fredag, 18 10 2019

statoil_logo_harald_pettersen
Statoils nye logo. Foto: Harald Pettersen, Statoil.
Kveldsnytt 12. desember melde at Statoil skal vera juniorpartnar i eit storstilt utbyggingsprosjekt for oljeindustri i Irak. Tydelegare kan det neppe seiast at Noreg er ein aktiv deltakar i plyndringa av ressursane til det irakske folket.

Statoil er kontrollert av den norske staten og ein (indirekte) reidskap i norsk utanlandssatsing. Det store oljefeltet som no er planlagt utbygt, skal i mengd svara til produksjonen av all olje i Nordsjøen. Statoil-sjefen kalla det som å koma til Mekka i oljeindustrien. Med folkeleg press og utan mandat frå SN valde statsminister Bondevik å gå imot den usanske bombekrigen mot Irak vinteren 2003. Seinare kom likevel norske soldatar på iraksk jord. No skal Noreg få løn for strevet med gylne oljekontraktar gjevne av quislingregimet i Bagdad. Saddam Hussain var ein banditt og diktator, men vestlege stormakter har ingenting med å avsetja og innsetja styring i andre land. Kva signal sender dessutan Noreg til klimatoppmøtet i København med planen om å opna endå nye oljefelt?

Obama viste sitt sanne eg i Oslo torsdag: Endå ein krigar sit på presidenttrona i Sambandsstatane. Han samanliknar terroristen Osama Bin Laden med diktatoren Adolf Hitler. Slikt gjev vel ikkje nett toppkarakter på Harvard. Bin Laden er ein kriminell eventyrar som burde burast inne, men han står ikkje brodden for ein mannevond ideologi som nazismen eller ein millionarme som den tyske. Obama fører fram lina til Bush og Cheney, men på ein meir utspekulert måte.

Imperialismen tyner livsgrunnlaget på kloten. Svaret vårt er revolusjon og sosialisme. På vegen treng me folkeleg reising og opprør mot kapitalen.

Legg til kommentar

Vi oppfordrer til debatt og kritikk, men hold deg til saka og unngå personangrep.


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Likte du det du leste? Vipps noen kroner til Tidsskriftet Revolusjon #114366 eller bruk Donér-knappen nedenfor.

Tusen takk for bidraget!