Ikkje steng røysta di inne i valurna, la henne høyrast på gata, på arbeidsplassen og på alle område i kampen for å gjera ende på eit samfunn som kvart fjerde år let oss velja kva for borgarlege parti som skal vidareføre kapitalistisk utbytting, rasisme og krig.

Valgurne.Det borgarlege politiske systemet og det borgarlege demokratiet er bygd opp for å administrera kapitalismen. Partia som stiller til val er i større og mindre grad ein del av dette systemet, og naudsynte for å halda oppe legitimiteten til den borgarlege klassestaten.

Den politiske skilnaden mellom dei ulike norske regjeringsalternativa er i dei fleste større politiske spørsmåla særs liten. Mange av dei store spørsmåla i Noreg vert avgjorte utanfor Stortinget, på styreromma i innan- og utanlandske konsern og i samanslutningar som EU, WTO og NATO. Hovudtrekka i utanrikspolitikken, medlemskap og lojal deltaking i NATO og so tett tilknytning til EU som råd via EØS-avtala, vil liggja fast. Dette trass i at potensielle regjeringsparti på kvar side som SP og Frp er motstandarar av EU, SP og SV er motstandarar av EØS, og SV (utanfor regjeringskontora) er motstandar av NATO.

Hovudtrekka i innanrikspolitikken vil òg uavhengig av regjeringsalternativ liggja fast på dei fleste område, med unnatak av graden av sentralisering og i kor høg grad dei rikaste i landet skal unngå å betala skatt. Uavhengig av formell farge på regjeringa etter 11. september so vil ho vera kapitalen sin reiskap, og nedbyggjing av velferden, press på arbeidarklassen, åtak på sosiale rettar og restriktive reglar andsynes asylsøkjarar vil halda fram.

Klasseinnrettinga på politikken vil vera den same om regjeringa vert styrt av dottera etter ein disponent i Bergen Sporveier, oppvaksen i Kalfaret, eller sonen etter ein skipsmeglar, oppvaksen på Ris. Dei strategiske politiske hovudlinene til dei eksisterande regjeringsalternativa vil vera dei same, men retorikken vil vera ulik.

Den sitjande regjeringa er den mest høgreorienterte i landet sidan Andre verdskrigen, og retorikken hennar er ikkje berre fråstøytande, men òg i seg sjølv fårleg. Då FrP blei rekna som stovereine vart det samstundes stovereint å vera litt rasist og ein sti opner seg for nazistane som har byrja marsjere i norske byer. Difor er vi klåre på at kapitalens mørkeblå regime må vekk, slik som heile fagrørsla krev. Ulike folkelege rørsler og distrikta utanfor dei store byane vil ha sjanse til noko større gjennomslag i ei AP/SP-regjering enn i ei H/Frp-regjering.

Dersom ein ikkje vel å røysta blankt ved stortingsvalet, vil vi oppmoda til å røysta på parti som på eit eller anna vis jobbar mot krise, krig og EU/EØS. Ingen av stortingspartia oppfyller dette i dag, men nokre av dei kan la seg pressa til å spela ei progressiv rolle på delområde, slik som at t.d. SP og SV stort sett er til å lite på når det gjeld kravet om utmelding av EØS. Det same gjeld for partiet Raudt i den grad dei greier å vinna mandat. Eit anna delområde med visse skilnadar er miljøvern, der nokre av partia vil freiste å bremsa eller stogga potensiell uboteleg skade på naturen som til dømes ved å gå mot oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og i arktiske strøk.

Båe dei to regjeringsalternativa som veljarane er presenterte for i årets val er representantar for borgarskapen sin stat og borgarskapen si makt. Båe dei to statsministerkandidatane er i røynda krigsforbytarar som har leia Noreg inn i ulovlege bombe- og intervensjonskrigar i Afghanistan, Libya og Syria.

Ein av dei viktigaste grunnane til at det vert avholdt parlamentariske val under kapitalismen er for å skjula dei røynlege makttilhøva i samfunnet. Karl Marx sa at val under kapitalismen handler om at

«dei undertrykte år om anna får lov til å bestemme kva for representantar for dei herskande klassane som skal få undertrykke dei».

Hovudoppgåva til desse vala er å skjula det borgarleg-demokratiske diktaturet, det vil seia borgarskapen og mindretalet sitt diktatur over arbeidarklassen og folkefleirtalet. Det vil vera å kasta blår i augo på arbeidarklassen å seia at ei AP-leia regjering vil vera progressiv.

Det vil vera å kasta blår i augo på arbeidarklassen å seia at ei AP-leia regjering vil vera progressiv.

Vi har sett oss som mål å sloss for ein klasse som representerar fleirtalet i folket, arbeidarklassen, og byggjinga av eit samfunn som representerar denne klassen: sosialismen.

Dette politiske målet kan ikkje nåast ved valurnene, korkje i 2017 eller i dei parlamentariske vala som kjem seinare. Det er ikkje ved valurna progressive kan gjere ein skilnad, men i klassekampen og i kampen mot krig og fascisme.

Vi treng å byggja ein brei front som slåss for desse verdiane og for velferd og demokratiske rettar.

Ikkje steng røysta di inne i valurna, la henne høyrast på gata, på arbeidsplassen og på alle område i kampen for å gjera ende på eit samfunn som kvart fjerde år let oss velja kva for borgarlege parti som skal vidareføre kapitalistisk utbytting, rasisme og krig.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.