onsdag, 13 11 2019

1.mai-merke fra 1906. Foto fra Arbeiderbevegelsens arkiv.

Då åttetimersdagen vart lovfesta 1. juni 1919 var det resultat av mange år med kamp, og under sterk påverknad frå den sosialistiske omveltinga i Russland.

I 1889 bestemte ein fagleg konferanse i Paris at 8-timarsdagen skulle vera den felles internasjonale kampsaka for fagrørsla, og 1. mai den felles kampdagen. Parolen var 8 timar arbeid – 8 timar kvile – 8 timar fritid.

Kravet blei òg reist i Norge år etter år, men lite skjedde før 2. mai 1918. Då tok fleire tusen arbeidarar i Trondheim 8-timarsdagen, heilt bokstaveleg. Dei gjekk heim frå jobben etter åtte timars arbeid.

«Raadene opfordrer til upholdelig at kræve indført normal arbeidsdag med bibehold av fuld løn. Imøtekommes ikke dette krav inden 1. mai, maa arbeiderne selv fra og med 2. mai ta 8 timersdagen. Motstand og eventuelle trakasserier vil fra arbeiderne bli møt med planmæssig gjennemført sabotage eller streik.» Arbeiderrådenes landskonferanse mars 1918.

Det var ei vel planlagt markering. Oppmodinga hadde gått ut frå ein arbeidarrådskonferanse tidlegare på våren: Har vi ikkje fått 8-timarsdagen innan 1. mai, tar vi den 2. mai. Arbeidarråda var meir aktivistiske enn toppen av fagrørsla, og meir direkte inspirerte av revolusjonen i Russland året før.

Smaksprøve hjå Freia

På ein del arbeidsplassar var 8-timarsdagen alt innført, med lokale avtalar, og somme stader med humant innstilte arbeidsgivarar. Throne Holst, den tids eigar av Freia sjokoladefabrikk i Oslo, var ein av desse. Han sørga for at arbeidstida per veke gradvis vart redusert frå 60 timar i 1898, og han var tidleg ute med 8-timarsdagen. På Freia vart 8-timarsdagen innført i starten av 1918, altså før arbeidarråda sendte ut sin parole.

8 timer for (nesten) alle

Hovudsaka med parola frå arbeidarråda og dei aksjonane som kom 2. mai var å få fastslått 8-timarsdagen for alle, slik at ein ikkje skulle vera avhengig av velvilje og humanistisk innstilling hos dei einskilde arbeidsgivarane.
Under trugsmål om at aksjonane ville halde fram, ga kapitalmakta etter. Lovfestinga kom i juni 1919.

Men loven omfatta ikkje alle. Det gjaldt til dømes for mange i varehandel og kontor. Sjukepleiarane fekk ikkje åtte timers arbeidsdag før i 1937.

Kamp for sekstimarsdagen

I dag står kampen for sekstimarsdagen. Den er heller ikkje av ny dato. I 1928 gjennomførte Borregård fabrikker ei omfattande rasjonalisering som førte til ei «bedriftsinnskrenkning på 300 mann». Borregårdsarbeidarane kravde at gevinsten av rasjonaliseringa skulle komma arbeidarane til gode, og at bedrifta skulle innføra sekstimarsdag (Norges kommunistblad 27.11.1928). Dei vann ikkje fram med kravet.

I fleire tiår har det vore prata om seks timars arbeidsdag for å hjelpe folk ut av tidsklemme og for å møte automatiseringa i arbeidslivet. Sett bort frå nokre eksperimentbedrifter, har lite skjedd. Skal vi vinna sekstimersdagen må han tas, nett slik det skjedde med kampen for åttetimersdagen.

Teksten er i stor grad bygd på ei innleiing halden av Magnhild Folkvord på Trondheimskonferansen 2019.
Heile manuset hennar finn du på 
www.loitrondheim.no

Likte du det du leste? Vipps noen kroner til Tidsskriftet Revolusjon #114366 eller bruk Donér-knappen nedenfor.

Tusen takk for bidraget!