Det amerikanske atomdrivne hangarskipet Harry S. Truman deltek i den store NATO-øvinga Trident Juncture (TRJ18). Skipet har 90 fly og 6000 soldatar ombord, og dermed er det totale tal på soldatar som deltek i krigsøvinga oppe i 51.000.
Hangarskipet vil operere langs heile kysten heilt opp til Tromsø. Skipet har to atomreaktorar ombord og er av ein storleik som ikkje er vanleg kost i norske farvatn.
Dei er sjølvsagt her for å gje ekstra musklar til den frå før gigantiske militærøvinga Trident Juncture, ei øving som er ein del av NATO si opprusting i nordområda. Mottoet som Harry S. Truman nyttar er det tidstypiske «Give 'em hell».
Det er sjølvsagt ikkje uproblematisk at hangarskipet no opererer i våre farvatn. Det har forsura eit allereie kjølig forhold mellom Norge og Russland. Talsperson for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, ser øvinga som «et brudd på det langvarige gode vennskap som ble grunnlagt av den norske regjering under den kalde krigen. Oslo har lagt opp til en militarisering av de nordlige breddegrader uten sidestykke». (Telegrambyrået Tass 2/10–18.)
Dette er klare ord og vi kan godt forstå uroa.
Stadig er det folk som er av den oppfatning at NATO kan skipa til denne store øvinga utan at atomvåpen inngår i konseptet. Har Harry S. Truman kryssa Atlanterhavet utan å vere ladd? Det skjer aldri.
Hangarskip har taktiske atomvåpen ombord og er ofte eskortert av ubåtar som er oppsett med kjernefysiske rakettar.
Norge har sidan 1975 hatt forbod mot fartøy med kjernevåpen i norske farvatn. Dette kom som eit tillegg til det generelle forbodet mot atomvåpen på norsk jord i fredstid som blei vedteke i 1960.
Men norske styresmakter gjer ingenting for fysisk å kontrollere at USA og NATO etterlever desse påboda. Kven har i så fall vore ombord i Harry S. Truman for kontroll.
Og vi må ikkje vere naive. NATO har ei doktrine om «first use» som inneber at man vil bruke retten til å bruke atomvåpen utan at motstandar har gjort det. Og som NATO-medlem er vi også bundne av dette. For NATO er atomvåpen ein viktig del av strategien. Norge har heller ikkje løfta ein finger for å kontrollere om dei blir ein del av øvinga. Det er ikkje nok å gøyme seg bak at alliansen bør vere kjent med norske lover.
Vi veit at USA prinsipielt vegrar seg for å oppgje at deira krigsskip har atomvåpen ombord. Og vi vil minne om NATO si forsvarsdoktrine: «kjernevåpen er en sentral komponent i NATOs evne til avskrekking … så lenge kjernevåpen eksisterer kommer NATO til å bli en kjernefysisk allianse».
Det er fleire naudsynte spørsmål som bør bli reist. Vi fryktar at etter at den norske basepolitikken frå 1949 er skrota, så er det atompolitikken som står for tur. Men for å hindre det så må vi stille krav til våre politiske og militære styresmakter at dei gjer jobben sin og følgjer opp norske lover og reglar. Og ikkje som nå – når dei blir konfrontert med ubehagelege ting så lever dei etter regelen «Når argumentet sviktar – hev røysta».
Innlegget er òg publisert på stoppnato.no
Se også: USA skulle slippe atombomber over Finnmark (Nordlys)