Det kan i dette mykje omtala jubileumsåret vera eit poeng å sjå litt nærare på kor mykje Grunnlova i dag har å seia for norsk politikk og samfunnsutvikling, og kor mykje ho i røynda vert vektlagt av norske styresmakter utanom festtalene.

Grunnloven av 1814.Grunnlova vert tidvis trekt inn i det politiske ordskiftet i Noreg av ymse politikarar, og som konstitusjon og den fremste rettskjelda i landet er ikkje det so merkeleg. Det kan i dette mykje omtala jubileumsåret vera eit poeng å sjå litt nærare på kor mykje Grunnlova i dag har å seia for norsk politikk og samfunnsutvikling, og kor mykje ho i røynda vert vektlagt av norske styresmakter utanom festtalene.

 

Den norske grunnlova var den mest demokratiske i Europa i 1814. Men det var av di monarkane i Europa i åra føre hadde komne attende på tronen og reiv sund dei progressive forfatningane, slik som den franske etter revolusjonen i 1789.

 

Korleis grunnlova vart til

Fyrst kan det vera eit poeng å sjå litt på korleis den norske grunnlova vart til. Ved underskrivinga av Grunnlova i 1814 fekk Noreg ei av dei i si tid mest radikale og demokratiske grunnlovene i verda. Dette trass i alle klassemessige, kjønsmessige og geografiske veikskapar ved grunnlovforsamlinga på Eidsvold. Grunnlova vart vedteke av ei gruppe menn som yrkesmessig fordela seg på 57 embetsmenn, 37 bønder (11 av desse hadde lågare stillingar innan kyrkja og justisvesenet i tillegg til garden) 13 kjøpmenn og fem gods- eller brukseigarar. Fleirtalet av folkesetnaden i Noreg fekk ikkje ta del i valet til den grunnlovgivande forsamlinga. Ingen kvinner, ingen husmenn, ingen arbeidarar eller tenestefolk, ingen samar, ingen frå Nord-Noreg (valmennene som vart valte rakk ikkje fram) ingen under 25 år. Vilkåret for deltaking var at ein var mann, over 25 år, embetsmann, eller hadde byborgarskap eller skattesatt matrikulert eigedom på landet . Men på grunn av at alle (mannlege) bønder på dette viset fekk delta ved valet av valmenn som sende utsendingar til Eidsvold, so antar ein allikevel at omlag 40-45 prosent av den vaksne mannlege folkesetnaden fekk røysterett i 1814.

Grunnlaget for grunnlovsarbeidet og den nasjonale oppreisten i 1814 var Napoleonskrigane som Danmark-Noreg var del av, og lidingane og hungersnauden som var resultatet av dei, samt den opplagra misnøya med det undertrykkjande og vilkårlege danske einevaldsstyret som landet hadde vore utsett for i fleire hundre år. Den direkte årsaken til riksforsamlinga på Eidsvold var Kielfreden, kor stormaktane bestemde at Noreg skulle tilfalla Sverike som takk for innsatsen på den sigrande sida under Napoleonskrigane.

Det idemessige grunnlaget

Siste halvdelen av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet var ei tid med nye politiske tankar, nytegning av landegrenser og vedtaking av nye konstitusjonar over store delar av verda. Slik vart det hastige arbeidet med den norske grunnlova særleg inspirert av den amerikanske konstitusjonen av 1787, den franske frå 1791, 1793 og 1795, men og frå det britiske statsstyret slik dette hadde utvikla seg gjennom sedvane frå og med Magna Carta i 1215, samt frå naturrettsfilosofi og politisk tenkjing utvikla av til dømes Rousseau og Montesquieu.
Sentralt for riksforsamlinga på Eidsvold var folkesuverenitetsideen, at eitkvart folk eller nasjon har rett til å rå over si eiga statsform. Dinest maktfordelingsprinsippet mellom utøvande, lovgivande og dømande makt, som i Noreg i 1814 særleg gjekk ut på å fremja stillinga til handelsborgarane og embetsmennene, og å avgrensa makta til kongen. Eit tredje viktig punkt var vedtaking av ein del borgar-og menneskerettar, som ytrings- og forsamlingsfridom, og at ingen kan straffast utan grunnlag i lov og dom. Slik la vedtakinga av Grunnlova den legale basisen til at Noreg atter kunne verta ein eigen stat, og at landet gjekk frå å vera ein einevaldsstat til å verta meir av ein rettsstat.

Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet

Grunnlova som vart vedteke i 1814 var eit politisk dokument for si tid. Ho skulle sikra størst mogleg grad av sjølvstende og sjølvråderett. Dette syner seg på fleire vis. Grunnlova skulle sikra nasjonal kontroll med kven som kunne verta norsk statsborgar for å unngå framandstyre og at kongen kunne utnemna utanlandske embetsmenn. Ho freistar sikra kontroll med kven som kunne eige jord med å fastslå at odels-og åsetesretten ikkje skal opphevast. Og Grunnlova set opp strenge og bestemte vilkår for om og når suverenitet skal avståast. Den paragrafen i Grunnlova som omhandlar reglane for dette er § 93. Denne paragrafen vart omformulert og teke inn i Grunnova i 1962, i samband med det fyrste ordskiftet om norsk tilslutning til EEC/EU, og lyder soleis:
«For at sikre den internationale Fred og Sikkerhed eller fremme international Retsorden og Samarbeide kan Storthinget med tre Fjerdedeles Flertal samtykke i, at en international Sammenslutning som Norge er tilsluttet eller slutter sig til, paa et saglig begrænset Område, skal kunne udøve Beføielser der efter denne Grundlov elles tilligge Statens Myndigheder, dog ikke Beføielse til at forandre denne Grundlov. Naar Storthinget skal give sit Samtykke, bør, som ved behandling av Grundlovsforslag, mindst to trediedele av dets Medlemmer være tilstede. Bestemmelserne i denne Paragraf gjælde ikke ved Deltagelse i en international Sammenslutning, hvis Beslutninger har alene rent folkerettslig virkning for Norge.»

Sjølv om språket i Grunnlova korkje er særleg moderne eller særleg norsk, so skulle tydinga her allikevel vera ganske klår. Skal suverenitet avståast til internasjonale organisasjonar, so skal det vera på eit sakleg avgrensa område, det skal gjerast med minst 3/4 fleirtal i Stortinget, og minst 2/3 av stortingsrepresentantane skal vera til stades. Denne paragrafen som vart teke inn for på særskilte vilkår å få Noreg inn i  «Det europeiske fellesskap» som det vart kalla på 1960-talet, har altso som utgangspunkt at suverenitet berre kan avståast på  «et saglig begrænset Område». Korkje EU eller EØS-avtala, sistnemnde formelt tiltrådd av Noreg 1. januar 1994, kan ved ein kritisk gjennomgang no seiast å falla inn under omgrepet sakleg begrensa område. EU har for lengst vedteke og starta arbeidet med å skipa ein politisk og økonomisk union med overstatleg styring som er langt meir omfattande enn unionen med Sverike i 1814-1905. Fleirtalet av politikarane på Stortinget har heilt sidan spørsmålet om norsk EU-medlemskap fyrste gong kom opp, vore tilhengjarar av norsk medlemskap, medan det norske folket som kjend har vore mot dette, noko som mellom anna har synt seg ved resultatet av to folkerøystingar. Difor har Stortingsfleirtalet gjort det lettvint for seg sjølve, og for EU, ved å nytta ein paragraf i Grunnlova som ikkje krev slik kvalifisert fleirtal som § 93, nemleg § 26, 2. avsnitt:

Traktater andgaaende Sager af særlig Viktighed og i alle Tilfælde Traktater hvis Iværksættelse efter Konstitutionen nødvendiggjør en ny Lov eller Storthingsbeslutning, blive først bindende, naar Storthinget har givet sit Samtykke dertil.

 

Fleirtalet i mange påfølgjande Storting har slik overført suverenitet i ei lang rad saker til EU og EØS, i strid med Grunnlova.
Fleire leiande juristar, som professor Eivind Smith, har reagert på at Stortinget på dette viset har gitt frå seg suverenitet med simpelt fleirtal etter § 26, framfor etter dei strengare krava som § 93 oppstillar.

Grl § 93 har allikevel skapt strid i Stortinget, då han vanskeleggjer EU-tilhengjarane sine planar om å få Noreg inn i unionen. Difor har òg då EU-venlege politikarar på fleire påfølgjande Storting kome med framlegg om endring av denne paragrafen, slik at kravet til kvalifisert fleirtal for suverenitetsavståing skal falla bort eller reduserast. Dette har so langt ikkje fått gjennomslag, m.a. på grunn av dei strenge krava som Grl § 112 set opp for grunnlovsendring.

EØS-avtala baserast som kjend på EU sine «fire fridomar», fri flyt av varer, tenester, personar og kapital, og utvidast stadig til nye område. I perioden 1. januar 1994 til 31. desember 2010 (som visstnok er siste gongen som norske styresmakter har talt gjennom dette) so hadde 8311 EU-lover vorte norsk lov, anten gjennom direkte lov eller via forskrift. Dette er regelverk som automatisk vert norsk lov, oftast utan særeigen handsaming i Stortinget og utan politisk ordskifte. Ved eventuell motstrid so går EU-lova føre norsk lov. Norske domstolar vert overprøvde av EU-domstolar, vedtak frå norske folkevalde vert overprøvd av EU-byråkratar. I tillegg til at dette uthular det nasjonale sjølvstendet, so bidrar det til å endra rammevilkåra for samfunnsutviklinga. Det siste særleg ved at det blir etablert privat marknadstilgang og jag etter profitt på område som tidlegare har vore omfatta av offentlege tilbod, frå post og persontransport til helse og friluftsliv. Døme på EU-direktiv som i tida framover óg får stor innverknad på livet til folk i Noreg, er Tenestedirektivet, Data-lagrings--direktivet og Postdirektivet. Og det synast som om ikkje ein gong ein liten detalj som tollsatsen på ost er noko som lengre kan avgjerast av Stortinget.

Det er eit paradoks at det i EU-landet Danmark er oftare og meir omfattande ordskifte om ymse tilfelle av suverenitetsavståing i Folketinget, enn det er blant EU-servile Stortingspolitikarar i Noreg.

Grunnlova og militærvesenet

Grunnlova hadde og har enno ei rad paragrafar om kongen og hans virke. I mange av desse paragrafane so meinast i dag  «Kongen sitt råd», altso regjeringa, i staden for bokstaveleg kongen som person. Mange av alle desse grunnlovsparagrafane freista i sin opphavelege form i røynda å avgrensa makta til kongen so mykje som då var mogleg. Dette vart enno klårare etter revideringa av Grunnlova som var naudsynt etter at unionen med Sverike var eit uungåeleg faktum. Det syner seg m.a. i dei avgrensingane som Grunnlova freistar stilla opp når det gjeld kongen sitt høve til å gå til krig. Revideringa av Grunnlova etter unionsinngåinga sikra då og Stortinget makta over dei norske militære styrkane, og gjorde det i røynda umogleg for kongen eller regjeringa å kalla saman troppar eller gå til krig utan Stortinget si godkjenning. Dette var noko som var viktig for nordmennene i 1814, då ein so langt som råd ville verna landet mot nye krigar. Landet hadde vorte utarma frå Danmark gjennom hard skatteleggjing og omfattande utskriving av soldatar til dei mange krigane som dei danske kongane ofte låg i med eit aggressivt og stadig meir ekspanderande Sverike. Frå midten av 1600-talet og fram til unionen med Danmark vart avvikla var utskrivinga av soldatar i Noreg so stor at andelen av folkesetnaden i dei væpna styrkane var større enn i dei fleste andre land, inkludert Sverike, Danmark, Frankrike og Russland. Til dømes var det på det meste i 1675 20 000 soldatar i Noreg, av ein folkesetnad på berre 450 000. Soldatane som vart utskrivne var utan unnatak tenestedrengar, bonde- og husmannssønar. I tillegg til at mange av desse soldatane døydde i krigar og av sjukdom so førte krigstenesta óg til at dei ikkje kunne ta del i gards- og onnearbeidet, noko som ikkje nett gjorde denne militærtenesta meire populær hjå folket.

Grunnlovas paragraf 25 har klåre reglar for å hindra at norske styrkar skal kunne delta i krig i utlandet, og for at dei ikkje skal kunne setjast under utanlandsk kommando: 

«Kongen har høieste Befaling over Rigets Land-og Sømagt. Den må ikke forøges eller formindskes, uden Storthingets Samtykke. Den maa ikke overlades i fremmede Magters Tjeneste, og ingen fremmede Magters Krigsfolk, undtagen Hjælpetropper imod fiendtligt Overfald, maa inddrages i Riget uden Storthingets Samtykke. Landevernet og de øvrige Tropper, som ikke til Linjetropper kunne henregnes, maa aldrig, uden Storthingets Samtykke, bruges udenfor Rigets Grænser.»

Når Stoltenbergregjeringa i mars 2011 gjekk til krig mot Libya, so hadde ikkje Stortinget handsama dette. Avgjerda om norsk krigsdeltaking mot eit land som Noreg ikkje hadde nokon som helst konflikt gåande med, vart teke av ei lita gruppe leiande regjeringsmedlemar pr. mobiltelefon og tekstmelding. Leiarane av opposisjonen ga si tilslutning til dette på same viset. Regjeringa i plenum var ikkje innkalt. Stortinget vart ikkje samankalt, og hadde ikkje teke stilling til spørsmålet før statsminister Stoltenberg uttala at Noreg skulle senda F-16 fly avgarde til Middelhavet. Den norske krigføringa mot Libya mangla soleis naudsynt heimel, då ho slik var i strid med Grunnlova. I tillegg til dette so kan det i denne samanhengen og vera rett å vurdera dette opp mot internasjonale rettsreglar og krigen sin folkerett.

Vidare er det grunn til å festa seg ved Grunnlovas avgrensning mot at norske militære styrkar ikkje skal kunne setjast under framand kommando,  «maa ikke overlades i fremmede Magters Tjeneste.» Her har Stortingsfleirtal både under innmeldinga i Nato i 1949 og under norsk tilslutning til EU sitt sams militærprogram i beste fall vore noko kjappe, og i alle høve korkje teke Grunnlovas and eller bokstav på alvor.

Grunnlova si rolle i dag

Den norske grunnlova har vorte endra i alt omlag 300 gonger på desse 200 åra som har gått. Alt frå små språklege rettingar, til politisk vidtfemjande spørsmål, som under inngåinga av unionen med Sverike eller ved avskaffinga av statskyrkja.

Grunnlova er óg freista modernisert noko gjennom åra, ved at til dømes ganske ålmeine paragrafar om rettane til det samiske folket, om miljø, om retten til arbeid og om menneskerettar er teke inn. Og ho er gjort meir demokratisk i tradisjonell borgarleg forstand, ved at til dømes parlamentarismen vart grunnlovsfesta vel 120 år etter at han hadde vorte gjennomført som prinsipp i Stortinget. Samstundes syner nokre av desse nye reglane seg meire som fromme ønske enn som forpliktande lovparagrafar. Dette gjeld i høgste grad Grl § 110, som slår fast: «Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at ethvert arbeidsdygtigt Menneske kan skaffe sig udkomme ved sit Arbeide. Nærmere Bestemmelser om Ansattes Medbestemmelsesret paa deres Arbeidsplads, fastsættes ved lov.» Ei streng tolkning av denne paragrafen opp mot røynda i Noreg pr. desember 2013, syner då at staten ikkje har makta å leggja tilhøva til rette for dei offisielt 99 000 arbeidslause.

Stortinget i 2014 legg mindre vekt på å verna det nasjonale sjølvstendet enn tingmennene i 1814, og det synast som om hensynet til folket som dei skal representera heller ikkje alltid er meir framtredande no enn i 1814. Den klassen som har makta i Noreg, borgarskapen, har opphørt å vera nasjonal, og er no meir enn viljug til å selja folket og landet for euro.
Samstundes er det slik at lovene i eit samfunn, og dette gjeld sjølvsagt óg for konstitusjonen, er eit uttrykk for dei økonomiske og politiske makttilhøva i samfunnet. Og like enkelt som borgarskapen set til sides og bryt eigne lover og reglar når det høver fortenesta mest, so setjast òg Grunnlova til sides når ho måtte stå i vegen.

Frå Revolusjon nr. 44, våren 2014.

Personvern