Kommunistisk plattform ved inngangen til eit nytt årtusen. 46 teser.

Av Kjell Underlid, sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)


Den plattforma som her vert presentert er å forstå som eit systematisert sett av synspunkt (teser) og er meint som utgangspunkt for diskusjon i den kommunistiske rørsla. Den er i høgste grad uferdig, og kan med fordel utdjupast og utvidast. mange av tesene kan verke sjølvsagde og banale for den &laqno;innvidde». Men også det &laqno;innlysande» bør seiast, og vi bør ikkje berre henvende oss til kameratar med lang &laqno;fartstid». Også banalitetar kan vere viktige! Det å uttrykke seg i tesar har både fordelar og ulemper. Omtalen vert mindre analytisk og kan lett få preg av overforenklingar og &laqno;evige», &laqno;absolutte» og abstrakte &laqno;sanningar». På den andre sida kan ei slik form vere nyttig reint pedagogisk; den kan verke klargjerande og strukturerande og vere eit godt utgangspunkt for drøftingar.

Plattforma inneber (frå forfattaren si side) ein freistnad på å gjere det implisitte eksplisitt - på å formulere &laqno;taus kunnskap» og &laqno;taus forståing». Utgangspunktet er subjektivt: Eigne refleksjonar som her vert delt med andre.

Forfattaren har ingen ambisjonar i retning av nytenkjing og originalitet, og har på eit fritt grunnlag henta inspirasjon frå ei rekke ulike kjelder. Det nye og originale ligg eventuelt i forma og konstellasjonen av synsmåter. desse er forholdsvis allmenne: Dvs. nokså uavhengige av tid og stad. Framstillinga byggjer formmessig på eit &laqno;knapphetsideal»: Ein freistnad på å ikkje bruke fleire ord enn strengt nødvendig. Forma er såleis prega av spissformuleringar. Elles er enkelte av tesene merkt av etisk og sosialpsykologisk tenkjing.


1. Den mest grunnleggjande verdi, meininga med livet, ligg i den kjempande humanisme: Kampen for eit samfunn der menneskeleg liding er redusert til eit absolutt minimum, og der menneskelege behov i størst mogeleg grad vert tilfredsstilt.

  • Eit jordisk paradis.
  • Eliminere unødvendig (samfunnsskapt) liding.
  • Menneskeleg lykke vert ikkje fullendt så lenge denne berre gjeld for eit mindretal eller ein majoritet (mindretalet, uansett storleik, er viktig).
  •  

    2. Vår tids menneske treng mål og meining med livet, og verdssamfunnet treng grunnleggjande endringar.

    3. Målet er eit globalt system der alle yter etter evne og elle får etter behov, og der all undertrykking og utbytting er avskaffa (det klasselause samfunn).

    4. Ein slik tilstand er ønskjeleg og mogeleg å oppnå.

    5. Målet om det klasselause samfunn kan ikkje realiserast under kapitalismen.

    6. Kapitalismen har ulike &laqno;andlet» etter produktivkreftene sitt utviklingsnivå, innslag av borgarleg demokrati og sosial velferd, men er uansett basert på utbytting av arbeidskraft og klassedeling.

  • Kapitalismen er derfor i seg sjølv umoralsk.
  • Kapitalismen ber historisk ansvaret for eit hav av menneskeleg liding knytt til krig, kolonialisme, imperialisme, skeivfordeling av goder o.a.
  • Dagens kapitalisme tek årleg livet av titals millionar menneske (svolt og underernæring i u-land).
  • 7. Vår tids sosiale problem er menneske- og samfunnsskapte og eigentleg unødvendige.

  • - Svolt
  • - Fattigdom
  • - Arbeidsløyse
  • - Analfabetisme
  • - Mangelfulle helsetilbod
  • - Kriminalitet
  • - Prostitusjon
  • - Rasisme
  • - Kvinneundertrykking
  • - O.a.
  • 8. Vår tids sosiale problem kan berre løysast av menneska sjølv via grunnleggjande samfunnsendringar, og dette er mogeleg.

    9. Vår tid er kjenneteikna av ein veldig diskrepans mellom det mogelege og &laqno;tingenes faktiske tilstand».

  • Ressursane på jorda er rike nok til at alle kan leve eit godt liv. Det er eit fordelingsspørsmål.
  • Vi er i stand til å setje folk på månen. Vi kan også løyse dei store spørsmåla knytt til fordeling og miljø.
  • Vi har utvikla ein teknologi som mogeleggjer eit godt liv for alle om denne vert brukt til menneska sitt beste.
  • 10. Målet om det klasselause samfunnet fri for utbytting og undertrykking kan berre realiserast under kommunismen.

  • Kommunismen er middelet og målet.
  • 11. Kampen for kommunismen er eit langsiktig prosjekt.

    12. Kampen for kommunismen (og for utvida demokrati og sosialisme) må nødvendigvis vere organisert og kollektiv.

  • Enkeltindivid og grupper av menneske med same mål må slutte seg saman for å oppnå styrke og effektivitet i kampen for eit nytt og annleis samfunn.
  • 13. Kampen for kommunismen må ta utgangspunkt i

  • måla og visjonane om framtidssamfunnet
  • ein analyse av dagens samfunn (kapitalismen og imperialismen)
  • vegen til målet (strategi og taktikk)
  • historiske lærdommar.
  • 14. Kampen for kommunismen må skje etappevis.

    15. Etappemål 1 er utvida demokrati.

  • Den antimonopolistiske strategi.
  • Kontroll og styring med kapitalkreftene.
  • Styrking av folkestyret: Meir makt til Storting, fylkesting og kommunestyre.
  • 16. Etappemål 2: Sosialismen.

  • Sosialisme betyr at samfunnet overtek eigedomsretten til produksjonsmidlane.
  • 17. Etappemål 3: Kommunismen.

    18. Ei fallgruve i den etappevise kampen for kommunismen er at ein vert så einsidig oppteken av problemstillingar knytt til utvida demokrati at dei meir langsiktige og overordna perspektiva og måla vert ignorert.

  • Sosialdemokrati, reformisme.
  •  

    19. Andre fallgruver ligg i venstreekstremisme, venstresekterisme, venstrepopulisme, utopisme og voluntarisme.

  • Kommunistar må alltid handle ut frå ein analyse av kva som er objektivt og subjektivt mogeleg, på kort og lang sikt. Konkrete analyser av det norske og internasjonale samfunn må liggje til grunn for strategi og taktikk.
  • Kommunistar har ingen særinteresser, og må alltid stille spørsmålet om kva som gagnar eller skader arbeidarklassen, på kort og lang sikt.
  • Ueigennyttig einskapsarbeid må vere kommunistane sitt &laqno;varemerke».
  • 20. Kommunistpartiet sin sosiale basis er arbeidarklassen og andre lag av folket som har interesse av grunnleggjande samfunnsendringar i demokratisk og sosialistisk retning.

    21. Kommunistpartiet bør vere romsleg og ope for mange: For alle som vil kjempe for vårt mål og som aksepterer fleirtalsavgjersler (jfr. demokratisk sentralisme).

  • Avvikande synspunkt når det gjeld vurdering av historiske hendingar, religiøs orientering og syn på strategi/taktikk bør aksepterast.
  • 22. Arbeidarklassen veks i antal på verdsbasis. I dei høgt utvikla kapita-listiske landa vert arbeidarklassen redusert i antal og får ei anna samansetning. Det betyr likevel ikkje nødvendigvis at arbeidarklassen får redusert betydning som samfunnsmessig kraft.

    23. Den kommunistiske lære må vere vitskapleg.

  • Tufta på teori og empiri.
  • Tufta på Marx, Lenin, Engels og andre kommunistiske teoretikarar.
  • 24. Kommunismen må vere verdibasert.

  • - Sosial rettferd
  • - Sanning
  • - Økologisk etikk
  • - Kjempande humanisme.
  • 25. Den kommunistiske lære må vere levande, dynamisk og sjølvkorrigerande.

    26. Den kommunistiske rørsla må ha absolutte ideologiske ankerfeste og klare definitoriske kjenneteikn.

    27. Kommunistrørsla sine absolutte ankerfeste og definitoriske kjenneteikn må vere:

  • mål: kommunismen (det klasselause samfunn)
  • verdiar: kjempande humanisme, sosial rettferd, økologisk etikk, fred
  • vitskapleg: marxismen-leninismen og generelt all teori og empiri som har nytteverdi i kampen for kommunismen
  • internasjonalistisk
  • organisasjonsprinsipp: den demokratiske sentralismen
  • Nytenkjing innanfor desse rammene er verdifullt.
  • Dei definitoriske kjenneteikna er utgangspunkt for val av søsterparti.
  • 28. Kommunistane sitt organisasjonsprinsipp må vere demokratisk sentralisme, dvs. at eit mindretal må rette seg etter fleirtalsvedtak etter grundig demokratisk behandling og at lågare partiorgan må rette seg etter vedtak fatta av høgare organ i partiet.

    29. For at demokratisk sentralisme skal fungere tilfredsstillande må dette organisasjonsprinsippet praktiserast ytterst demokratisk og på ein romsleg måte.

    30. Partiet må i særskilde tilfelle ha høve til å dispensere frå kravet om at alle skal rette seg etter partivedtak.

  • Saker som ikkje er av prinsippiell natur.
  • Kravet om å aktivt arbeide for fleirtalsvedtak som ein er sterkt usamd i.
  • 31. Dagens samfunn er statsmonopolkapitalistisk. Verda er prega og dominert av dei transnasjonale monopola. Den einaste måten å vinne kontroll med kapitalkreftene på, og oppnå demokratisk styring, er å mure kapitalismen inne innanfor rammene av nasjonalstaten. Det må derfor byggast opp tollmurer. EU er ikkje styrbar, og gjev kapitalkreftene fritt spelerom. Slike styrbare økonomiske einingar er eit nødvendig vilkår for å løyse miljøproblema og avskaffe arbeidsløysa. Dei økonomiske murane betyr ikkje isolasjon. Globale miljøproblem må løysast av landa i fellesskap. Økonomiske murar forhindrar ikkje internasjonalt samarbeid for fred og tryggleik og øydeleggjer ikkje for kulturell og personleg kontakt over landegrensene. Tollmurane vil redusere handelen mellom landa og den økonomiske veksten, og vil innebere større grad av sjølvberging. Dette vil gje store miljøfordelar.

    32. Sovjetunionen, Kina og landa i Aust-Europa var sosialistiske før dei siste omveltningane i den forstand at det offentlege eigde produksjonsmidlane.

    33. Desse samfunna var progressive i den forstand at dei representerte eit brot med kapitalismen og imperialismen.

    34. Andre positive sider ved desse samfunna var at grunnleggjande velferdsordningar som arbeid, gratis helsetilbod og utdanning var sikra for alle, støtte til frigjeringsrørsler og fredspolitikken.

    35. Dei viktigaste veikskapene ved desse samfunna var manglande respekt for dei sivile menneskerettane, manglande demokrati, ineffektivitet og miljøøydeleggjingar.

    36. Årsakene til at realsosialismen ikkje lykkast betre var at sosialismen vart innført i land med lite utvikla produktivkrefter og manglande demokratiske tradisjonar, interne veikskapar (sjå pkt. 35) og eksterne faktorar (kald krig/rustningskappløp, økonomisk krigføring frå vestlege land o.a).

  • I alle høve mislykkast dei ikkje på grunn av marxismen, men snarare på grunn av avvik frå dei sosialistiske prinsippa.
  • 37. Det var rett av dei kommunistiske partia i den kapitalistiske verda å støtte dei sosialistiske landa, men feil å unnlate å kritisere desse samfunna for unødvendige brot på sosialistiske, demokratiske, humanistiske og økologioske prinsipp.

    38. Kommunistrørsla sine viktigaste lærdommar og korreksjonar etter overgangen frå sosialisme til kapitalisme i dei tidlegare sosialistiske landa må vere:

  • Både dei sivile og sosiale menneskerettane må respekterast fullt ut under sosialismen.
  • Sosialismen må vere gjennomført demokratisk, og må sikre reell folkeleg kontroll og innsyn i makthavarane sine disposisjonar.
  • Sosialismen må ta omsyn til økologiske lover og ta vare på miljøet.
  • Sosialismen (at produksjonsmidlane er eigd av det offentlege) er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for det gode samfunn.
  • 39. Den internasjonale kommunistrørsla si historie er ei historie om både sigrar og nederlag, framgang og tilbakeslag, sosiale og menneskelege kvalitetar (oppofring, solidaritet, engasjement, mot, kameratskap) og negative avvik (fanatisme og ekstremisme, øydeleggjande indre strid, svik). Denne historiske tradisjonen kan førast tilbake til rørsler som har kjempa for sosial rettferd i førindustriell/førkapitalistisk tid.

    40. Kommunistane vedkjenner seg si historie, vil trekke lærdommar av denne historia og vil byggje vidare på det beste i denne historiske tradisjonen. Det beste i den kommunistiske arven ligg i den ueigennyttige, solidariske og prinsippfaste kampen for eit betre samfunn som særleg har kjenneteikna grasrota innan kommunistrørsla.

    41. Kommunistrørsla vil likevel ikkje drive botsøvingar og endelaus og altoppslukande sjølvkritikk etter oppfordring og krav frå borgarskapet, og på herskarklassen sine premissar.

  • Vi har ikkje ansvaret for århundrer med kolonialisme og imperialisme, for ekstrem skeivfordeling av godene nasjonalt og internasjonalt, for verdskrigar. Vi høyrer likevel sjeldan eller aldri sjølvkritikk frå forsvararar av kapitalismen.
  • 42. Kommunistrørsla bør ikkje skifte namn og symbol før heile den inyternasjonale rørsla er samd om eit betre alternativ.

  • Det vil vere ein variant av opportunisme og ei overflatisk form for nyorientering.
  • Det vil dessutan svekke dei banda som bind kommunistar saman over heile jordkloden.
  • 43. Kommunistrørsla treng eit utvida etisk fundament som også må gjelde enkeltindivid, mellommenneskelege relasjonar og mindre grupper (&laqno;den nære etikk»).

  • Samsvar mellom liv og lære (kongruens), mellom ord og handling, også i nære relasjonar.
  • Kommunistar må ha ein livsførsel som vekker tillit og respekt.
  • ei slik erkjenning bør nedfelle seg i prinsipp-program og partilover.
  • 44. Kommunistrørsla må ta eit oppgjer med &laqno;hensikten helliger middelet»-tankegangen.

  • Også i vår rørsle har mange handlingar blitt rettferdiggjorde ut frå omsynet til målet, til den gode saka. Men middelet er ikkje likegyldig, men viktig i seg sjølv. Sjølv om dei konkret-historiske vilkåra langt på veg må avgjere val av kampmidlar, bør kommunistar over heile verda avvise valdelege verkemiddel og nytte pasifistiske/ikkje-valdelege arbeidsmetodar (i fredstid).
  • 45. Det er mange subjektive barrierer i kampen for kommunismen, men desse kan overvinnast.

  • Lært hjelpeløyse. Mange partikameratar har gitt op etter å ha kjempa i motvind i årevis og berre møtt motgang. Botemiddel: Erkjenning av at det nyttar, senking av ambisjonsnivået, forståing for politisk véromslag, sosial støtte.
  • Manglande kunnskap og forståing. Botemiddel: Marxistisk skoleringsverksemd.
  • Massemedia og &laqno;det ideologiske trykk». Massemedia i dei kapitalistiske landa er eigd og styrt av den herskande klasse, og har interesse av å svartmåle sosialismen og skjønnmåle kapitalismen. Heile det ideologiske &laqno;trykk» er dominert av den borgarlege ideologi. Botemiddel: Marxistisk skolering og bevisstgjering.
  • Det nære sosiale trykk. Kommunistar vert enno i stor grad møtt med latterleggjering, mistenkeleggjering, ignorering, trakassering o.l. i nære sosiale samanhengar, Vi skal &laqno;svare for» og stå personleg ansvarleg for alt negativt som vert forbunde med Sovjetunionen og Aust-Europa. Botemiddel: Marxistisk skolering og bevisstgjering og sosial/kameratsleg støtte.
  • Manglande engasjement og tru på saka. Etter overgangen til kapitalisme i dei tidlegare sosialistiske landa har mange mist trua på sosialismen og trur at kapitalismen har sigra for godt. Botemiddel: Marxistisk skolering og bevisstgjering, innta eit meir langsiktig perspektiv, erkjenninga av at også kapitalismen er i krise og er ute av stand til å løyse vår tids problem.
  • Eigeninteresser. Mange opplever at dei har ingenting å tene på å arbeide i og for kommunistpartiet, og alt å tape (karriere, omdømme o.a.). Botemiddel: Appell til sosialt samvit og intellektuell erkjenning.
  • Mangel på gode partimiljø. Botemiddel: Prøve å byggje opp gode miljø med ein kameratsleg, ivaretakande og handlingsorientert kultur.
  • 46. Kommunistar bør organisere seg betre på tvers av landegrensene, og byggje ut kontakten seg i mellom.

  • Det må etablerast eit kontaktnett av kommunistparti i verdsmålestokk.
  • Namn og adresselister på søsterparti må framskaffast.
  • Det må arrangerast internasjonale seminar og konferansar.
  • Den skriftlege kommunikasjonen må intensiverast.
  • Det bør etablerast eit sekretariat for kommunistpartia i Europa.
  • For ei sterk og velorganisert kommunistisk verdsrørsle tufta på marxismen-leninismen og demokratiske, økologiske og humanistiske verdiar!

    Innholdsoversikt Kommunistisk Forum