18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Tom lommebok Kreditt er ein integrert del av kapitalismen og har vore det sidan starten. Med kreditt kan produktivkraftene auka, og dimed produsera meir enn elles hadde vore mogleg, meir enn det er marknad for. Og kreditten kan nyttast til å kunstig auka etterspurnaden, den kan «skapa ein marknad» der det elles ikkje hadde vore grunnlag. Men konsumpsjonen har grenser, og vi får ei overproduksjonskrise. Når marknaden stoppar opp, trekk kreditten seg attende. Kva som då skjer med bransjar og verksemder som har basert seg på kreditt, er lett å skjøna.

Tom verktykasse

Moderne spekulasjonsøkonomi er ikkje berre sers risikabel, spesielt for naive og urøynde enkeltindivid eller kommunar, men òg i stor grad styrt av rykte og av konjunkturar i land langt borte. Det er ikkje åleine tilhøve i Noreg som gjer at 460 mrd. papirpengar (det same som eit halvt norsk statsbudsjett) forsvinn frå Oslo børs på berre fjorten dagar. Kapitalismen sin internasjonale karakter gjer at samanbrotet i USAs kreditt- og bustadmarknad får slike konsekvensar. Børsnedgangen, krakket, kjem både i resten av Europa og i Asia. Internasjonaliseringa gjer både krisene i økonomien djupare, og den gjer dei vanskelegare å snu. Det finst ikkje noka internasjonal «verktykasse», samstundes med at både EU og WTO har sørgd for at dei nasjonale «verktykassene» er nesten tomme.

Slutten på ein 60 år lang boom

Den krisa som no seglar opp, er meir alvorleg enn dei periodiske tiårskrisene sidan andre verdskrigen, meiner finansguru og superspekulant George Soros. Finanskrisa no markerer slutten på ein 60-årig boom, og «enden på ein æra med kredittbasert ekspansjon basert på dollaren som reservevaluta,» skriv Soros i Financial Times den 23. januar.

Her heime seier finansminister Halvorsen at «det går litt opp og ned», og økonomane hevda lenge det berre var tale om «korreksjonar». Det er lita trøyst når krisa gjer lønene lågare, arbeidsløysa høgare og velferdsstaten vert bygd endå meir ned.

Kapitalismen skapar føresetnadene for sin eigen undergang, det er marxistisk barnelærdom. Men ikkje åleine. Motkraftene er i Noreg i dag splitta eller kastrert. Arbeidarklassen har ikkje sitt eiga klasseparti. SV er vorte kapitalismen sin gjetar, partiet Raudt (Rødt) kan nok fronte nokre reform- og forsvarskrav, men har i praksis skrinlagt kampen for sosialismen. Kommunistane finst berre i små organisasjonar.

Den einaste korreksjonen som er varig medisin mot kapitalismen sine kriser, er revolusjon. Det vil ikkje skje før eit kommunistisk parti med rotfeste i klassen er attreist.

På kort sikt må arbeidsfolk og kommunistar vera budde på harde tider med stigande arbeidsløyse, gjeldsfeller og i verste fall fascisme. Kapitalistane og deira regjeringar – det vere seg raudgrøne, blå-gule eller blå-brune – vil ikkje sky noko middel for å verna om det økonomiske og politiske systemet sitt.

* Sub-prime tyder lån som ikkje er prima, dvs. som er usikre.

Frå kpml.no nr. 1 2008

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre