tirsdag 2 juni 2020

Dei ulike norske etterretnings- og tryggingstenestene legg fram årlege trusselvurderingar. Medan PST skal vurdera indre trugsmål, har den militære E-tenesta som oppgåve å detektera og varsla om ytre sivile og militære trugsmål mot Noreg og norske interesser. Men her skjer overlapping, for å seie det varlegt. – I Norge forsøker Russland å forsterke motsetninger mellom nordlige og sørlige deler av landet – og mellom Oslo og distriktene – i synet på Russland og russisk framferd, sa sjefen for E-tjenesten Morten Haga Lunde i sin tale i Oslo Militære Samfund i samband med trusselvurderinga.

«Trusselvurderinga gjer folket til fiende og nemner ikkje kor det røynlege militæret trugsmålet mot Noreg kjem ifrå.»

Mellom linene seier Haga at motstand mot tvangssamanslåing av fylker, kritikk av sviktande flyambulanseteneste i Nord-Noreg og nedbyggjing av lokale helsetilbod er ein refleks av russisk påverknad. For ikkje å nemne det nære naboskapet mellom russarane og folk i Finnmark, noko som underforstått i seg sjølv er ein risiko for tryggleiken. Ap-ordføraren i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen, reagerte: «Det er oppsiktsvekkende at han sier dette. Det betyr at alle som ønsker et godt og nært samarbeid med Russland, blir oppfattet som redskap for Kreml. Jeg syns det er veldig beklagelig.»


Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og politimeisteren i Finnmark heiv seg snøggt over Rafaelsen, som fekk bod om ikkje å driva «privat utenrikspolitikk som er i utakt med nasjonens». Politimeister Hætta ymta òg om at Rafaelsen kan hende kjenner seg truffe av skuldingar om å vera ein reiskap for Kreml?

Dette kan vanskeleg tolkast som anna enn freistnad på nedfrysing av det offentlege ordskiftet og avgrensning av ytringsfridomen når det gjeld sikkerhetspolitiske spørsmål. Samstundes er det uttrykk for same mistenkeleggjeringa av folket i Nord-Noreg som sentrale styresmakter har stått for gjennom fleire hundre år, særleg i Aust-Finnmark i åra etter den sovjetiske frigjeringa hausten 1944.

Det vi ser frå dei hemmelege tenestene er ikkje ein overreaksjon, men ei samkjøring på myndighetsnivå. SINTEF har utarbeidd rapporten «På leting etter utenlandsk informasjonspåvirkning» på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Utgangspunktet er «uønsket og illegitim informasjonspåvirkning fra eksterne statlige og ikke-statlige aktører» ved kommunevalget i 2019. Ei av tilnærmingane i rapporten er «Forsterke sentrum-periferi konflikt: Dette gjelder særlig forholdet mellom Finnmark og sentrale myndigheter, herunder forholdet til Russland.» Dessuten tar rapporten for seg vindkraftmotstand, bompengeopprør og andre folkelege protestrørsler.

«Prosjektet har ikke kunnet påvise desinformasjon eller informasjonspåvirkning», er konklusjonen i rapporten, som likevel legg til at det ligg føre indikasjoner på at slikt kan bera til. Det som blir hengande i lufta er at folkeleg frustrasjon og protest er uønska og at vanlege folk potensielt er nyttige idiotar for framande maktar. Vi er i ein fase kor styresmaktane strammar grepet som tankepoliti på dette og fleire område. Inspirasjonen kjem mellom anna frå EU, som allereie har eit særskilt organ som skal avdekka og potensielt stenge ute «desinformasjon» retta mot styresmaktene.

Kven som i røynda gjer arbeid for framande maktar kunne ein seie mykje om. Det trusselvurderinga frå E-tenesta og norske styresmakter ikkje nemner, er den openberre kjensgjerninga at det er dei amerikanske basane og installasjonane i Noreg som utgjer det største trugsmålet for militære åtak på landet.

Trusselvurderinga har vorte til eit propagandainstrument for amerikansk utanrikspolitikk og er med på å sementera Noreg si rolle som amerikansk militært lydrike. Vurderingane avdekkjer òg styresmakter som ikkje vyrder sitt eige folk. Difor vil heller ikkje folket vyrde makthavarane.

Leiarteig i Revolusjon nr. 56. Redaksjonen avsluttet 5. mars 2020