NKS tek avstand frå RU-leiinga sitt opne brev til Blitz i samband med demonstrasjonen mot Nato-toppmøtet i Oslo 26. april.

I brevet som er publisert i Dagsavisen 25. april, sprer RUs leiar, Mímir Kristjansson, rykte om Blitz og deira planar før demonstrasjonen utan å ha prov for rykta. I staden for å snakka med dei det gjeld, nyttar RU-leiaren borgarpressa som kanal for synspunkta sine. Dette skaper store problem for både RUarar og andre som arbeider i desse miljøa.

Me kan ikkje vera kjende med å dolka nære allierte i ryggen på dette viset. Det er gjerne på sin plass med ein debatt om valdsbruk og militante haldningar, men RU og Mímir Kristjansson gjer ikkje tilhøva lettare på ytre venstre med brevet sitt. Me skammar oss over at Raud Ungdom er ein del av den same historiske tradisjonen som oss, og oppmodar RU-leiaren om å leggja seg flat andsynes Blitz og eiga partileiing.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.