Politisk ligg det ein gong anti-imperialistiske partiet Raudt i ruinar.
Grunnplansopprøret mot Raudt si tilslutning til forsvarsforliket på Stortinget vant ikkje fram på partiet sitt landsmøte ved månadsskiftet. Trass i at eit stort mindretal av landsmøtedelegatane, 63 mot 96, og med 30 blanke røyster, støtta eit framlegg frå lag i m.a. Oppland, Nordland og Oslo om at Raudt skulle trekka seg frå forsvarsforliket, vann partileiinga og stortingsgruppa fram med si støtte til regjeringa og samtlege stortingsparti sin omfattande opprustningsplan av Forsvaret på 1635 mrd. kr fram til 2036.
«Vellykket glideflukt mot høyre»
Aftenposten beskriv Raudt-leiinga sin siger som «en vellykket glideflukt mot høyre.» I tillegg til forsvarsspørsmål så tok landsmøtet òg stilling til mange andre saker, m.a. med eit «lineskift» i narkotikapolitikken. Partiet går no inn for legalisering av cannabis og avkriminalisering av personleg bruk av all annan narkotika. Desse ordskifta drukna likevel i det som kokte ned til hovudmotseiinga på landsmøtet, Raudt si tilslutning til forsvarsforliket og regjeringa sin militære opprustningsplan.
Partileiar Sneve Martinussen slo i opningstala si fast at «Raudt er eit forsvarsparti», samstundes med at partileiinga bedyra at Raudt framleis skulle vera «ein kraftfull opposisjon i utanriks- og forsvarspolitikken», og at stortingsgruppa si tilslutning til den gedigne NATO-styrte opprustinga er «for å styrke det nasjonale forsvaret.
Korleis det norske militærvesenet kan kallast eller fungera nasjonalt når samtlege styrings-, kommunikasjons- og våpensystem er underlagt og styrt av NATO og i siste instans USA, valde partileiinga og fleirtalet på landsmøtet ikkje å gå nærare inn på. Den «kraftfulle opposisjonen i utanriks- og forsvarspolitikken» er òg vanskeleg å få auga på, utover heilhjarta støtte til å senda mest mogleg våpen og pengar til regimet i Ukraina, samt entusiastisk oppslutning kring det som i røynda er NATO og USA sin opprustningsplan. Forsvarsforliket er eit storstilt opprustningsprogram for utvikling av NATO sin angrepskapasitet, og tek i fyrste omgang sikte på å senda flest mogleg ukrainske og russiske arbeidarar i dauden ved frontlinene.
Landsmøtet gjekk «for krig og weed»
Eit Raudt-medlem med lang fartstid slo ganske treffsikkert fast at landsmøtet gjekk «for krig og weed». Så spørs det for Raudt og den norske venstresida sin del kva som skjer i etterkant av opprustingsopposisjonen sitt nederlag på landsmøtet. Vil folk gå ut i passivitet, gå over til partiet FOR, eller organisera seg vidare på annan måte for å byggja noko nytt ut frå dei politiske ruinane av det tidlegare anti-imperialistiske Raudt. Det vil tida snøgt nok visa.