18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

mao folketshall

Folkerepublikken Kina vart utropt av Kinas Kommunistiske Parti (KKP) ved sin formann Mao Zedong 1. oktober 1949.

Dette skjedde etter ein lang og omfattande militær folkekrig leia av dei kinesiske kommunistane, som hadde vunne den militære kontrollen over heile fastlands-Kina hausten 1949.

Kina har 4000 år med historie, kultur og tradisjonar, men hadde i det siste hundreåret før 1949 falle sterkt tilbake på alle område både økonomisk, politisk og kulturelt. Landet var i røynda delt opp i ei rad mindre område styrt av lokale krigsherrar og adelsmenn som låg i stadig krig med kvarandre, og det rådde føydale samfunns- og eigedomstilhøve. Det svake og fragmenterte keisarriket måtte gje ei rad politiske og økonomiske konsesjonar til Storbritannia, Frankrike, USA, Tyskland, Japan og Russland utover på 1800-talet, og var i røynda lite anna enn ein koloni under desse landa.

Kamp mot og med Kuomintang

Krigen som la grunnlaget for opprettinga av Folkerepublikken Kina starta i 1927 mellom Kinas nasjonalistparti, Kuomintang, og KKP. Han gjekk gjennom ei rad ulike faser med varierande alliansar, kaos, borgarkrig og intervensjonar. I perioden 1937–1945 var Kina direkte og via ulike lokale quislingregime brutalt okkupert av Japan, og mange millionar kinesarar vart drepne som ein følgje av denne okkupasjonen. I denne perioden eksisterte ein nasjonal og taktisk allianse mellom KKP og Kuomintang, då dei militære kreftene for det meste vart sameinte for å slå den felles fienden, men motseiingane skjerpa seg og nye krigshandlingar starta frå 1946. Frå 1946 og fram til 1949 deltok òg amerikanske og britiske soldatar, krigsskip og rådgjevarar i krigen på Kuomintang si side.

Dei kinesiske kommunistane utvikla omfattande og smidig politisk og militær taktikk gjennom denne langvarige krigen. Dette gjekk kort fortald ut på å kjenna til lokale tilhøve, arbeida aktivt for å vinna folkemassane over på si side politisk, og ved å nytta og gruppera dei militære styrkane sine på ulike vis alt etter som desse var i ein defensiv eller offensiv posisjon. Sentralt her var etablering av ulike baseområde rundt om i Kina. Det fyrste klåre organisatoriske uttrykket for etablering av eit slikt baseområde var sovjetrepublikken Jiangxi, som var eit frigjort område heldt militært av KKP i perioden 1931–1934. KKP hadde under det meste av denne langvarige krigen òg militær bistand og rådgiving frå Komintern.

Stort sprang frå føydalismen

KKP starta etter at folkerepublikken var proklamert arbeidet med bygging av sosialismen. Dette medførte ein del særeigne utfordringar grunna den sterkt tilbakeliggjande økonomien, kor det store fleirtalet av det kinesiske folket var bønder som levde under slaveliknande tilhøve på landsbygda, og kor det berre i delar av landet var utvikla litt industri, med ein tilsvarande liten arbeidarklasse som resultat. Landbruket, som var sterkt prega av føydale produksjons- og eigedomstilhøve, måtte følgjeleg ha høg prioritet, og det vart starta omfattande omfordeling og kollektivisering av jorda. Det vart i fyrste omgang organisert 750 000 kollektivbruk over heile landet. Dei fleste av desse vart frå og med 1958 omgjort til 24 000 folkekommunar, som fekk utvida sosiale, administrative og politiske fullmakter. Vidare vart den vesle industrien og infrastrukturen som var i landet nasjonalisert, og det vart satsa på byggjing av tungindustri etter mønster frå Sovjetunionen. Dette vart etter kvart, med varierande hell, freista gjennomført m.a. ved «Det store spranget» i perioden 1958–1961, kor byggjing av stålverk i kvar einaste kommune i landet vart satt som mål.

Andre omfattande oppgåver var oppretting og utvikling av helse- og utdanningsvesen, som hadde vore omtrent ikkje-eksisterande bortsett frå i dei større byane og blant overklassen og det talmessig vesle småborgarskapet.

KKP reiste saman med Arbeidets parti i Albania (APA) ein stor og viktig ideologisk og politisk kamp mot den moderne revisjonismen som voks fram i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) og mot avviklinga av sosialismen etter kontrarevolusjonen der i 1956. Denne kampen fekk mykje å seia for utviklinga i den kommunistiske rørsla, han var av avgjerande betydning for byggjinga av nye kommunistiske parti og organisasjonar rundt om på 1960- og 70-talet.

Ei sosialimperialistisk supermakt

Dagens Kina er eit statskapitalistisk og sosialimperialistisk land, ei oppstigande supermakt i rivalisering med USA. Eit nytt borgarskap tok makta i landet i ein kontrarevolusjon etter at Mao døydde 1976, og trass i alle raude fraser og retorikk har Kina vorte det nye borgarskapet sitt diktatur over arbeidarklassen og dei arbeidande bøndene. Kina fleksar økonomiske og politiske musklar på alle kontinent, driv omfattande kapitaleksport, byggjar opp militære styrkar for å kunne ivareta interessene sine på verdsbasis og har vorte det framste dømet på sosialimperialismen i vår tid – sosialisme i ord og imperialisme i handling. Eit sosialistisk Kina fordrar ny sosialistisk revolusjon.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre