torsdag, 15 11 2018

I kjølvatnet av avsløringane til den tidlegare CIA-tilsette Edward Snowden har det stadig kome fram meir informasjon òg om norsk overvakingsverksemd.

Det har mellom anna vorte kjend at norsk E-teneste på berre ein månad i årsskiftet 2012/2013 samla inn data om 33 000 000 telefonsamtalar, tekstmeldingar og datasøk i utlandet. Dette fekk først stor merksemd i norske media. Men etter at E-tenesta ved sin sjef generalløytnant Grandhagen gjekk ut og sa at dette utelukkande gjaldt norsk etterretningsverksemd i utlandet, berre retta mot utanlandske borgarar, so stilna all kritikk i dei same medieverksemdene. Vidare har det vorte tydeleg for alle at E-tenesta, som er den militære norske etterretningstenesta, og som antas å vera den klårt største av dei norske overvakings- og etterretningsorganisasjonane, har særs tett samarbeid med ulike amerikanske etterretningsorganiasjonar. Det har tidlegare vore kjend at den norske E-tenesta har eit omfattande samarbeid med den britiske etterretningstenesta. Samarbeidet mellom norsk og diverse vestlege etteretningstenester starta like etter 2. verdskrigen, og vart intensivert under den kalde krigen. Dette overvakings- og etteretningssamarbeidet vart formalisert i den sokalla NORUSA-avtala frå 1954.

Rangordning

Norge er en av de viktigste brikkene i puslespillet.Dei vestlege etterretningstenestene har si eiga «rangordning», skapt av USA og Storbritannia under og like etter den 2. verdskrigen. I den innarste sirkelen, blant dei e-tenestene som venteleg skal dela all relevant informasjon med kvarandre – og som visstnok heller ikkje skal driva spionasje på kvarandre (?) – er USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand. Dette er dei sokalla «5 eye partners». Nest i rekkja er dei sokalla «9 eye partners», med Frankrike, Nederland, Danmark og Noreg i tillegg. Edward Snowden har lagt fram dokument som syner at USA i alle høve har hatt fleire spionprogram gåande andsynes Frankrike, noko som sjølvsagt har skapt mykje irritasjon i Paris. Eit eventuelt atterhald om at desse ni partnarane ikkje skal spionera på kvarandre gjeld i alle høve tydelegvis ikkje for USA. Her kan det óg nemnast at franske etterretningsagentar for få år sidan vart avslørte medan dei dreiv med industrispionasje i USA. Etter dei ni kjem «14 eye partners», kor land som Belgia, Italia, Tyskland, Spania og (det «nøytrale») Sverike og er teke med.

Viktigaste partner

Det er særleg når det gjeld signaletteretning (SIGINT) at norsk e-teneste gjev store bidrag til USA og Nato. Sigint er termen som vert nytta på avlytting, nedlasting, samling og bearbeiding av tele-, radio-, satellitt- og annan sambandsinformasjon. Denne norske militære ettereretningsverksemda vert særleg drive i Afghanistan, og frå dei ulike lytte- og radarstasjonane som er plasserte på norsk jord, og som inngår i eit globalt amerikanskleia lytte- og varslingssystem. Den amerikanske signaletteretningsorganisasjonen NSA (National Security Agency) uttalar via lekka dokument frå Snowden at den norske E-tenesta er ein av dei to viktigaste utanlandske partnarane til USA når det gjeld nettopp teknisk signaletteretning. Vidare seier NSA om sin norske kollega at E-tenesta er ein «modellpartnar», at dei har «unik tilgang», er ein «leiande leverandør av informasjon» og at det er «ingen problem med partnaren pr i dag». Her er det då tydelegvis ei norsk verksemd som utmerkar seg internasjonalt, og som fungerer upåklageleg andsynes sine samarbeidspartnarar!

Det er i denne samanhengen klårt at USA er den verkelege oppdragsgjevaren til det meste av norsk overvaknings- og etterretningsverksemd, og det landet som dreg mest nytte av dette arbeidet. Noreg åleine hadde korkje hatt kapasitet til eller interesse av å driva denne omfattande spionasjen, om det ikkje var for at storebror USA ynskjer at dette skal skje.

Frå Revolusjon nr. 44, våren 2014.

Personvern