søndag, 25 08 2019

Årsmøtet i Fredsinitiativet gjekk av stabelen dagen etter at me fekk nyhenda om at den norske regjeringa hadde gjeve klårsignal til å trappa opp innsatsen i ISAF-styrkene med 150 nye mann. Rykta gjekk om opprør internt i SV. Dagen etter såg ein lite til dette.

På årsmøtet i Fredsinitiativet 14. februar vart det vedteke ei fråsegn som omhandla den aktuelle situasjonen i Afghanistan. Styret vart splitta i arbeidet med fråsegna – og den minst offensive fråsegna vart etter stri debatt vedteke av møtelyden. Fredsinitiativet krevde ikkje – slik mindretalet ynskte – å trekkja alle norske soldatar ut av Afghanistan og dimed stogga den norske deltakinga i ein imperialistisk krig med USA i front for å tyna det afghanske folket endå meir.

Opprøret som forsvann

Det er vel og bra at tittelen på fråsegna vart «Stopp krigen i Afghanistan!». Synd er det likevel at innhaldet ikkje går overeins med overskrifta. Den einaste løysinga er nemleg å trekkja dei vestlege soldatane ut og la det afghanske folket sjølv få avgjera framtida si. Og synd var det også å sjå korleis sentrale SVarar oppføra seg under debatten. Dei dreiv nemleg eit spel for å vedta ei slapp fråsegn for ikkje å gå mot eiga leiing. Møtet gjekk nemleg av stabelen dagen etter at me fekk nyhenda om at den norske regjeringa hadde gjeve klårsignal til å trappa opp innsatsen i ISAF-styrkene med 150 nye mann. Trass i at SV sit i regjeringa, gjekk det overraskande smertefritt då utanriksministar Gahr Støre greia ut om avgjerda i Stortinget dagen før årsmøtet i Fredsinitiativet. Rykta gjekk om opprør internt i SV. Dagen etter såg ein lite til dette. Folk som visstnok skulle høyra til venstresida i SV, som Reza Rezaee, Ingrid Fiskaa og Kirsti Bergstø fungerte som trenerande for utviklinga av Fredsinitiativet på årsmøtet. Dei som var lagspelarane deira, var regjeringskameratane i SP og DNA....

Røysta imot seg sjølv

Eit fredsparti? Kirsti Bergstø, leiar i Sosialistisk Ungdom, gjekk opp på talarstolen og uttrykte semje med dei som meiner at Noreg burde trekkja seg heilt ut av ISAF-styrkene. Det var berre så vanskeleg å seia dette når ein ville ha med seg andre, la ho til. Under røystinga vart det endå meir merkeleg når ein med Reza Rezaee (for øvreg internasjonal talsmann i SV) som motivator gjekk mot eit framlegg frå den mangeårige fredsaktivisten og presidenten i Noregs fredsråd, Fredrik Heffermehl om at Noreg snarast råd skulle trekkja seg ut av krigen! Grunngjevinga frå Heffermehl var at krigen ikkje berre hadde ført til krigsbrotsverk, men også var i strid med folkeretten. Ikkje heller dette kunne SVarane stilla seg bak! Dei stilte seg bak at krigen er folkerettsstridig, men det var ikkje nok til at ein skulle krevja at dei norske soldatane skulle trekkja seg ut.

Så kva er årsaka til SVs merkelege oppførsel i slik samanheng? Svaret er klart. Å delta i regjering har kosta for det som ein gong var eit fredsparti og som vart skipa på motstand mot Nato. I jakta på eit «kompromiss som er leveleg for alle partar i regjeringa», så gjekk altså SV med på å senda fleire okkupasjonsstyrker til Afghanistan. Det er nett det same som dei seier at dei ikkje vil. SV har nemleg fått det føre seg at dei norske spesialstyrkene ikkje kan bli send til krigshandlingar. Dei norske troppane skal nemleg ikkje sendast til det urolege Sør-Afghanistan, seier Bjørn Jacobsen, forsvarspolitisk talsmann i SV.

Taburettar går føre kamp for fred

Diverre er det slik at norske styresmakter har gjeve frå seg kontrollen over styrkene gjennom denne avgjerda. Anten driv SV eit medvite politisk spel for å halda på plassen i regjeringa, eller så er Jacobsen inkompetent for vervet sitt. Dersom det er det første som er tilfelle, så syner SV at regjeringsdeltaking er viktigare enn afghanske liv.

For Fredsinitiativet har også denne oppførselen og (mangelen på?) politiske lina sytt for at det ikkje lengjer er ein organisasjon som kan bli nytta for å skipa til initiativ som tek til orde for at Noreg skal kutta halehenget til USA (til og med NUPI-direktør Sverre Lodgaard hadde den analysen på TV2-nyhenda om morgonen 13.februar) og trekk seg heilt og fullt ut av det okkuperte Afghanistan.

Legg til kommentar

Vi oppfordrer til debatt og kritikk, men hold deg til saka og unngå personangrep.


Sikkerhetskode
Vis ny kode