torsdag, 13 12 2018

Om dei ikkje nyttar vetoretten mot ACER-forordninga og elmarknadsdirektivet, så forsvinn òg restane av vørdnad arbeidarane og folket måtte ha for borgarlege og sosialdemokratiske politikarar.

Kraftverk i Stor-Elvdal. Foto:  NVE/Arne HamarslandKraftverk i Stor-Elvdal. Foto: NVE/Arne HamarslandDet går føre seg eit opprør i landet mot at regjeringa vil lata EU og storkapitalen gradvis taka styringa over folkets eigedom. Denne gongen over energien og krafta vår.

Etter at folket for andre gong sa nei til norsk medlemskap i EU (då EF), skulle fisk, landbruk, energi, kontinentalsokkelen, utanriks- og tryggingspolitikk haldast heilt utanom EØS-avtala, husmannskontrakten som utan folkerøysting vart tredd ned over folket.

Åra som har gått syner at det var narrespel. På alle desse områda har vekslande regjeringar lete EU få større innpass, anten i form av ulikt kvotebytte eller meir direkte gjennom at Noreg har vorte integrert i ymse EU-byrå og samarbeidsorgan. Påskotet har oftast vore at dette var «naudsynt» på grunn av EØS-avtala. På dette viset har Noreg til dømes vorte ein meir aktiv partnar i militærprosjektet til EU enn ein medlemsstat som Danmark.

No gjeld det energien som Noreg som industrinasjon er bygd på dei siste hundre åra. Framfor alt den reine vasskrafta frå fossefalla våre, men òg olja og gassen som har gjort Noreg til eit av verdas rikaste land av di ressursane i stor grad har vorte nytta til å sikra samfunnet sine behov.

I denne omgang gjeld det ikkje den formelle eigedomsretten til krafta, men styringsretten. Det vil seie korleis, og i kven sine interesser, energien skal kunne nyttast. Marknaden og dei store kapitalinteressene vil ha vekk alle stengsler, tekniske som nasjonale. Slik som med drikkevatnet, er vasskrafta område som er unndrege verdilova sitt virkeområde, det vil seie at prisen i avgrensa grad er fastsett av marknaden. I staden er han heilt eller delvis regulert og tariffert for å tene samfunnsmessige omsyn.

Alle slike sperrer for kapitalkreftene sitt frie spill vil monopolenes EU ha bort. Nasjonale politiske organ skal ikkje lenger få ha siste ord, det er EU-kommisjonen og deira byrå som skal avgjera.

Det er nett dette 3. energimarknadspakke frå EU handlar om, sjølv om ho vert pynta opp med vene ord om «grøn» energi og klima. Norsk straum er frå før av så grøn og fornybar som han kan bli. Målet for EU er ein energimarknad utan stengsler for at prisane skal verte jamna ut til føremon for monopolkapitalistisk storindustri og internasjonale energikonsern. Det kan innebere å drenere vekk det som i dag er rein og billeg kraft vekk frå norsk kraftforedlande industri gjennom endå fleire mellomlandskablar. Europeisk prisutjamning tyder dyrare straum i Noreg, medan han kan verte rimelegare i nokre EU-land. Energibyrået ACER er reiskapen som skal syta for alt dette. Byrået har fullmakter på fleire område, og desse vert snart utvida. No er EU i ferd med å vedta den fjerde energipakka som skal syta for at energiunionen kjem på plass om få år – saman med bankunionen og militærunionen.

Det er direktiva og forordningane i denne tredje energimarknadspakka som regjeringa og Stortingsfleirtalet vil innlemma i norsk lov. Dette inneber at Noreg vert husmann på energiområdet. Som formelt sjølvstendige land utanom EU, men del av EØS-området, vert det konstruert «løysingar» der EFTA-statane Island, Noreg og Liechtenstein vert indirekte kommandert av EU. Om ingen av parlamenta seier nei, har EFTA-pilaren i EØS gjeve grønt lys for at deira «eige» overvakingsorgan ESA set vedtaka som kjem frå EU og ACER ut i livet.

For å kamuflera denne suverenitetsavståinga til EU og ACER, vil regjeringa oppretta ein heilt sjølvstendig og «upåverkeleg» reguleringsmyndigheit for energi (RME). Dette forvaltningsorganet skal styra kapasitetsflyten i kraftlinene (og snart røyrleidningane) etter ordre frå EU og ACER. I Noreg skjer det ved at RME tek imot desse ordrane frå ESA. Forvaltaren RME kan ikkje instruerast av norske styresmaktar på noko vis. Lovteksten som ligg føre seier dette med reine ord, av di dette er ein føresetnad i elmarknadsdirektivet frå EU. 

Alle skjønar at dette er eit grovt inngrep i norsk suverenitet. Men regjeringa og fleirtalet på Stortinget vil ikkje eingong nytta grunnlova sin suverenitetsparagraf når spørsmålet skal handsamast. Det er fordi dei – og EU – risikerer å gå på eit nederlag ettersom § 115 krev tre firedeler tilslutning frå Stortinget. Det vil vere det same som eit veto mot direktiv og forordningar.

Store deler av folket og nesten heile fagrørsla er i opprør mot at ACER og EU skal styra norsk energipolitikk. Opprøret rettar seg òg i aukande grad imot eit rotnande politisk system som omgår sine eigne lover og krenkjer folkemeininga og sjølvråderetten.

Arbeidarpartiet sit med kjøtvekta som kan stogga underordning for EU og ACER. Men toppane i sosialdemokratiet er på full kollisjonskurs med eige grunnfjell og med fagrørsla. Det er nytt og historisk at dei ikkje vil ta til fylgje krava frå LO sine største forbund og LO sentralt.

Vi står ved eit historisk skiljepunkt kor vi ser ein folkefront i utvikling. Ein folkefront som samlar arbeidarar og vanlege folk med ulike politiske syn imot makthavarar som ikkje har vørdnad korkje for grunnlova, folkeviljen eller demokratiet.

Om dei ikkje nyttar vetoretten mot ACER-forordninga og elmarknadsdirektivet, så forsvinn òg restane av vørdnad arbeidarane og folket måtte ha for borgarlege og sosialdemokratiske politikarar. Då veit vi med visse at det trengs eit anna demokrati, eit folkedemokrati. Det kan ikkje bety anna enn eit sjølvstendig, arbeidarstyrt og sosialistisk Noreg.

Stogg ACER og energiunionen! Nei til eit Noreg og eit Europa styrt av monopolkapitalen!

Personvern