m109a6 howitzerLangtrekkjande feltartilleri er noko av det som partiet Raudt/Rødt vil løyve nye forsvarsmilliarder til. Biletet viser ein Haubitzer M109.

I sitt framlegg til statsbudsjett for neste år vil Raudt auka løyvingane til krigsførebuingar med 188 millioner meir enn den NATO-blå regjeringa!

Regjeringa lagt fram eit framlegg til budsjett for Forsvarsdepartementet (FD) på kr 60 977 376 000, altså kring 61 milliardar kroner. I proposisjonen heiter det at «(R)egjeringens målsetting om å bevege seg i retning av å bruke to pst. av BNP til forsvarsformål ligger fast. Regjeringen legger også opp til en høy investeringsandel i mange år fremover, langt over NATOs målsetting om minimum 20 pst. av forsvarsbudsjettet».

I forlenginga av dette har dei ulike partia på Stortinget og lagt fram sine alternative budsjettframlegg. I tillegg til økonomiske omprioriteringar innheld desse framlegga  partias eigne politiske vurderingar og synspunkt på forsvarsfeltet.

For antikrigsaktivistar, NATO-motstandarar og andre progressive kan det vera interessant å sjå på Raudt sitt alternative framlegg til forsvarsbudsjett.

Raudt skriv at det på sikt ønskar å byggje eit nordisk forsvarssamarbeid som alternativ til NATO. Partiet går inn for å styrka hæren med fleire soldatar og meire materiell (luftvern, langtrekkjande artilleri), styrka sjøforsvaret og kystvakta, og styrka Heimevernet (HV) med auka øving og auka mannskapsstyrken der frå 40 000 til 45 000 soldatar, samt gjenoppretta Sjøheimevernet. (Punktet om HV er i tal og prioriteringar for øvrig identisk med eit framlegg frå Senterpartiet.)

Vidare vil Raudt kutta i norske militæroperasjonar i utlandet, kutta tilskotet til dei amerikanske basane i landet, samt kutta vidare basebyggjing for og anskaffing av jagerbombeflyet F-35. Partiet vil òg løyva pengar til norske freds- og atomnedrustningsorganisasjonar .

Men noko som er særleg interessant er pengebruken, kva partiet vil nytta på militærvesenet i kroner totalt.

Raudt har fått ein del oppslag i media på sitt alternative framlegg til statsbudsjett, men mest på andre budsjettområde. Framlegget til forsvarsbudsjett frå partiet har så langt fått best dekning i Forsvarets Forum kor det er eit intervju med Bjørnar Moxnes 14. november, i artikkelen «Opposisjonens budsjetter: Mer til hæren i nord».

Raudt vil løyva 188 mill. meir enn den blåblå NATO-regjeringa

Her går Moxnes inn på dei militærpolitiske prioriteringane til partiet, samt seier at der Raudt kjem med framlegg til kutt i einskilde postar i regjeringa sitt framlagte forsvarsbudsjett, så vil partiet la dette gå til tilsvarande auke av andre postar i budsjettet til Forsvaret, samt nokre fleire millionar for godt mål.

Slik vil Raudt til samanlikning løyva 188 millionar meire enn regjeringa til Forsvaret for 2020. Dette er rett nok nokre få hundre millionar mindre enn høvesvis Senterpartiet og Arbeiderpartiet kjem med framlegg om i sine alternative budsjett, men Raudt kjem godt etter!

Og Raudt forsikrar dei som måtte tru dei er uansvarlege med at budsjettframlegget i sin heilskap «er finansiert på ein realistisk og gjennomførbar måte».
 
Av storingspartia har Raudt/Rødt markert seg klårast i sin kritikk av utanlandsoppdrag for NATO, kjøp av nye jagerfly og utanrikspolitisk dilting etter USA. Men når det gjeld summen av løyvingar til militærapparatet går partiet med dette lengre enn den krigskåte regjeringa til NATO-partia Høgre og Framstegspartiet i å oppfylla NATO-målet om å auke krigsbudsjettet til to prosent av bruttonasjonalproduktet.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.