«Aurora» blir den største militærøvinga i Sverige på over 20 år. 

Fra en tidligere Cold Response-øvelse ved riksgrensa mellom Sverige og Norge. Nå trekkes hele NATO inn. Fra en tidligere Cold Response-øvelse ved riksgrensa.
Foto: © Forsvarets mediearkiv.
20000 soldatar frå ti NATO-land skal delta og prislappen er på 583 millionar kroner. Landsetting av soldatar i Gøteborg by er òg ein del av øvinga som finn stad i september.

Dette er ei NATO-øving, men kan leggast på svensk territorium fordi Sverige inngjekk ei vertslandavtale med NATO i 2016. Det betyr at alliansen kan bruke svensk område til militærøvingar og oppmarsjområde mot Russland i tilfelle av krig. Det er ikkje mykje igjen av den nøytralitetspolitikken som svenske styresmakter smukkar seg med.

Sverige er som kjent ikkje medlem av NATO, men blir trekt tettare og tettare inn i NATOs aktivitetar. Det skjer utan politisk handsaming. Og nå skal Østersjøen gjerast til eit krigens hav i NATOs opprustning. Det er ikkje akkurat eit bidrag til å minske spenninga i Europa.

Bakteppet for øvinga i september er at USA ynskjer å trene på å flytte soldatar frå Trøndelag og fram til Østersjøkysten som ledd i opptrappinga av aktiviteten mot Russland. Bruk av dei amerikanske førehandslagra av materiell i Norge inngår i programmet. Dette var ein viktig årsak til at det hasta med å få på plass ein permanenet base for 330 soldatar frå US Marine Corps på Værnes. Norge og Finland har òg blitt bedt om å delta med soldatar.

Planane for denne massive NATO øvinga er ikkje politisk behandla i Sverige og det har vekt harme.

I 2017 er det hundre år sidan oktoberrevolusjonen i Russland. Det var panserkryssaren «Aurora» som fyrte dei første skudda mot Vinterpalasset og gav startskuddet for revolusjonen. Med tung symbolikk held NATO øvinga under samme namn og den er sjølvsagt retta mot Russland. Dei frekkes nådegave kjenner ingen grenser.

Fredsrørsla i Sverige og Norden seier Stopp Aurora 17. Det er planlagt protestaksjoner i Göteborg 16. og 17. september. «Stopp Nato» vil delta i dette arbeidet.

Les mer om nettverket og aksjonsplaner på: http://stoppaaurora.se/

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.