19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Statsbudsjettet for 2019 baud ikkje på så mange overraskingar. Nok ein gong legg den blåsvarte regjeringa fram eit budsjett som gjev meir til dei rike, som stel frå dei med dårleg råd og som legg til rette for opprusting og krig.

Blyanter eller raketter? Blyanter eller raketter?

Det vert meir til dei som har mykje frå før, ved at selskapsskatten vert redusert og botnfrådraget for formueskatten vert auka. Nokre hundrelappar i skattelette for folk flest forsvinn i auka maksimalpriser i barnehagen, høgare eigendelar hjå lækaren og andre avgiftshopp.

Samstundes vil grupper som frå før er i ein sårbar situasjon få det vanskelegare, mellom anna  ved at «ostehøvelkutta», formelt iverksett for å effektivisera og avbyråkratisera offentleg sektor, og som råkar all offentleg verksemd, særleg vil slå negativt ut for kommuneøkonomien og dei ulike velferdsytingane som kommunane står for.

Eit døme på smålegheita til H/FRP/V-regjeringa er at dei vil kutta i stønaden og ytingane til glutenallergikarar, og i bleier til folk som lir av inkontinens. Studentar som skiftar studieløp eller som ikkje maktar fullføra ein påbyrja grad, skal straffast økonomisk ved at stipendieandelen vert gjort om til lån.

Reiarlaget Color Line får høve til å registrera Kiel-fergene sine i Norsk Internasjonalt Skipsregister, noko som i første omgang tyder at utanlandske lågtløna arbeidarar kan erstatta 700 norske tilsette på dei same skipa.

Rause løyvingar til krig

Forsvarsbudsjettet, eller det som vel etter kvart er rettare å kalla eit krigsbudsjett, får derimot ei auke på fire milliardar kroner, til 58,9 mrd kr i 2019. Hovudvekta her er løyvingar som går til auka investeringar. 27 % av budsjettet går til investeringar til nye jagar- og overvakingsfly, og til ubåtar. Her er det norske forsvarsbudsjettet i front blant NATO-landa, då tilrådd minstesats for investeringar her er på 20 %.

Ein del av dette budsjettet vil og gå til å dekkja opp utgifter i etterkant av den store militærøvinga Trident Juncture 18. Elles er det slått fast i budsjettframlegget at eit viktig mål er «Styrking av vertslandstøtte til alliert trening og øving.»

Basepolitikken frå Noreg vart med i NATO, kor utanlandske styrkar ikkje skal stasjonerast i landet i fredstid, vert no formelt avvikla. Dette ikkje berre gjennom faktisk stasjonering av amerikanske styrkar på Værnes og Setermoen, og britisk helikoptermannskap på Bardufoss, men òg via følgjande formulering i statsbudsjettet for neste år:

«Alliert tilstedeværelse i norske nærområder og på norsk territorium i fredstid, og tilrettelegging for rettidige allierte forsterkninger om hendelser eller situasjoner skulle eskalere, er av stor betydning for norsk sikkerhet.»

Her er formuleringa «i fredstid» særleg verdt å merka seg.

Samstundes med at budsjettfamlegget syner til at det er til dels vesentleg underdekning av personell til å bemanna eksisterande militært materiell her i Noreg, som tilfellet er med mannskap til fregattane, korvettane og helikoptra, så planleggjast det framleis omfattande norsk krigs- og militærdeltaking i NATO-regi i ymse framande land. Den militære innsatsen i utlandet utførast i hovudsak med dei verva militære spesialavdelingane FSK og MJK, og med Telemark Bataljon. Dette går i budsjettframlegget og i offisiell norsk militærterminologi ofte under namnet «kapasitetsbygging».

Dette gjeld Afghanistan, Irak, Jordan, Litauen og Kosovo. Vidare planleggjast norsk militært nærvær, under leiing av Frankrike, i Sahel-området i Afrika. Dette som lekk i å knytta Noreg endå tettare opp til EU sitt militære prosjekt i Afrika, mellom anna «fredsfondet» European Peace Facility.

Vekk med støtte til fredsorganisasjonar

Forsvarbudsjettet for 2019 syner òg eit av dei stadig tilbakevendande problema for norsk militær budsjettplanleggjing. Det er mangel på konsistens som førar til sløsing og overskridingar. I budsjettet for 2019 skal det t.d. kjøpast eit antal kommersielle småbåtar til HV til bruk for objektsikring i kystområda. Dette berre eitt år etter at Sjøheimevernet, som disponerte om lag 200 sivile småbatar, vart avvikla.

Heimevernet (HV), som med 40 000 soldatar er den desidert største norske forvarsgreina, får eit budsjett på 1,4 mrd kroner, noko som er ei auke på 158 mill. kr i høve budsjettåret 2018. Dette vil gå til å bøta på dei store manglane i sikring av ein rad skjermingsverdige sivile og militære objekt, som Stortinget har kritisert regjeringa for i den inneverande budsjettperioden.

Samstundes med rundhanda påplussingar til militærbudsjettet, legg regjeringa opp til å fjerna alle offentleg stønad til dei ulike fredsorganisasjonane, som tidlegare år har fått tildelt midler via statsbudsjettet.

Dette vil verta eit bra budsjett for norsk krigsdeltaking i andre land, men eit tilsvarande dårleg budsjett for svakarestilte grupper her i landet.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre