18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

nissen et livistridAdam Egede-Nissen og den russiske revolusjon

Sympatien for bolsjevikrevolusjonen i Russland og Lenin sine teoriar var sterk i heile Europa, også i Norge. Denne skildringa frå Stavanger gjev eit levande innblikk i stemninga som rådde fleire stader i landet i desse turbulente åra.

Måndag 21. juli 1919 tok ei stor folkemengd seg inn på jernbanestasjonen i Stavanger. Under synging av Internasjonalen og bak raude flagg gjekk dei ut i skjenegangen og sette seg ned. Slagorda lydde taktfast og kunne høyrast over heile byen. Samstundes tok ei anna folkemengd seg fram til hamna og innleia ei effektiv blokade av den.

Kva hadde skjedd i den fredelege vestlandsbyen denne varme sommardagen i 1919? Var det smitte frå den russiske revolusjonen som hadde slått ut?

Byen sitt borgarskap var skaka. Dei visste utmerka kva som hadde skjedd i Russland to år tidlegare, Og no følte dei at makta og privilegia var trua. Stavanger som i hundre år hadde vore mest kjent for bibel, misjon, sjøfart og brisling var plutseleg på randa av ein revolusjon. Sympatien for bolsjevikrevolusjonen i Russland og Lenin sine teoriar var sterk i heile Europa, også i Norge.

Ein raud orførar

Etter revolusjonen i 1917 hadde den norske regjeringa sett inn større ressursar på å hindre at «sosialistiske ideer blir forsøkt plantet i landet». Man begynte rett og slett overvaking av mistenksomme deler av almuen. I Stavanger var dette særleg aktuelt fordi byen hadde fått ein raud ordførar i 1915; Adam Egede-Nissen.

Det blei frå politimeisteren slått fast at det nå gjaldt å halde auge og øyre opne og følge med. Ikkje berre det som blir snakka og kviskra, men og det som blir tenkt. Tankens makt kunne vere farleg iallefall for dei som hadde makta.

Folkemengda som sat i skjenegangen på jernbanen og som blokkerte hamna hadde berre eitt politisk krav: «Opprett diplomatiske forbindelser med bolsjevikregjeringen». Korkje meir eller mindre. Leiar for den rasande folkemengda var Adam Egede-Nissen, postmann og ordførar i Stavanger. Og ikkje minst i alle samanhengar ein varm forsvarar av proletardiktaturet. For han var det heilt naturleg at han skulle stille seg i spissen for den demonstrerande folkemengda.

Ein «terroraksjon frå suspekte sjeler»

Aksjonane i Stavanger var lekk i ein landsomfattande generalstreik. Men det var her den var mest effektiv, så vellukka at militære styresmakter vurderte å sette inn krigsskip. Dei planane blei stoppa av byen sin politimeister.

Men aksjonen sette sitt preg på byen og ikkje minst i avisene etterpå. Stavanger Aftenblad var ikkje eit sekund i tvil om at dette var ein terroraksjon. Og at det var «suspekte sjeler og mindreverdige individer» som følgde etter leiarane for demonstrasjonen. Seinare skjerpa avisa tonen og nå blir den til «ramp og mindreårige».

Rett nok tok avisa «1ste mai» parti for generalstreiken og støtta Adam Egede-Nissen.

Kven var så denne mannen. Internasjonalt var han kjent som Norges første og største bolsjevik. Dette hadde hans kontakt med mellom anna Lenin og Alexandra Kollontai sytt for.

Lokalt på Sør-Vestlandet var han kjent som den raude postmeister med den kvite flagrande sløyfa i frakken. Og som hadde klart å bli ordførar i Stavanger, eit verv han hadde frå 1915 til 1919.

Han var ekstremt flink til å organisere folk og med sine gode talegåver blei han ein mann som kunne gjere folk entusiastiske.

Men han var omstridt. Byen sitt borgarskap frykta han der han talte sitt «ugudelige budskap om frihet, likhet og brorskap», for ikkje å snakke om den vederstyggelege bodskapen om sosialisme. Og at slik «en person skulle stamme frå Grønlands apostel, Hans Egede», det var nesten uhøyrt.

Barndom og ungdom

Adam Egede-Nissen var fødd på Øvre Rinnan i Trøndelag 29 juni 1868. Han tok examen artium og studerte filologi. Etter utdanninga tok han jobb som reisande postassistent langs kysten av Nord Norge. Seinare blei han konstituert som postmeister i 1890.

I 1890 danna han og Bergen Postmannslag. Det var starten på hans politiske karriere som skulle få sitt virke først og fremst i Nord Norge. Her danna han avhaldsforeininga «Solrenning» med fiskarar, arbeidarar og nokre lærarar som medlemar.

Når dette var gjort starta Egede-Nissen sitt intense politiske opplysningsarbeid. Dette skulle bli det politiske fundamentet for hans seinare virke som organisator og agitator, først i Radikale Venstre seinare som kommunisten Adam Egede-Nissen.

Stortingsmann

Egede-Nissen skulle få ei rikhaldig karriere på Stortinget. Han er den einaste som har representert tre ulike parti. Første gong valt inn for partiet Venstre i 1900. Politisk støtta han seg på dei nystifta arbeidar- og fiskarforeiningane i Nord-Norge. På Stortinget vekte han oppsikt med sine radikale synspunkt, men han fant òg støtte. Under unionsoppløysinga i 1905 var han ein av dei få representantane som gjekk aktivt inn for at den sjølvstendige nasjonen, Norge, skulle bli ein republikk

I 1906 gjekk han over til Arbeidarpartiet, men veljarane svikta han ikkje. Han blei attvald til Stortinget.

Her jobba han ivrig for at dei russiske bolsjevikane skulle få halde sin kongress i Oslo sidan dei var illegale i Russland. Men han fekk nei av regjeringa. Lenin og hans folk måtte legge kongressen til London.

Etter ein pause som ordførar i Stavanger blei han på nytt valt til Stortinget i 1921. Og då splittinga og danninga av Norges Kommunistiske Parti kom i 1923, følgde Adam Egede-Nissen med og NKP skulle bli hans tredje parti som folkevalt og agitator.

Kontakten austover

Alt i 1901 kom Adam Egede-Nissen i kontakt med russiske kommunistar og han fekk sympati for deira ideologi og sak. På den tida oppheldt han seg i Nord Norge og saman med Ellisif Wessel i Kirkenes starta han trykking av brosjyrar for dei russiske kommunistane.

Utstilling om den russiske revolusjonen og Norge (2005). © Foto: JRSUtstilling om den russiske revolusjonen og Norge (2005). © Foto: JRSDette skjedde på eit trykkeri i Vardø kor brosjyrane blei smugla vidare inn i Russland via Arkhangelsk, skjult i fisketønner saman med fisk.

Men så ein dag skjedde ei ulukke på kaia. Ei av tønnene ramla ned og blei knust i fallet. Fisk og kommunistiske brosjyrar overalt. Det måtte ryddast, ikkje berre på kaia. Det offisielle forholdet til tsarens Russland blei anstrengt og trykkeriet i Vardø blei stengt.

Adam Egede-Nissen hadde høg status i bolsjevikpartiet og sympatien hans med dei kommunistiske ideane var årsaka at han gjekk over til Arbeiderpartiet i 1906. Han var ein personleg ven av Lenin, som han besøkte fleire gonger også etter at han blei ordførar i Stavanger.

Kven var Adam Egede-Nissen?

Dei beste svara på dette spørsmålet får vi ved å sjå på hans praksis. Alltid i dei svake og undertrykte si teneste. Det var difor sjølvsagt at han som ordførar skulle organisere og leie aksjonen i Stavanger i 1919. Han viste at dette skulle bli ei belastning for han og hans familie. Han visste at borgarpressa ville gå amok i sine skriverier, og han frykta kva borgarskapet kunne finne på.

Men han var òg klar over at det var unntak innan datidas massemedia. Avisa «1ste Mai» var eit av dei og avisa svikta ikkje då dei langa ut mot den borgarlige presse som «på slimdyrvis brukte løgnen og uhumskheten mot ærlige mands ferd. De organiserte arbeidene stod som uplettede skjold overfor stinkdyrene».

Avisa la ikkje fingrane i mellom. Men borgarskapet ropa på hemn og fekk det. Nå måtte ein reinske opp ein gong for alle. Adam Egede-Nissen blei tiltalt og dømt. Han fekk 200 kroner i bot, 200 kroner i sakskostnader og seks dagar i fengsel.

Og han mista jobben som ordførar. Men han hadde klart å så frø av håp inn i byens arbeidarklasse og undertrykte, og for Adam Egede-Nissen var nok det viktigast. Seinare var desse fremst på barrikadane og sytte for at Egede-Nissen på ny blei sendt til Stortinget i 1921.

Elev av Lenin og Stalin

Hans store arbeidsoppgåve i alle samanhengar var sosialismens siger og arbeidarklassens lykke. Han var alltid ein varm forsvarar av Sovjetunionen og elev av Marx, Lenin og Stalin. Lenin, som han hadde møtt fleire gonger både før og etter revolusjonen i 1917, sette stor pris på venskapen.

I 1948 prenta avisa «Friheten» ei helsingstale frå Alexandra Kolontai. Den var laga til Egede-Nissen sin 70-årsdag og her omtalar ho han som Norges første bolsjevik. Og han var ein sann forsvarar for arbeiderklassen og dei kommunistiske ideala heile sitt liv.

Men det er ingen tvil om at Egede-Nissen òg var ein omstridt mann. Motstandarar hadde han nok av, men samstundes var han respektert. Uvener og fiendar hadde han ikkje så mange av sjølv om han hadde eit temperament som kunne samanliknast med «tordenvær» og «lynnedslag». Hans viktigaste medarbeidar var alltid kona, Goggi Egede-Nissen.

Han var ein flammande talar og eit bål av vilje. Sjeldan har vel eit dikt passa betre til ein person enn Rudolf Nilsens kjente vers.

«Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn.
De som har tolmod og vilje og aldri i verden går hen
og selger sin store tanke, men kjemper til døden for den».

Kjelder for denne artikkelen er:

  • Stavanger Aftenblad
  • Alexandra Kolontai: «Norges første bolsjevik».
  • Sørfylket.no om Adam Egede-Nissen.
  • Gunnar A Skadberg: «Fattig – Stavanger».
  • Ei bok om Stavanger 1900 – 1940. Dreier Forlag.
  • Wikipedia.
  • Eivin Dahl: Kåseri i NRK 29/6 1962 om Adam Egede-Nissen.
  • Torgrim Titlestad: Stavanger. Norges røde by. Varmen Forlag.
Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre