søndag, 15 09 2019

E-tenesta har lenge samla inn og lagra kommunikasjon om og mellom norske borgarar. I staden for å stogge ein ulovleg praksis, lagar styresmaktene ein lov som er tilpassa praksisen.

Nye fullmakter til E-tenesta.

Regjeringa sendte i november ut framlegg til ny lov om Etterretningstenesta med høyringsfrist 12. februar 2019. Lovframlegget omfattar som venteleg «digitalt grenseforsvar», dvs. «tilrettelagt innhenting av grenseoverskridende kommunikasjon» som det heiter i teksten.

Metadata vert lagra i lang tid

Dette vil medføra rettsleg høve til å lagra sokalla metadata, informasjon om kven som kommuniserar med kven og når, i eit tidsrom inntil 18 månadar, uavhengig av innhaldet i denne kommunikasjonen. Legalt høve til slik datainnhenting og -lagring har vorte førebudd av styresmaktene gjennom fleire år, m.a. gjennom innstillinga frå det sokalla Lysne-utvalet i 2016. I denne innstillinga vart det m.a. synt til rettstilstanden på dette området i land som Storbritannia, USA og Sverike, kor slik innhenting og lagring har vore vanleg og regulert via eigen lovgivning gjennom fleire år. Denne praksisen har møtt kraftig kritikk her i landet, då det vart kjend for nokre år sidan at den svenske signaletterretningstenesta Forsvarets Radioanstalt med heimel i den sokalla FRA-loven og innhenta og lagra kommunikasjon mellom innbyggjarar i Noreg.

Datatilsynet har vore av dei som har skarpt kritisert og advart mot implementering av slik lovgivning, særleg då ut frå personvernomsyn. Retten til «respekt for privatliv og familieliv» er nedfelt i Grunnloven og anna nasjonal lovgivning, men må som all annan lov tydelegvis vika når styresmaktene ser trong til det.

Lovframlegget legg opp til at all kommunikasjon med ein utanlandsk person eller institusjon skal kunne lagrast.

Lovframlegget legg opp til at all kommunikasjon med ein utanlandsk person eller institusjon skal kunne lagrast. All kommunikasjon som går føre seg innanfor landet sine grenser eller berre mellom norske statsborgarar, skal slettast «så langt dette er mulig», som det heiter i framlegget. I praksis vil dette vera vanskeleg å få til, då mange brukarar i Noreg nyttar utanlandske tenester som til dømes Facebook eller Google, innanlands internettbruk kryssar grensa via utanlandske serverar, noko som i seg sjølv vil gje grunnlag for innhenting og lagring.

Det er lagt inn eit vilkår om domstolskontroll (som då ut frå praksis i slike saker vil skje med utvalgte domarar i lukka rettsmøte) om E-tenesta skal få tilgang til innhaldet i den innhenta og lagra informasjonen.

Potensielle misbrukarar skal verna oss mot misbruk av digital informasjon

Grunngjevinga frå styresmaktene for dette lovframlegget er forsvar mot digitale åtak og misbruk av digital informasjon. Eit moment her som korkje vart synt til i Lysne-utvalet si innstilling eller i dette lovframlegget, er at det allereie er på plass eit overvakings- og varslingssystem for digital infrastruktur her i landet. Dette vart oppretta som eit samarbeid mellom dåverande POT, Forsvarets Etterretningstjeneste, Forsvarets Sikkerhetstjeneste og større statlege og private verksemder i 2000. Dette samarbeidet, som vart innført utan noka form for offentleg ordskifte, vert no styra og drifta av Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM).

Det har for fleire år sidan vorte kjend at Etterretningstenesta har samla inn og lagra kommunikasjon mellom Noreg og norske borgarar i utlandet, noko som i varsame ordelag har vorte problematisert av Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings - og sikkerhetstjenestene i Norge (EOS-utvalet), då det ikkje har vore heimel til dette innanfor eksisterande lovverk.

Det styresmaktene no gjer med dette lovframlegget er soleis å legalisera og skaffa lovheimel til ein av etterretnings- og overvakingstenestene allereie etablert praksis.