19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Hercules C-130Hercules C-130. Det er fly av denne typen Norge allereie har i Mali.

På fransk oppmoding «vurderer» Forsvarsdepartementet å sende fleire soldatar til Mali.

I mai 2019 sende Noreg eit Herkules C-130J transportfly og 60 soldatar til teneste i Mali. Oppdraget skal etter planen vare til 2022. Sidan dette oppdraget er i regi av FN har det fått lite merksemd i Norge. Men det er liten grunn til å sluke intensjonen med hud og hår. Det er absolutt på sin plass å reise ein del prinsipielle spørsmål.

Kvifor er det så tette band mellom FN sitt oppdrag og Frankrike og EU sin militæroperasjon i same området?

Det er Frankrike sine gamle koloniinteresser som blir vidareført gjennom dette oppdraget. Afrika har alltid vore eit interesseområde for europeisk imperialisme. For ein kommande EU-hær vil det vere av stor interesse å skaffe seg maktbastionar på det afrikanske kontinentet. Kontinentet er rikt på mineral, gull olje, rik landbruksjord og ikkje minst eit stort marked for Vesten sine varer.

Frankrike sine gamle koloniinteresser blir vidareført gjennom dette oppdraget

Norge har delteke i operasjon MINUSA (United Nations Multidimensional Integrated Stabilization Mission in Mali) sidan starten i 2013. For å kunne selje dette militære oppdraget til den norske opinionen har det blitt framheva at vi er der for å kjempe mot terror og skape fred og demokrati i landet. FN-oppdraget består av 15 000 soldatar, men det har ikkje lukkast å skape fred for folket i Mali. Oppdraget er rekna som svært farleg og i 2018 vart det retta 235 væpna angrep på FN-styrken. Og ikkje berre frå det som blir karakterisert som terrorgrupper, men og frå vanlege folk som er frustrerte over dei manglande resultat som FN kan vise til. Dei er langt frå å ha kontroll over stoda i landet.

Eit resultat av krigen mot Libya

Uroa og terroren i Mali er eit av resultata av krigen mot Libya i 2011. I denne krigen gjorde det norske flyvåpenet ein stor innsats for å øydelegge eit av Afrika sitt best fungerande land. Oppløysinga la etter seg eit vakuum som fekk konsekvensar og la grunnlag for ulike terrorgrupper langt utanfor Libya sine grenser. Mellom anna inn i landa i Sahel-provinsen, som Mali er ein del av. Dette skapte ein uoversiktleg og komplisert politisk situasjon.

Det norske transportflyet skal frakte last rundt i området og dei norske soldataner drifte basen kalla Camp Bifrost. Dei norske tenestene og basen skal kunne brukast både av FN og den fleirnasjonale styrken. Den er leia av Frankrike og er samordna med militæroperasjonar i Mali, Mauritania, Niger, Burkina Faso og Tsjad. Desse G5-landa er gamle fransk koloniar der Frankrike framleis har store interesser.

Rett etter Libya krigen i 2011 gjorde fleire folkegrupper opprør i Mali. Det førte til at sentralregjeringa følte sin posisjon truga og ba i 2013 Frankrike om hjelp til å få kontroll. Dei sende 4000 soldatar som saman med 6000 soldatar frå andre afrikanske land intervenerte. FN sitt tryggingsråd gav så i 2017 grønt lys for at deira soldatar kunne samarbeide med den fleirnasjonale styrken. Difor blir det kunstig å oppretthalde eit skilje mellom FN-styrken og den fleirnasjonale. Desse to oppdraga fører eit samarbeid som har eit felles formål: militær, økonomisk og politisk kontroll i regionen.

Uran og råvarer

Mali er er eit land rikt på ressursar. Det kjem ikkje vanlege folk til gode fordi korrupsjon og vanstyre syter for å halde fattige nede. Det har mellom anna ført til at folk ser på den fleirnasjonale styrken som okkupant og medløpar for regjeringa.. Det gav seg utslag i store protestdemonstrasjonar i Bamako, hovudstaden i Mali, i januar i år.

Frankrike føler seg pressa fordi dei ser seg nå rundt etter andre løysingar. Samstundes er dei avhengige av dei ressursane som Mali har å by på. Øverst på den lista står uran, som Frankrike treng til sine atomkraftverk. Dei har kontakta fleire land for å bidra til ein ny europeisk kampeining, kalla Takuba. Eit av dei er Norge.

«Norsk deltaking i den fleirnasjonale styrken vil med rette bli oppfatta som støtte til vestleg og fransk imperialisme i Afrika.»

Demonstrasjonane i Bamako er retta mot Frankrike og andre som er alliert til den fleirnasjonale styrken og dermed også til det norske nærværet. Skal vi ytterleg trappe opp så blir vi ein fortropp og reiskap for Vesten sin imperialisme.

Grunnleggande er problemet med terror i Mali og resten av Sahel-området at det er skapt av Vesten sine krigar i Afrika. Det kaoset som blei skapt i Libya i 2011 oppfostra terroristar som seinare drog sørover til Sahel for å skape nye maktbaser. Å sende militære styrkar til området fører berre til ei ytterleg opptrapping av konfliktane i ein vanskeleg uoversiktleg politisk situasjon. Vesten har hatt styrkar i desse områda sidan 2013, men kan ikkje peike på nokon positiv effekt.

Norge har difor ingen ting i Afrika å gjere og bør straks trekke ut. Utvida deltaking i den fleirnasjonale styrken vil med rette bli oppfatta som støtte til vestleg og fransk imperialisme i Afrika.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre