20 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

beredskap1263

Ny krisefullmaktslov vil gje regjeringa lovheimel til å bryta loven.

Lovframlegget legg opp til å kunne fjerna rettstryggleiken og hevdvunne demokratiske rettar ved eit enkelt regjeringsvedtak.

Regjeringa har sendt eit lovframlegg om ny krisefullmaktslov ut på høyring. Lovframlegget baserer seg på ei innstilling frå det sokalla Beredskapshjemmelutvalget, med tittel «Når krisen inntreffer», og skjer på bakgrunn av ei beslutning frå dåverande Justis- og beredskapsminister Sylvi Listhaug frå januar 2018.

Særs omfattande

Framlegget til krisefullmaktslov er særs omfattande og vil kunne regulera nær sagt alle sektorar i samfunnet. I utvalsarbeidet fram mot ferdig framlegg har òg uvanleg mange institusjonar og personar vorte trokke med, noko som venteleg vil vera med på å sikra oppslutning om framlegget.

I innstillinga er ei rad hendingar og tilhøve trekt med i argumentasjonen for kvifor ein slik særlov er naudsynt, som cyberåtak, terrorhandlingar, pandemi, atomkatastrofe i Russland, flyktningetilstrøyming, vulkanutbrot, medisinmangel og alle tenkelege formar for naturkata-strofar.

Omfattande sosial og politisk uro, store demonstrasjonar eller streikar i særleg viktige sektorar er ikkje nemnd, men det er nett slike hendingar som lovgiving av denne typen nok høver best til å regulera.

Krisefullmaktsloven skal koma i tillegg til og regulera forhold som ikkje fangast opp av eksisterande lovgiving på beredskaps- og kriseområdet, då særleg Beredskapsloven (Lov om særlege rådgjerder under krig, krigsfare og liknande forhold av 15. desember 1950) som gjeld når krig og krise trugar eller rikets sjølvstende er i fåre. (Lova vart vedteken for i hovudsak å kunne internera kommunistar utan lov og dom, fråvike diverse demokratiske rettar og for å kunne setja inn militære styrkar utan i direkte krigstid.) Staten har òg ein ulovfesta konstitusjonell naudrett ved ulike formar for krisesituasjonar, som m.a. har vorte nytta ved ymse naturkatastrofar som storm, ras, flaum, ved den tyske okkupasjonen og ved terroråtak (22. juli).

Kan overstyra media

Det er fleire forhold som gjer dette lovframlegget spesielt. De mest openberre er at regjeringa får omfattande fullmakt til å setja tilsides vedtekne lover, supplera eksisterande forskrifter og lovgiving, suspendera personlege demokratiske rettar, hindra ferdsel, rekvirera eigendelar som bygningar, bilar, båtar osb., samt kunne styra kva som skal og kan offentleggjerast i media.

«Sikringsventilen» som regjeringa vonar skal stilna kritikarane, er at desse fullmaktene berre skal gjelda for eit avgrensa tidsrom, og at Stortinget må konsulterast innan ti dagar.

Eit anna forhold som gjer lovframlegget noko spesielt i norsk samanheng er at det tek sikte på å vera sektorovergripande, «tverrsektoriell», dvs. at det uavgrensa juridiske og politiske ansvaret for sitt område som alle departement og ymse statlege institusjonar har, vert sett til sides, og all makt vert gitt til regjeringa eller den institusjonen som regjeringa gir slik fullmakt.

Dimed vil det hevdvunne borgarlege statsrettslege prinsippet om maktfordeling mellom dei ulike statsorgana verta sett til sides.

Framlegget til ny krisefullmaktslov er særs vidtfemnande og vil gje regjeringa lovmessig heimel til å iverksetja alle tiltak som ho vil, om ho meiner det er naudsynt. Om loven vert vedteke, kan ei regjering svært raskt innanfor eit avgrensa tidsrom kunne fråta innbyggjarane i heile eller delar av landet alle fridomar og rettar som vi tek for gitt.

Veike reaksjonar

Så langt har det kome få og veike reaksjonar på framlegget, og røyster som tradisjonelt plar forsvare personlege fridomar, rettstryggleik og demokratiske rettar, har i liten grad latt høyra frå seg.
Motstanden og motførestellingane mot framlegget må verta tydelege og sterke om det skal kunne slåast attende.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre