19 mai 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Demoplakat

AFGHANISTAN FOR AFGHANARANE! NOREG OG NATO UT!

Noreg førde ein rettferdig strid mot tysk okkupasjon 1940-45. Motstandsrørsla reiste parolen: Noreg for nordmenn! Orda var retta mot dei tyske okkupantane.

Seinare freista rasistane nytta parolen mot innvandrarar og nye landsmenn. Mange av desse rasistane hadde same ideologiske røter som dei som parolen var retta imot.

I dag fører afghanarar ein rettferdig strid mot NATO-okkupasjonen. Dei har fått nok av Vestens «demokrati, kvinnefrigjering og marknadsliberalisme». Dei har gjennomskoda talemåtane og veit at det er oljebaronane og våpenindustrien med NATO-USA (med halehenget Stoltenberg-Noreg) som dikterer på bakromma.

Dei siste avsløringane viser berre den sanne ròtenskapen i krigføringa. På same måten som vikingane fór på røvartokt etter gull og rikdom, er norske soldatar på oppdrag for å tryggja ressursane for Vestens rikaste, kapitaleigarane og dei hyklande bladsmørjarane og medienissane deira.

Me vonar afghanarane er sterke nok til å kasta desse leigeknektane på dør. Moskva-revisjonismen braut ryggen i kampane i dei afghanske fjella for meir enn 20 år sidan. Det britiske imperialistane og russiske tsartroppane greidde aldri å temja det frie afghanske fjellfolket. Alle progressive bør stå solidarisk med striden Afghanistan fører for nasjonal sjølvråderett og fridom frå okkupasjon og overherredøme. Framtida til Afghanistan tilhøyrer ikkje quislingane.

Kommunistisk plattform (KPml) oppmoder alle som kan om å vera med på fakkeltoget mot krigen frå Jernbanetorget torsdag 7. oktober 2010, kl. 17.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre