Det har i dei siste månadane vorte avslørt ei rad ulovlege og etter gjeldande regelverk tvilsame overvakingssaker innanlands her i Noreg.

Ei sak som naturleg fekk stor merksemd var når NRK sin Brennpunktredaksjon avslørte at Politiets sikkerhetstjeneste (PST) i ein tiårsperiode nytta Christian Høibø som infiltratør, informatør og provokatør i m.a. Blitz, IS og ved ymseantiglobaliseringsdemonstrasjonar.

Det har òg vorte kjend at EOS-utvalet (Stortinget sitt kontrollorgan for etteretnings-, overvakings- og tryg-gingstenestene) berre i løpet av dei siste månadane har avslørt  fleire tilfelle av overvaking som er i strid med den norske statens eigne lover og regelverk når det gjeld overvakings- og etterretningsverksemd.

EOS-utvalet førar tilsyn med Politiets Sikkerhetstjeneste (PST), Etterretningstenesten (E-tenesta), Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) og Forsvarets Sikkerhetsavdeling (FSA) og verksemder som er kjende som tenesteleverandørar for desse, som t.d. Telenor.

Desse avsløringane har kome trass i at EOS-utvalet har små ressursar til rådvelde, klåre grenser når det gjeld mandat og virkeområde, og at det utanom si førehandsmeldte og planlagte tilsynsverksemd er avhengig av at saker vert melde til eller gjort kjend for utvalet før dei kan gå til særleg tilsynssak. 

Det er her verdt å merka seg at det er  nedfelt i gjeldande instruksverk at EOS-utvalet ikkje kan få innsyn i ymse sider ved dei ulike tenestene si verksemd, då denne for ein stor del er unntatt for innsyn grunna omsynet til rikets tryggleik, omsynet til framande statar (les: «allierte» som i Nato) og personvernomsyn. EOS-utvalet kan t.d. ikkje få eller kan nektast innsyn i den militære E-tenesta sine arkiv og datasystem, eller over kven som arbeidar for eller utfører oppdrag for denne tenesta, eller kva desse konkret utførar av oppgåver, då dette er gradert informasjon på eit høgare autorisasjons- og klareringsnivå enn kva utvalet har innsynsrett i.

Dette kan vera ei av forklåringane på at det først er no det siste året at det har kome fram ulovlege tiltak som er utført av og som har opphav i tenesteområdet til E-tenesta. Av dei sakene som EOS-utvalet har fokusert på og som har kome fram i media kan det vera verdt å nemne:

  • Ulovleg overvaking frå PST si side av 120 personar. (Dette var gamle saker kor PST ikkje hadde funne noko klandreverdig ved personane, men informasjon om desse var allikevel framleis lagra i overvakingspolitiet sitt register sjølv om informasjonen etter gjeldande regelverk skulle vore sletta.)
  • Ulovleg overvaking frå PST si side av til saman 460 personar i to ulike muslimske moskear/miljø. Personane som var ulovleg overvaka var registrert berre på grunnlag av religiøs tru/medlemskap i muslimske moskear, ikkje på grunnlag av eigne handlingar.
  • Sterk auke i bruk av skjulte tvangsmiddel frå PST si side i overvakingsarbeidet. Skjulte tvangsmiddel omfattar romavlytting, kommunikasjonskontroll (post, e-post, telefon, fax, osb.), teknisk sporing og løynd ransaking.
  • Handtering av personopplysningar frå PST si side utan at desse var registerført eller oppbevart etter gjeldande regelverk.
  • Auke i samarbeid og samhandling mellom PST og E-tenesta, noko som er problematisk både ut i frå personvern- og kontrollomsyn.
  • Overvaking/registerføring av ni journalistar frå Etterretningsbataljonen på Setermoen si side med grunnlag i at desse hadde synt interesse for E-tenesta, Etterretningsbataljonen og etterretningsarbeid ålmeint i sitt jour-nalistiske virke. Desse journalistane var ikkje nett frå kjende samfunnsnedbrytande verksemder heller, men jobba i Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Dagbladet, NRK og som frilansarar.
  • Umeldt tilsyn i E-tenesta sine lokale på Lutvann og på Hamnelageret i Oslo, og avsløringa av eit arkiv med namn og personopplysningar på etter det opplyste omlag 400 noverande og potensielle norske informantar for E-tenesta i utlandet.

Eit faktum som bør gje grunnlag for ettertanke er at med unnatak av infiltratørsaka med Christian Høibø som vart avslørt av han sjølv via NRK, so har samtlege av desse sakene vorte kjende gjennom media etter at den norske staten sitt eige kontrollorgan for dei hemmelege tenestene har teke dei opp ved sine tilsyn og offentlege rapportar.

Og Christian Høibø dreiv med politisk kartlegging og overvaking på vegne av PST i 10 år utan at EOS-utvalet på noko vis blanda seg opp i denne verksemda.

Publisert i Revolusjon nr. 43 (September 2013) i tilknytning til artikkelen USA ser deg – overalt.

Personvern