25 juni 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Kontroll- og konstitusjonskomiteen holder pressekonferanse i vandrehallen om komiteens innstilling i habilitetssakene. Foto: CC BY-NC-ND Stortinget/flickrKontroll- og konstitusjonskomiteen holder pressekonferanse i vandrehallen om komiteens innstilling i habilitetssakene. Foto: CC BY-NC-ND Stortinget/flickr

Det moralske og kulturelle forfallet i dei høgaste statsorgana er eit av dei klåraste uttrykka for den rotnande norske kapitalismen.

Det som for nokre år sidan byrja med avsløringar av juks med reiserekningar av ulike stortingsrepresentantar frå Frp og Ap, har vorte avløyst av avdekking av stadig meire alvorlege forhold blant landet sine folkevalte. Forhold som elles i samfunnet kunne resultert i relativt lange fengselsstraffar og økonomisk inndragning i mangehundretusenkronersklassen – om sakene hadde kome for retten. 

Juks som rutine

Etter at fleire innvalde på Stortinget vart avslørt i å ha juksa med reiserekningar, så vart det avslørt omfattande juks med pendlar – og statsrådbustadordninga som representantane og regjeringsmedlemene nyt godt av. Representantar i heile spekteret frå Frp til SV var folkeregistrert på gute- og jenterom hjå foreldre og hjå seg sjølve rundt ikring i landet, berre det var meire enn kravet på 40 km avstand frå Oslo, medan dei åtte eitt eller fleire eigne husvære både i og like utanfor hovudstaden. Men trass i dette budde dei like fullt i leilegheiter eigd av staten, skattefritt og på skattebetalarane si rekning, sjølv om dette var i strid med regelverket. Dei same representantane, understøtta av Stortinget sin eigen administrasjon, synte då til at regelverket, som dei sjølve hadde laga og var ansvarlege for, var «uklårt» og «kunne misforstås» – for å freista unngå skattekrav og annan offentleg pågang.

Etter avsløring av denne svindelen, som rett nok m.a. førte til at statsråd og partileiar Kjell Ingolf Ropstad frå KrF måtte gå av og Eva Kristin Hansen frå Ap måtte trekka seg berre vel ein månad etter at ho hadde tiltredt som stortingspresident, samt at ein del tidlegare og noverande representantar fekk krav om tilbakebetaling frå Skatteetaten, så kom nye avsløringar på løpande band. 

Det neste som kom fram via gravejournalistikk i media gjaldt diverse venetenester og habilitetsskandalar som var utført av statsrådar i regjeringa Støre. Nære vener av statsrådane Anette Trettebergstuen og Tonje Brenna hadde vorte utnemnde til ulike offentlege verv innanfor sine departement sine respektive ansvarsområder. Trettebergstuen måtte motviljug gå av på grunn av dette, medan Brenna fekk halda fram som statsråd av di ho hadde høgare stjerne hjå statsminister Støre og like i forkant hadde vorte vald til nestleiar i Ap. Dinest vart det avslørt at statsråd Ola Borten Moe frå Sp hadde handla aksjar i Kongsberggruppen like i forkant av at regjeringa vedtok å løyva fleire milliardar kroner til våpenkjøp hjå nett dette firmaet. Sakene til Trettebergstuen og Borten Moe vart vurdert som sopass alvorlege at dei vart etterforska av Økokrim, kor dei framleis ligg. Det vert likevel i jusskrinsar vurdert som lite truleg at det vert teke ut tiltale i desse sakene. 

Inhabil statsminister

Kort tid etter vart det avslørt i media at ektemannen til utanriksminister Anniken Huitfeldt hadde kjøpt aksjar i selskap som var underlagt avgjerder av regjeringa, og etter nokre veker måtte Huitfeldt gå av grunna dette. Men som plaster på såret vert ho no i staden utnemnd til stillinga som norsk ambassadør til Washington.

I kjølvatnet at desse aksjekjøpa kom det klåraste tilfellet av offentleg snusk og korrupsjon fram, då det vart avslørt at Sindre Finnes, ektemannen til tidlegare statsminister Erna Solberg, hadde handla aksjar ved om lag 3 200 ulike tilfelle i alle dei åtte åra Solberg var statsminister, òg i selskap som Solberg hadde innsideinformasjon om. Solberg hadde slik vore inhabil ved minst 14 ulike tilhøve i saker som regjeringa hennar hadde handsama, då Finnes hadde handla aksjar i desse selskapa. Dette gjaldt m.a. ved handsaminga av selskapet Nordic Mining ASA som fekk konsesjon til å etablera sjødeponi i Førdefjorden, og ved konsesjonen som gav Lyse Kraft DA tilgang til Hydro sitt kraftverk i Røldal-Suldal vassdraget, og som gjorde at dette ikkje fall tilbake til staten. Heile denne habilitetsskandalen og sakskomplekset vart meldt til Økokrim, men saka andsynes Nordic Mining var ansett forelda med nokre få veker og resten vart etter nokre få månadar lagt vekk. 

Her høyrar det og med at Statsministeren sitt kontor (SMK) under Støre har synt seg særs uviljuge til å offentleggjera regjeringsprotokollar og interne vedtak frå Solbergregjeringa sin periode, og slik har hindra at media og ålmenta har fått innsyn i alt kva som har skjedd. Dette har SMK gjort ved å syna til at desse dokumenta tilhøyrar den førre regjeringa og difor ikkje kan offentleggjerast, medan Solberg har uttalt at ho ikkje lenger har tilgang til dette arkivet og dimed heller ikkje kan offentleggjera noko. So kameraderiet mellom dei «ansvarlege styringspartia» slår inn for fullt. 

Det har utvikla seg ein «politikarklasse» i Noreg, eit sjikt i borgarskapen på toppen av samfunnet

Når det gjeld SMK kom det etter kvart fram at departementsråd Therese Steen, som var leiar for den avdelinga i regjeringsapparatet som hadde hovudansvaret for å rettleia statsrådar og politisk leiing i departementa i habilitetsregelverket, sjølv hadde investert gjennom sitt firma Investsteen for mange millionar kroner i aksjar i selskaper som hadde fått løyvd store summar i statlege investerings- og oppstartsmedel nett av den regjeringa som ho jobba for. Sjølv om dette blant folk og i media opplagt ikkje såg heilt greit ut, var det korkje brot på internt regelverk eller lovar. Therese Steen sluttar no ved SMK og går i midten av august 2024 rett over i stilling som direktør i Noregs Bank Administrasjon. 

Det omfattande regelverket i departementa og staten som går på embets- og tenestemenn sin opptreden og kva desse kan motta av gåver og tenester, som for øvrig er minimalt, er mangelfullt, lite oppdatert og dårleg kontrollert. Alle desse tilfella av svindel, politisk kameraderi og inhabilitet har vorte avslørt av næringslivsaviser som E24 og Dagens Næringsliv. Ein kan i denne samanhengen berre spørja seg kva dei ikkje har funne fram til. 

Ein avsondra politikarklasse

I etterkant av alle desse avsløringane har alle stortingspartia vore veldig opptekne av å «gjenvinna tilliten til demokratiet og det politiske systemet». Førebels siste hand på dette verket var lagt av Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomite som etterkvart delte ut merkelappar med «kritikk» og «sterk kritikk» (i Erna Solberg sitt tilfelle). Men komitehandsaminga førte i røynda til særs lite, han bar bod om omfattande partitaktiske vurderingar, og vil ikkje åleine attreisa tilliten til stortingspolitikarane og styringsverket. 

Desse ulike tilfella av økonomisk snusk og personleg inhabilitet er eit uttrykk for at det har utvikla seg ein «politikarklasse» i Noreg, eit sjikt i borgarskapen på toppen av samfunnet som på tvers av partigrenser lev sitt eige liv, avsondra frå vanlege folk som dei i valkampar og festtalar påstår seg å skulle tena. Hovudinteressa til mange av desse politikarane synast berre å vera å beskytta kvarandre og halda på eigne privilegier. 

Denne utviklinga har skote fart i takt med at store samfunnssektorar har vorte gjort om frå offentleg eigedom til ulike formar for private og offentlege aksjeselskap, som innan energiforsyning, post og jarnbane, eller styrt etter reine bedriftsøkonomiske prinsipp, som helseforetaka. 

Det moralske og kulturelle forfallet i dei høgaste statsorgana er eit av dei klåraste uttrykka for den rotnande norske kapitalismen. Allereie Friedrich Engels synte til at «I den demokratiske republikk utøver rikdomen si makt indirekte gjennom for det første embetsmannskorrupsjon (Amerika) og for det andre gjennom alliansen mellom regjeringa og børsane» (Frankrike.)» Vi kan med trygg visse slå fast at dette i vår tid òg gjeld for kongedømet Noreg. Den personalunionen som i stadig aukande grad eksisterar mellom det politiske styringsverket, det offentlege embetsverket og kapitalen er eit særmerke ved dette nivået av imperialismen, og kan berre avskaffast ved at sjølve dette systemet vert avskaffa.  

Artikkel frå Revolusjon nr. 64, våren 2024.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre