16 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Fredag 6. oktober blei Nobels fredspris 2017 tildelt International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).

ICAN logoICAN blei etablert i 2007 med den hensikt å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Og eit langt skritt blei tatt då 122 statar underteikna ein avtale om forbod i FN den 7. juli i år. Dersom 50 nasjonar ratifiserer denne avtalen, blir den internasjonal rett.

Millionar av menneske og 500 grasrotorganisasjonar i over 100 land har dei siste ti åra jobba aktivt for at ICAN sitt mål skal lukkast og at alle verdas land skal underteikne ein avtale. For dette arbeidet er fredsprisen enormt viktig og ein inspirator til å jobbe vidare for ei verd utan atomvåpen.

«Stopp NATO» vil gratulere og samstundes yte vår del for at målet skal bli nådd. Akkurat nå er denne prisen viktig fordi faren for ein atomkrig er større enn nokon gong. Eit forbod kan stigmatisere atomvåpen og vere ei viktig motvekt til den opprustninga vi ser over heile verda.

Eit spark til NATO og Norge

FN forhandlingane blei ført i ein positiv og optimistisk tone og førte fram til ein avtale i juli i år.  NATO boikotta forhandlingane og Norge fekk i mars beskjed at dersom vi slutta oss til ville det vere i strid med NATO-medlemskapet. Difor støttar heller ikkje Norge eit forbod.

Fredsprisen til ICAN er eit gjennombrot for kampen mot masseøydeleggingsvåpen.

Dette er ei skam og vi må nå jobbe aktivt for at Norge sluttar seg til og ratifiserer avtala. Fredsprisen sender eit kraftig signal til alle dei landa som stilte seg utafor.
Og det set eit kraftig søkelys på regjeringa Solberg som ikkje eingong ville vere med å forhandle fram ein tekst til forbod.

Men den er eit gjennombrot for kampen mot masseøydeleggingsvåpen på linje med forbod mot kjemiske våpen, landminer og klasevåpen.

Dette vil ta kampen mot atomvåpen opp på eit høgare nivå. Når vi tidlegare har snakka om dette så er søkelyset oftast retta mot «ulydige statar» eller terroristar.
Med denne fredsprisen kan vi for alvor peike på dei store atommaktene, på supermaktene sitt enorme arsenal. Blir dette nokon gong brukt, er det nok kapasitet til å øydelegge verda fleire hundre gonger.

Vi må intensivere søkelyset på Norge si tvilsomme rolle og ikkje minst på NATO sin  militærmaskin, opprustning og krigsscenario.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre