Vardøradaren og antennene i skogen ved Hønefoss, to sider av same sak?

Etterretningstjenestene avleser all kommunikasjon.I skogen ved Eggemoen på Hønefoss har E-tenesta bygd opp ein av verdas mest avanserte lyttepostar. Dette melder NRK på sine nettsider 1 mars. Her samlar dei inn data frå telefonsamtalar og sosiale media.

Overvakinga er offisielt retta inn mot norske borgarar som samarbeider med utanlandske terroristar. Definisjon på kven som blir rekna for terroristar og kva land det gjeld blir ikkje gitt. Det som derimot er heilt sikkert er at dette kan vere i strid med norsk lov fordi det også involverer vanlege norske borgarar.

Så er spørsmålet. Går desse opplysningane vidare til USA og dei andre NATO landa? Norske politikarar forsikrar som vanleg at alt er i den beste orden og at ingenting ulovleg går føre seg. Dette er ord vi har høyrt mange gonger før og vi trur ikkje på dei.

Kvifor har USA ved etterretningsorganisasjonen NSA, støtta bygginga med fleire titals millionar kroner? Kvifor har stasjonen fått eit kallenamn, Victory Garden, i NSA sitt system? Kva blir opplysningane brukt til?

Mange spørsmål, men få svar.

Vardøradaren

Dette ligg an til å bli ei ny avlyttingskandale der vi blir ført bak lyset. Frå før har vi saka om Globus 2-radaren i Vardø i friskt minne. Her måtte ein modig journalist, Bård Wormdal, på banen med fleire bøker før vi fekk sanninga på bordet.

Avsløringane her gav skeptikarane rett. Vi kan nå med stor sikkerheit hevde at denne er eit CIA- prosjekt som har som formål å spionere på Russland og som skal inngå i det amerikanske rakettforsvaret.

For Globus 2-radaren blei det inngått ei avtale med USA om at denne skulle overvake satellittar i samarbeid med amerikansk etterretning. Globus 2 blei bygd i 1999 og den er utvikla i USA. Dette skjedde utan debatt i norsk opinion.

Nå er det ein ny radar under bygging. Globus 3 skal stå ferdig i 2020. Folk i Vardø føler seg lurt og dei blir lurt. Det ville vere underleg om den nye radaren skal ha ein annan funksjon enn den eksisterande. Å hevde det er meiningslaust.

Og alle forsvarsministrane dei siste 15 åra har kappast om å forsikre oss at anlegget ikkje er ein del av det amerikanske rakett skjoldet.

Men ei løgn blir ikkje sann dersom man fortel den ofte nok. Den tidlegare statssekretæren i Pentagon, Phillip Coyle (1), seier at radaren i Vardø si fremste oppgåve er å følgje russiske og kinesiske rakettar si ferd over Nordpolen.

Det viser seg at amerikanske kjelder er langt meir opne enn dei norske. I dei amerikanske budsjetta kan vi følgje aktiviteten til Globus 2 frå år til år.

I Norge er aldri Vardøradaren blitt underlagt offentleg diskusjon og søkelys. Dette skjedde heller ikkje då vi fekk den store omlegginga av forsvaret.

I Finnmark har det vore radar og lyttepostar sidan 1960-talet. Dette er tiltak som har vore verksett utan debatt og innblanding av norske styresmakter.

Antennene ved Eggemoen

Dette må ikkje få lov å skje skje med antennene i skogen ved Eggemoen. Heldigvis så har vi nå fått så mange avsløringar at det er grunnlag for å legge press på dei hemmelege tenestene og sveitte politikarar.

Nå har vi to etterretning skandalar liggande på bordet. Likevel går våre styresmakter rundt og forsikrar at alt er innafor lovverket og at vi må ha tillit til dei hemmelege tenestene. Det er det absolutt ingen grunn til.

Kvifor skal vi ha tillit til ei teneste som nektar oss sanninga? Kvifor seier dei offisielt at dette ikkje er overvaking av norske borgarar når avsløringane viser det stikk motsette?                                 

Frå historia veit vi at dei hemmelege tenestene består av notoriske løgnhalsar. Det viser rapporten frå Lund-kommisjonen. Den blei lagt fram i mars 1996 og konkluderte med at det hadde gått føre seg ei storstilt ulovleg overvaking av norske borgarar heilt tilbake til 1945.

Dette stikk i strid med det som det offisielle Norge hadde hevda. Og det som kom på bordet i 1996 var den ulovlege overvakinga. Under overflata og skjult i mørket var framleis den lovlege overvakinga.

Kor omfattande var den?

Samarbeid med USA er ikkje noko nytt

At den amerikanske tenesta, NSA, samarbeider med stasjonen på Eggemoen bør heller ikkje kome som ei overrasking.

I 2010 kunne Dagsavisen avsløre at den amerikanske etterretningseininga, Surveillance Detection Unit, dreiv systematisk overvaking av norske borgarar. Fleire medlemar av gruppa jobba og for norsk politi og forsvar.

Vi kan slå fast at etterretning og overvaking ikkje er noko som høyrer fortida til, men finn stad her og nå. Dei ansvarlege fortel oss eventyr og håpar at vi skal tru på dei og slå oss til ro.

Den norske regjeringa er lydig partnar i NATO og underdanig på parti med krigshissar nummer ein, USA. Nå blir opprustinga mot Russland og kampen mot terror brukt for alt det er verdt for å skjerpe overvakinga, ikkje berre i utlandet, men òg i Norge.

Det er høgst sannsynleg at kritiske nordmenn, innvandrarar og muslimar blir haldne nøye under oppsyn.

Eit overgrep? Javisst er det eit statleg overgrep mot oss alle.

(1) Phillip Coyle seier dette til nrk.no 11. oktober 2005.

 

Personvern