for PST».

Frå Advokatforeningen sitt høyringssvar.

Av høyringsuttalelsane til lovframlegget som har kome inn er t.d. både Den norske advokatforening og Stortingets overvakingsorgan for de hemmelige tjenestene (EOS-utvalet) sterkt kritiske til framlegget. Dei uttalar at slik massiv lagring vil kunne krenka personvernet og fungera nedkjølande på det offentlege ordskiftet, samt at det stillast spørsmål ved om denne type av lagring av open informasjon er naudsynt for etterretningsføremål.

Argumentet frå PST si side for dette overvakingstiltaket er atter ein gong å forhindre terror, samt å kunne føra kontroll med eventuelle påverknadsoperasjonar frå framande statar og etterretningsverksemder. Men i tider som desse er det all grunn til å vera skeptisk til enno ein ny og omfattande overvakingsheimel.

«Anti-statlege haldningar»

Dette særleg om ein vurderar dette framlegget opp mot PST si eiga seinaste trusselvurdering, kor «anti-statlege haldningar» og «konspirasjonsteoriar» var av det som det hemmelege politiet åtvara mest mot. I så stor grad at PST-sjef Hans Petter Sjøvold fann grunn til å presisera at PST likevel ikkje skulle vera «et meningspoliti».

Ein slik ny og omfattande overvakningsheimel vil høva godt til å fanga opp alt som PST til ei kvar tid vil vurdera som «anti-statlege haldningar», om dette no er vindkraftmotstand, motstand mot amerikanskstyrte basar på norsk jord eller motstand mot norsk medlemskap i NATO.

Artikkel frå Revolusjon nr. 60, mars 2022.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre