I 2024 er det 30 år sidan den siste folkerøystinga om EU-medlemskap. Vi greier oss godt utanfor EU.
Samstundes er det 30 år sidan EØS-avtalen vart sett i kraft, og Norge vert tettare og tettare knytt til EU. Samstundes har EU sidan 1994 vorte ein stadig tettare og meir overnasjonal union.
Utanfor EU har Norge råderett over landbruks- og fiskeripolitikken, og Norge har ei eiga røyst i internasjonale fora. Norsk produksjon og foredling av mat er avgjerande for beredskapen i Norge og busetnaden i distrikta. Folkestyre, miljø og solidaritet er framleis kjerneord i kampen vår mot EU-medlemskap. Samstundes er ikkje Nei til EU samde i forteljinga om at det hjelper norsk økonomi å knyte seg tettast mogleg til EU.
I september 2024 la den tidlegare europeiske sentralbanksjefen, Mario Draghi, fram ein rapport om europeisk konkurransekraft. Der vart det peikt på at EU i lang tid har hatt ein svak vekst, utan at dei har greidd å snu trenden. Det vert også trekt fram at europeiske selskap møter hardare konkurranse frå utanlandske konkurrentar og har fått avgrensa tilgang på utanlandske marknader. Den indre marknaden i EU har vore prega av økonomisk stagnasjon samanlikna med andre delar av verda. Norge er eitt av landa i Europa som har hatt sterk økonomisk vekst dei siste 30 åra – og det har skjedd medan vi har stått utanfor EU!
EØS-avtalen er dynamisk, og den har utvikla seg til å vera svært inngripande på nasjonal politikkutforming. EØS-avtalen inneber at EU-lov står over norsk lov i EØS-relevante saker. Dette inneber innlemming av EUs politikk på ei rekkje viktige område. EØS-avtalen har gjeve styresmaktene ei svekka verktykasse med omsyn til å drive ein aktiv næringspolitikk. Utholinga av tollvernet og auka import av landbruksvarer frå EU, fører til mindre verdiskaping knytt til norsk landbruk. Mykje på grunn av lågare toll på ubearbeidd fisk, går ein stor del fisk i Norge ubearbeidd ut av landet, og skaper arbeidsplassar i EU i staden for i Norge. På det viset tryggjer ikkje EØS-avtalen norske arbeidsplassar, men set dei i spel. Utanfor EU har Norge vetorett. Norge må nytte vetoretten til å seie nei til EU-politikk som svekkjer demokratiet, faglege og sosiale rettar, og som svekkjer nasjonal kontroll over naturressursar.
EØS-avtalen omfattar ikkje EU sin pengeunion og felles valuta. Norge har ein økonomi der kronekursen i stor grad følgjer olje- og gassprisen. I og med at Norge har ei fleksibel inflasjonsstyring og ein flytande valutakurs, kan vi nytte pengepolitikken til å fremje omsyn som er spesifikke for Norge. Klimaomstillinga med redusert bruk og utvinning av olje og gass, set også Norge overfor særskilde økonomiske utfordringar i åra framover. Ein eigen valuta og ein relativt svak kronekurs, gjev bedriftene drahjelp for å utvikle ny eksportretta industri. Ikkje minst er det også positivt for turistnæringa. Norge må halde fram med sin eigen pengepolitikk.
I 1972 og 1994 sa det norske folket nei til norsk EU-medlemskap. Sidan då har EU-motstanden jamt over vore høg. Fleirtalet mot EU-medlemskap er høgt og stabilt på meiningsmålingane. Vi har vunne to folkerøystingar. Vi er ikkje redde for å få ei tredje – vi skal vinna den òg.
30 år etter førre folkerøysting, har vi framleis folket med oss – Noreg står seg best utanfor EU. Nei til EU står framleis på barrikadane for folkestyre, miljø og solidaritet. EØS-avtalen gjev EU for mykje makt i Norge. Derfor vil Nei til EU erstatte EØS-avtalen med ein jambyrdig handelsavtale.
Uttale vedteke på Nei til EU sitt landsmøte 10. november 2024.