Det er mykje aktivitet på gong mot øvinga Trident Juncture.
– Vis din protest og meld deg som aktivist, oppmodar Stopp NATO-leiaren i dette intervjuet.
Stopp NATO er ein ganske nyskipa organisasjon, men har likevel vorte ei drivkraft i å mobilisera til motstand mot krigsøvinga Trident Juncture denne hausten.
– Det er varsla aktivitet mot øvinga over heile landet. Kan du seie litt om kva som skjer, Steinar Eraker?
– Det blir protestmarkeringar på ei rekke plassar. Det blir demonstrasjon i Trondheim 20. oktober og demonstrasjonar i Oslo og Bergen 27. oktober. I tillegg blir det jobba for å få til eit utendørsmøte i Sandnes den 13. oktober.
Eraker fortel at hovudmarkeringa blir i Trondheim 20. oktober. Den rettar seg òg inn mot US Marines-basen på Værnes. Her fins det ein aktiv lokal aksjonskomité.
Teksten held fram under biletet.
Stopp NATO og andre komitear som vil ha Noreg ut av militæralliansen, står skulder ved skulder i protestane mot denne øvinga.
Ei lang rekke organisasjonar med ulikt opphav, frå IKFF og Bestemødre for fred til– Korleis er samarbeidet mellom dei ulike freds- og antikrigsgruppene?
– Samarbeidet har gått veldig bra, seier Eraker. – Grunnlaget blei lagt under protestmarkeringa mot den store NATO-øvinga i Sverige sist haust, Aurora 17. Då var det fleire organisasjonar og grupper som gjekk saman for å mobilisere til arrangementet i Gøteborg. Dette blei ført vidare på møtet på Litteraturhuset i Oslo 9. april som var eit startskot for protestane mot TRJ 18.
I Oslo og Bergen er det samarbeid mellom ulike fredsorganisasjonar som står bak demonstasjonane 27 oktober. Stopp NATO spelar òg her ei viktig rolle.
– Det viktigaste øvingsområdet er i Midt-Noreg. Kva for aksjonar er planlagde og korleis vil de mobilisere?
– I Trondheim er det planlagt demonstrasjon med oppmøte i Tordenskioldparken. Her blir det hovudtale ved Erling Borgen og appellar frå m.a. Stopp NATO. Etterpå blir det tog til Folkets Hus der det skal vere eit ope møte i regi av LO Trondheim. Hovudparolen er sjølvsagt mot TRJ 18, men det blir òg retta søkelys på US Marines og basen på Værnes.
– Oppslutnaden om NATO har vore sterk hjå mange nordmenn. Korleis reagerer folk de pratar med på stand og møter mot øvinga?
– Vårt utgangspunkt er at NATO aldri vil skape fred.
– Vårt utgangspunkt er at NATO aldri vil skape fred. Difor er det viktig å slå hol på myten om at Norge som ein liten nasjon må vere med i alliansen, understreker Eraker. Han fortel at aktivistane møter mange som har klokkartru på NATO som forsvarsallianse og ikkje som den sterke og aggressive part andsynes Russland. Men dei mange utanlandsoperasjonane dei siste to tiåra, der Norge har delteke, har nok gjort at fleire har fått eit meir nyansert syn.
– Og mange er oppriktig skremt over TRJ 18, seier Steinar Eraker. – Dei reagerer på det voldsomme omfanget, og at øvinga skal strekke seg heilt til Austersjøen og samstundes omfatte dei alliansefrie landa Finland og Sverige. Mange ser på den som ei krigsøving som vil auke spenninga i våre område.
– Denne øvinga vil koste skattebetalarane dyrt. Ho vil òg øydeleggje natur og dyrka mark. Kva seier til dømes miljø- og naturvernorganisasjonane?
– Det er mange som er opptekne av miljøaspektet ved både denne og andre militærøvingar. Men det er helst folk innafor fredsrørsla. Miljøorganisasjonane har vi så langt høyrt lite frå, men det er ikkje for seint for dei å hekta seg på!
For det er absolutt grunn til å trekke fram miljøaspektet ved TRJ 18. Vi må hugse på at 8000 kjørety skal ut på vegane. Dette er stort sett tunge maskiner og lastebilar som lagar store sår i naturen i tillegg til at dei har eit monaleg utslepp til luft. 8000 kjørety blir ei kolonne på 92 km, avstanden Oslo–Kongsvinger.
I tillegg kjem bruk av øvingsammunisjon i stort omfang. Det fører med seg store utslepp av tungmetall til naturen, som ingen har kontroll på.
– Slutt opp om protesmarkeringane og vis din motstand!
– Mange vil vise sin motstand mot denne krigsøvinga. Om du skal kome med ei oppmoding til slutt: Kva kan folk gjera, kven kan dei kontakte og kor finn dei meir informasjon?
– Det er viktig at folk som vil vise motstand engasjerer seg og sluttar opp om protestmarkeringane som blir i oktober. Vi treng aktivistar til diverse oppgåver, og eg oppmodar sjølvsagt folk til å melde seg inn i Stopp NATO og til å stø kampanja.
Informasjon om arrangementa ligg på facebooksidene Stopp NATO og Aksjon mot Trident Juncture. Og sjølvsagt på nettsida vår, stoppnato.no
Her kan folk sende melding til Stopp NATO eller dei kan ringe telefon 405 20 486.
Dette intervjuet står å lese i Revolusjon nr. 53 (2/18) og inngår i bladets temasider om krigsøvelsen Trident Juncture og den omfattende militariseringa som nå pågår i Europa.