19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Raudt kjem til å likna meir og meir på borgarlege parti: Dei som er aktive, er dei med kommunale ombod.

RV_torstein_d250Kristin Halvorsen, partileder i SV. Kommune- og fylkestingsvalet er over for denne gongen. Dagbladet skreiv på lei­darplass 11. september at venstresida er i krise. Det er ei vurdering me fullt ut deler – endå premissane våre er annleis. Etter at Ap og SV fusjonerte i regjering og AKP og RV smelta saman utanfor er venstresida prega av uklåre liner og in­tern meiningsbryting. Fåren for forsterka høgrekurs er overhengande. SV har en­deleg avslørt seg som det vedhenget til sosialdemokratiet kommunistane i alle år har sagt at det er. Frå å vera sak-til-sak-samarbeidspartnar har SV selt seg til Ap og klamrar seg til taburettane medan SV-toppane påstår at regjeringa har gått mot venstre. Tenestedirektivsaka, miljøsakene og nedprioritering av høgre utdaning og forsking er berre nokre saker som gjorde at veljarane gav SV løn som fortent og sytte for halvering.

Att og fram

RV hadde i det aller siste valet lista stilte opp, ein viss framgang. Dei høge forvent­ningane om å kapra misnøgde SV-velja­rar i hopetal vart likevel gjort grundig til skamme. Samla oppslutnad vart 2,1 %, i alt 42 854 røyster i fylkesvalet. Den fyrste direkte valde ordføraren frå RV vart Knut Henning Thygesen i Risør, ein likande snikkar som no skal styra ein by med blått borgarleg fleirtal! Stader med tydeleg RV-framgang var Høyanger, Tromsø (7,9 %), Oslo (beste bydel Gamle Oslo 13,5 %). I Akershus kom RV inn att i Bærum og Ski og gjorde det godt på Nesodden. Solidaritetslista, der ein av listetoppane er namngjeten RV’ar, hadde framgang på Notodden, 26,1 %. Likevel kunne atten­degangen òg merkast: Bergen (RV-leidar Torstein Dahles base), Alta, Hammerfest, Meland, Målselv og Nøtterøy (tidlegare RV-leidar Jørn Magdahls base).

Frå RV/AKP til Raudt

Landsstyret i RV viser til at det vart stilt færre lister enn før, og at både samlings­landsmøtet og -prosessen tok mykje tid og la ein dempar på aktiviteten. Ein interes­sant kommentar å merka seg òg for dei av oss som var sers kritiske til samanslåing­siveren som rådde vinteren som gjekk.

Kva er no den nye profilen til Raudt, som namnet er frå tidleg i oktober? Det er likt til at det nye partiet skal vera eit raudare SV med fokus på miljøsaker. Kva slag truverde Raudt har, med so vidt lite aktivistar i miljørørsla og lite politikk på feltet, er ei anna sak. Det ser òg ut til at det bor­garlege parlamentariske systemet vert akseptert i større mon enn før – demokratiet skal utvidast til større del av samfunnet, er omkvedet, inspirert av Raud Ungdoms snart ti år gamle parole om «sosialistisk folkestyre». For kommu­nistar er det alltid ei avveging mellom å sjå på dei folkevalde organa som uttrykk for talarstol for rettferdige krav og saker og det å verta gissel for borgarskapet, budsjettbalansen og rådmannsveldet.

Eldreomsorg og barnehagar

Valkampen hadde ingen store saker som viste at den politiske stoda i Noreg er skjerpa eller at det norske folket og ar­beidarklassa er serskilt opprørsk nett no. Økonomisk vokster og høg sysselsetjing gjer at revolusjon og kommunisme ikkje får stor oppslutnad rett over natta. Mange ordførarar fekk soleis attval; og meir enn 40 % av folket skjøna at dei like gjerne kunne sitja heime: Politikken til flest alle partia er samanfallande, so eit «makt­skifte» eller ei er korkje spennande eller interessant, same kor ofte fjernsynsrepor­terar freista framstilla Oslo-valet som det. Alle parti er for eldreomsorg og barneha­gar, mesta i same doseringsgrad òg. Ein større tankekross er det at kommunane vert tømde for makt som forvaltningsor­gan. I røynda sprelar dei i statens garn, i serleg mon gjeld det fylkeskommunane.

Harmoni, ikkje motsetnader

Personar er på val, ikkje berre lister og parti. Det er forståeleg at folk som har vore misnøgde med liner som listetoppar har stått for, let vera å røysta. Ein folke­vald skal få tillit i fire år. Om vedkom­ande har vist sviktande politisk dømekraft i store spørsmål, er ho eller han ikkje tillit verdig. Personskandalar knytte til Stein Ørnhøi, Per Ditlev-Simonsen og Torill Fiskarstrand sette mediesirkuset i gang. Det vaksne valet minner meir og meir om skulevalet: Er du grov, rappkjefta, breidal og brautut, vert du populær. NRK greier ikkje løyna det historisk tette sambandet til Ap i sendingane sine. På valnatta var det Ap-folk som slapp fyrst og oftast til. Ap er den beste reidskapen borgarskapet har i Noreg i dag. I partileidardebattane framstod Torstein Dahle som ein vel­meinande harmonisk medspelar til Jens Stoltenberg og Lars Sponheim, som båe rosa Dahles engasjement for Odda-sam­funnet. Kameraderiet mellom «minis­tersosialistane» og RV viser seg tydeleg i utsegnene i pressa: «- Vi er en del av det rødgrønne samarbeidet. Mange også innen Arbeiderpartiet vil ha oss der, og ikke minst fagbevegelsen. SV vil ikke ha med KrF. I det lange løp tror jeg ikke Arbeiderpartiet klarer å nekte oss det» (RV-topp i Trondheim Arne Byrkjeflot til Klassekampen 8. september 2007).

Dei unge

Mange ungdomar møter politikken fyrste gongen i ein valkamp. RV valde å setja unge høgt opp på listene sine; sume av dei kom inn i kommunestyra kringom. Mykje tyder på at radikalismen deira vert avdøyvd av å sitja i eit slikt organ. Den re­torikk-radikale Audun Lysbakken frå SU/SV fekk 4 år i finansnemnda på Stortinget og kom ut som ein veldressert regjerings­lojalist. Same om gamle øyrekviskrarar held seg i bakgrunnen, kjem bunkar av sakpapir og timelange formalordskifte til å bremsa den politiske aktivismen som har vore serkjennet til unge radikale. Me tillet oss å tvila på at dei sosiale rørslene og kampane som er sjølve livsnerven til venstresida, tener på andsvarleggjering i eit borgarleg-parlamentarisk organ.

Raudt kjem til å likna meir og meir på borgarlege parti: Dei som er aktive, er dei med kommunale ombod. Resten av medlemene er passive. Eitt av dei kommunistiske kjenne­merka som AKP hadde, går tapt. Lagsmøtet som møtestad og ordskiftearena visnar bort. Er eit nytt mini-SV med litt sterkare raudfarge det Noreg treng mest no?

Prenta i Revolusjon nr. 35, hausten 2007

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre