tirsdag 18 mai 2021

korona fusion medical animation unsplash

Ved valet for åtte år sia var beredskap og førebuing ei hovudsak for Erna Solberg. Koronakommisjonen gjev regjeringa strykkarakter i sin rapport.

Koronakommisjonen oppnemnd av regjeringa la fram rapporten sin 14. april. I rapporten kom det fram sterk kritikk av regjeringas manglande vernebuing og sviktande planverk når covid-19 pandemien inntraff. Norske beredskapsstyresmakter, som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), har ved fleire høve i sine årlege risikovurderingar åtvara mot pandemiar og medisinmangel som den mest sannsynlege nasjonale krisa som kan oppstå i det norske samfunnet (langt føre t.d. terror og militær konflikt), og det som vil ha mest alvorlege konsekvensar for liv og helse. Otte over manglande smittevern- og medisinlagre har og dei siste åra vorte kommunisert av ulike fagpersoner innan helsevesenet.

Denne manglande beredskapen synte seg ved den skrikande mangelen på smittevernutstyr, oppdatert planverk, intensivplassar og helsepersonell med relevant kompetanse når pandemien inntraff.

Har berre lytta til lobbyistane

Rapporten kritiserar òg at vedtaket om nedstenging av det norske samfunnet var dårleg førebudd og utreda. Vidare framkomer det at det under nesten heile pandemien har vore sviktande planverk for og manglande oppfølging av importsmitte. Dette har i parentes bemerka og synt seg ved at lobbyistar frå næringslivet er den einaste gruppa under pandemien som regjeringa har lytta ordentleg til, og at behovet for importert billeg arbeidskraft har trumfa alle smittevernomsyn.

Det visast i rapporten òg til at kommunane ikkje har fått nok støtte under pandemien, korkje økonomisk eller når det gjeld informasjon.

Rapporten konkluderer likevel med at handteringa av pandemien samla sett har vore god, men grunnen til dette kjem i vesentleg grad av gjennomførte skippartak og løysingar på strak arm, den høge graden av tillit i det norske samfunnet, gode statsfinansar og eit godt organisert samfunn med relativt spreidd busettingsmønster.

Grunnlovsstridig

Ein viktig prinsipiell kritikk av regjeringa si handtering er korleis nedstenging av samfunnet vart vedteke. Rapporten konkluderer med at nedstenginga som vart iverksett 12. mars 2020 var grunnlovsstridig. Dette av di «saker av viktighet» iflg. grunnlovens paragraf 28 skal fattast av Kongen i statsråd (dvs. regjeringa) medan nedstengingsvedtaket vart fatta av Helsedirektoratet. No synar det seg òg at vesentlege delar av dette vedtakssgrunnlaget skjedde via sms-utveksling som etterpå har vorte sletta, slik at drøftingane og  grunnlaget for vedtaket slik heller ikkje etterprøvast. 

Andre konsekvensar av pandemihandteringa, som det som i røynda er tilsidesetjing av viktige demokratiske rettar, og kva som skjedde når regjeringa tok avgjerd om vaksinestrategi og -leverandørar, er ikkje handsama i kommisjonen sin rapport.

«Rettsstaten er erstatta av smittevernstaten»

Jussprofessor Hans Petter Graver har formulert det som har skjedd under pandemien som at «rettsstaten er erstatta av smittevernstaten». Det er ei god formulering, og betegnande for kva som har skjedd med dei borgarleg-demokratiske rettane som rørsle-, møte-, forsamlings- og demonstrasjonsfridomen under pandemien. 

Den røynlege unnatakstilstanden og unnatakslovane som no har vara i over eitt år vil òg ha konsekvensar for kva staten vil tillata seg i åra som kjem, og diverre kva som folk vil kunne finna seg i og verta vande med frå styresmaktene si side.