19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

[Artikkel fra 2015] Vi skal ikkje gløyma at den mest aktive motstanden var det dei kommunistiske motstandsgruppene og partisanene i Finnmark som stod for.

red army flagI år er det 70 år sidan den andre verdskrigen var over. Grunna ulik dato for når meldinga om den tyske kapitulasjonen kom offisielt fram til dei ulike landa som var involvert so vert dagen markert på forskjellige dagar, den 8. mai her i Noreg, 7. mai i Storbritannia og Det britiske samveldet og 9. mai i Sovjetsamveldet, no Russland.

Krigen i Asia varte fram til 2. september 1945, då Japan kapitulerte. Den asiatiske krigsscena starta og tidlegare enn i Europa, ved det japanske åtaket på Kina i juli 1937, medan det som tradisjonelt har vorte sett på som den andre verdskrigen starta i og med det tyske åtaket på Polen 1. september 1939.

Omfang og bakgrunn 
for andre verdskrigen

Andre verdskrigen er den største og blodigaste krigen verda har sett, med kamphandlingar i alle verdsdelar og med omlag 72 mill. daude, (sjølv om tala her vekslar noko grunna ulike statistiske grunnlag i forskjellige land,) og langt fleire skada. Av verdsdelane var det berre Nord- og Sør-Amerika som unngjekk militære kamphandlingar på landjorda, og dei fleste landa i verda tok del i krigen. Krigen vart driven fram av ambisjonane til Tyskland og Japan om å underleggja seg større delar av marknaden og verda, men fekk sin særeigne karakter grunna tysk revansjisme etter tapet i fyrste verdskrigen og den varianten av fascismen som vart utvikla i Tyskland av Hitler og dei tyske nazistane på 1920- og 30-talet.

Medrekna sjøslag og torpederingar av handelsskip so rasa den andre verdskrigen over heile jordkloten. For Noreg sin del synest dette tydeleg ved at av dei i overkant 10 300 norske statsborgarane som vart drepne under denne krigen var det 3638 sjøfolk i handelsflåten. Dinest 2091 folk frå motstandsrørsla, 2000 soldatar i dei tre våpengreinene, 130 i tyske fangeleirar, 766 jødar og 1779 andre sivile. Dette svarar til 0,3 % av folkesetnaden. (Dei omlag 700 norske frontkjemparane som vart drepne i tysk teneste, og dei 65 nazistane som vart likviderte under krigen, er ikkje rekna med i norske tap.) Som alle krigar so var den andre verdskrigen òg ein krig om ressursar, og ein krig der dei med mest tilgjengelege ressursar i form av råstoff, soldatar, teknologi og motivasjon vann militære sigrar. Alle dei deltakande stormaktene kom etter kvart i ein total krigstilstand, kor alle menneskelege, industrielle og vitskaplege ressursar vart tekne i bruk for militære føremål. Krigen kom òg på eit tidspunkt der det var store politiske og militære kampar om den gamle verdsordenen, og der borgarskapet sin politiske og økonomiske kontroll over arbeidarklassen, og europeiske kolonirike sin dominans og utbytting av folk og land i resten av verda, vart utfordra. Noko som i høg grad styrkte og skjerpte denne kampen var eksistensen av eit stort og sterkt sosialistisk land, Sovjetsamveldet.

Okkupasjon og motstandsarbeid

Etter at Tyskland sumaren 1940 hadde okkupert Frankrike, Benelux-landa, Danmark og Noreg, fekk krigen i Europa atter karakter av ein stillingskrig. Størstedelen av Europa var då under tysk eller tysk-alliert kontroll, med unnatak for Storbritannia og Sovjetsamveldet. Etter invasjonen av Noreg 9. april og det endelege militære nederlaget vel to månader etter, flykta den norske regjeringa til Storbritannia. Under britisk leiing vart etterkvart norske militære einingar bygde opp der. Det vart òg alt frå sumaren 1940 organisert motstandsarbeid i det okkuperte Noreg. I den fyrste tida skjedde dette lokalt og spontant, men dette arbeidet kom etter kvart i meir organiserte former. Direktiva som gjekk ut frå Storbritannia og norske eksilstyresmakter til folk i Noreg, var trass i den militære okkupasjonen at dette motstandsarbeidet ikkje skulle vera militært, men berre gå på haldningar og spreiing av propaganda. Ut frå denne ideologien, som formelt la vekt på fåren for represaliar mot sivile som grunnlag for denne passive lina, vart ikkje «Heimefronten» med sin Militærorganisasjon (Milorg) som var meir eller mindre under den norske Londonregjeringa sin kontroll, væpna eller sett til aktivt motstandsarbeid føre sumaren 1944. Norske eksilstyresmakter og Milorg ville ikkje sjølv utføra sabotasje eller militære operasjonar i det okkuperte Noreg før krigen på det nærmaste var over, men fungerte mest som ein støttefunksjon til britiske operasjonar i landet. Desse operasjonane var  leia av SOE (Special Operations Executive), som var britane sin organisasjon for sabotasje og geriljaoperasjonar i dei okkuperte landa i Europa. Sabotasjeaksjonane mot tungtvatnproduksjonen på Rjukan er det mest kjende dømet på slike operasjonar, som vart utført av norske kommandosoldatar under britisk leiing. Milorg fekk allikevel ved fleire høve andre motstandsorganisasjonar til å utføra sabotasje og likvideringar.

Kommunistane leia den militære motstanden

Pellegruppa har omsider fått sitt minnesmerke på Aker brygge i Oslo. Foto: © KMOPellegruppa har omsider fått sitt minnesmerke på Aker brygge i Oslo.
Foto: © KMO

Dei som fekk denne oppgåva og som frå sumaren 1941 gjekk over frå politisk førebuing og organisering til militær motstandskamp i Noreg, var Organisasjonen mot krig og fascisme, eller Sabotasjeorganisasjonen (Saborg) som han vart kalla i daglegtale av dei innvigde. Denne organisasjonen var oppretta og leidd av kommunistane, og vart òg kalla Osvald-gruppa etter eit av dekknamna til den operative leiaren Asbjørn Sunde. Osvald og fleire i organisasjonen han leia hadde militær røynsle frå Dei internasjonale brigadane under den spanske borgarkrigen, og frå etteretnings- og sabotasjearbeid i Wollweberorganisasjonen. Uavhengig av påstandane til ymse borgarlege historikarar og media hadde Sovjetunionen alt frå 1930-talet førebudd seg på militær kamp mot naziregimet i Tyskland, ved m.a. oppretting av Wollweber-organisasjonen, eller Organisasjonen mot fascismen og til forsvar av Sovjetunionen, som han formelt heitte, i Nord-Europa. Osvaldgruppa gjennomførte ei rad sabotasjeaksjonar, sprengingsåtak og lik-videringar av overløparar og særleg fårlege nazistar rundt om i landet. Over 200 folk deltok aktivt i Osvald-gruppa, og av desse fall 35. Etter at Osvald-gruppa vart demobilisert i 1944 m.a. grunna motseiingar i NKP og hard forfylgjing frå dei tyske okkupantane si side, tok Pellegruppa leidd av kommunisten Ragnar Sollie over den aktive og militære motstandskampen.

Krigen i Sovjetsamveldet

Krigen fekk mykje større omfang i 1941. Den 22. juni 1941 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på Sovjetsamveldet, og 7. desember 1941 gjekk Japan til åtak på den amerikanske flåtebasen på Hawaii, noko som drog USA militært med i krigen. I og med det tyske åtaket på Sovjetsamveldet endra og krigen delvis karakter frå ein imperialistisk omfordelingskrig mellom stormaktene og nasjonal frigjeringskrig i dei okkuperte landa, til den sosialistiske staten og folkene sin forsvarskrig mot fascismen.

Jøder og bolsjeviker skulle utryddes. Bilde fra Warszawaghettoen.Jøder og bolsjeviker skulle utryddes. Bilde fra Warszawaghettoen.Nazistane framstilte denne krigen som «ein lagnadskrig mot den jødisk-bolsjevikiske verdssamansverjinga,» og var klåre på at dette var ein utryddingskrig mot kommunismen som nazistane sin hovudfiende. Krigshandlingane mellom Sovjetunionen og Tyskland strekte seg over den lengste frontlina som verda har sett, heilt frå Lisla-fronten like vest for Murmansk til Stalingrad og Svartehavet. Dette var ein total omsynslaus krig med særs store tapstal på båe sider og store lidingar for folket i Sovjetunionen, då tyskarane gjennomførte omfattande massakrar på sivile sovjetborgarar av alle nasjonalitetar. Tapstala til dei krigførande partane syner dette. Sovjetsamveldet tapte om lag 26 600 000 menneske under den andre verdskrigen, dvs. 16,8 prosent av folkesetnaden. Ytterlegare 10 % av folket vart invalidisert eller fysisk skadde som direkte fylgje av krigshandlingane. Tyskland miste 10 293 000 menneske under krigen, eller 14,7 % av folket, av desse døydde om lag tre millionar soldatar i kamp i eller mot Sovjetsamveldet.

Stalingrad var vendepunktet

Til samanlikning miste Storbritannia 550 000 menneske, eller 1,14 prosent av folket,  Frankrike 862 000 eller 2,06 %, og USA 518 500 menneske, 0,40 % av folket. Krigen på sovjetisk jord gav Storbritannia og deira allierte pusterom og avlasting, då dei største delane av den tyske hæren og hærstyrkane til landa som var allierte med Tyskland, som Romania, Ungarn, Finland og naziregiment frå ymse okkuperte land, vart bundne opp i harde og lange kampar på Austfronten. Kamphandlingane kravde særleg mange offer ved Leningrad og Stalingrad. Den tyske kringinga av Leningrad varte frå september 1941 til januar 1944, og 1 100 000 sivile sovjetrussarar døydde i den kringsette byen. Kampane om Stalingrad varte frå august 1942 til februar 1943, og var dei hardaste under heile andre verdskrigen. Det var likevel dei sovjetiske sigrane ved desse frontavsnitta som markerte vendepunktet i den andre verdskrigen, og som førte til at Tyskland leid nederlag militært.

Frigjeringa av Finnmark

Då Sovjetunionen kom på offensiven mot slutten av 1942, vart dette avgjerande for det vidare utfallet av andre verdskrigen. Dette synte seg og etter kvart her til lands. Finnmark vart som den fyrste delen av det okkuperte Noreg frigjort av Den Raude Hæren i oktober 1944. Då hadde tyskarane og dei norske medløparane deira tvangs-evakuert 75 000 menneske i landsdelen, og freista nytta den brende jords taktikk ved å brenna eller øydeleggja  11 000 bustadhus, 4700 uthus, 150 skular, 27 kyrkjer, 21 sjukehus, 350 bruer og 300 fiskebruk.
Tyskland kapitulerte 8. mai 1945 etter at sovjetiske styrkar hadde erobra heile Aust-Europa og stod i Berlin, og britiske, amerikanske og canadiske styrkar hadde gått gjennom det okkuperte Vest-Europa og nedkjempa Tyskland frå vest.

Det rettslege 
oppgjeret med nazismen

Etter at Nazi-Tyskland hadde kapitulert var det tid for eit rettsleg oppgjer med nazismen og krigsforbrytarane. Dei allierte stormaktene Sovjetunionen, Storbritannia, USA og Frankrike oppretta Det internasjonale militærtribunalet i Nürnberg som skulle plassera juridisk ansvar for dei omfattande krigsbrotsverka som nazistane hadde gjort seg skuldige i under andre verdskrigen. Ei rad tyske embetsmenn og offiserar vart dømde i Nürnberg, og ein del av desse fekk dødsdomar. Mange offiserar og vitskapsmenn som hadde tenestegjort for naziregimet i Tyskland fekk likevel kjapt amnesti av britane og amerikanarane, og vart tekne i bruk for desse statane sine utanrikspolitiske og militærvitskaplege føremål i rivaliseringa mot det sosialistiske Sovjetsamveldet.

Det var òg eit omfattande rettsoppgjer med nazistane i Noreg. 92 805 norske statsborgarar vart sikta for landssvik, av desse vart 46 085 funne skuldige og straffa. Dei fleste av desse fekk ei mindre bøtestraff og tap av statsborgarlege rettar (røysterett) i 10 år. Størstedelen av dei som vart dømde, vart det på grunnlag av medlemskap i Nasjonal Samling under krigsåra, medan krigsprofitørar og borgarar som hadde tent pengar på verksemd for tyskarane, sokalla «brakkebaronar», gjennomgåande slapp unna både tiltale og straff. 25 norske og 12 tyske statsborgarar fekk dødsdomar og vart avretta i Noreg etter andre verdskrigen, for landssvik og krigsbrotsverk.

Opprettinga av SN

I 1945 var det mange festtalar og store vyar om den andre verdskrigen som den siste krigen og at det aldri meir skulle verta krig. Som eit verkemiddel for ein slik tilstand av evig fred på jorda og mellomfolkeleg sameksistens, vart Dei sameinte nasjonane (SN, eller FN som organisasjonen vel er meir kjend som i norsk daglegtale) skipa 24. oktober 1945. Føre utgangen av 1945 var 51 sjølvstendige nasjonar medlemer av verdsorganisasjonen, mellom dei Sovjetsamveldet, Storbritannia, USA, Frankrike, Kina og Noreg. Det var store og omfattande målsetnader bak skipinga av SN, og verdsorganisasjonen skulle m.a. jobba med menneskerettar, internasjonale rettsspørsmål, økonomisk utvikling og avkolonisering.

Sogeskriving om 
andre verdskrigen

Det er skrive særs mykje om og forska mykje på den andre verdskrigen, òg her i Noreg. Mykje av denne historieskrivinga har vore Oslo-sentrert og overklasseprega, med særleg fokus på einskilde opphaussa heltar frå Oslo Vest. Som ein logisk konsekvens av dette er innsatsen til dei kommunistiske motstandsgruppene og til partisanene i Finnmark, som stod for den mest aktive motstanden i landet, tona veldig ned eller heilt gøymd vekk. Denne historieskrivinga synest ha som viktigaste føremål å fremja USA sine utanrikspolitiske interesser i tida etter krigen, og frita regjeringa Nygaardsvold og norske styresmakter for mest mogleg politisk og ikkje minst juridisk ansvar. Dette gjeld ikkje minst for dei framståande borgarane frå næringsliv og embetsverk som sumaren 1940 via Høgsterett tok initiativ til sivil administrasjon av landet gjennom Administrasjonsrådet, og seinare tok del i Riksrådstingingane for å oppnå fred med tyskarane og normale tilhøve snarast råd av omsyn til produksjonen og sitt økonomiske overskot. Mellom desse var ei rad med folk som sat i ansvarsfulle og viktige posisjonar innanfor politikk og embetsverk i Noreg òg i åra etter krigen.

I samband med den politiske striden kring norsk medlemskap i NATO og den etterfylgjande «kalde krigen» fekk sogeskrivinga om andre verdskrigen òg ein ny og viktig dimensjon for styresmaktene og borgarskapet, nemleg å framstilla dei allierte sin siger som Storbritannia og særleg etter kvart USAs verk åleine. Tilsvarande måtte då den avgjerande rolla som Sovjetsamveldet og dei sovjetiske kommunistane under Josef Stalin si leiing spela i nedkjempinga av naziregimet i Tyskland tildekkjast og underkommuniserast. Dessutan gjorde ein sitt beste for å framstilla Stalin og Hitler som «to alner av same stykket» som freista å dela Europa mellom seg, trass i at det var vestleg borgarskap som gjorde sitt beste for å tena pengar på okkupasjonen.

Fra Revolusjon nr. 46, våren 2015.

Les også:

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre