In or Out: Storbritannia går til folkerøysting for å avgjera kor mykje makt eitt av dei eldste parlamenta i verda skal ha.Allereie før dato for folkerøystinga om «remain in» eller «leave» EU for Storbritannia sin del var fastsett, var kampen om røyndomen godt i gang. Statsminister Camerons forhandlingsresultat vert stort sett slakta av leave-sida og i det meste av britisk presse.

Avtala som Cameron har fått lovnad om, er vag og usikker; Storbritannia kan gradvis avgrensa sosiale ytingar til EU-/EØS-immigrantar i ein fireårsperiode etter at ein avtale er vedteken. Parlamentet kan gje «raudt kort» til uynskt EU-lovgiving, men berre dersom eit fleirtal av andre EU-land sine parlament gjer det same. I praksis er det difor knapt verd noko. Britane vil òg vera unnateke stadig sterkare politisk integrasjon i EU. Kva dette vil tyda, er uklart. Skattepengar frå Storbritannia skal ikkje gå til å støtte eurosonelanda, og saker som vedkjem alle EU-land, skal drøftast med alle land, ikkje berre i eurosona. EU skal i tillegg intensivera arbeidet med å kutta byråkratiet for små og mellomstore verksemder.
Dette tyder mykje mindre sjølvråderett enn det Cameron lova å få gjennomslag for – for å sikra britane mot det «sosialistiske» EU. Statsministeren har vald å drive Tusk-handel nett kring temaet «immigrantar snyltar på velferdsordningane våre» – for å appellera til dei mest primitive instinkta i folket og arbeidarklassen i Storbritannia.

Fakta om britisk EU-motstand
Remain-sida er svakt organisert, litt som i Noreg. Britain Stronger In Europe er den største av mange, men som i Noreg er det regjeringa (med unnatak av dei som er leave-tilhengarar) og nokre storkonsern som er hovudkrafta.
Leave-sida har meir enn 40 ulike organisasjonar og kampanjar. Vi finn alt frå Labour Leave til Muslims4Britain. Fleire av dei er retta inn mot næringslivet.
Vote Leave er etter at Labour Leave og Dei grøne trekte seg ut, i hovudsak konservative parlamentsmedlemer og næringslivsfolk. Dei har vore ridne av usemjer, mest om samarbeid eller ikkje med UKIP og med Leave.eu. Organisasjonen er leidd av Lord Lawson (83), m.a. finansminister under Thatcher. John Mills er med på finansieringa, ein Labour-sponsor som er usamd i deira brot med Vote Leave.
Leave.eu vart dana av mellom andre Arron Banks, ein styrtrik UKIP-sponsor, og forretningsmannen Richard Tice. UKIP er ikkje offisielt er knytt til organisasjonen. Liberalistisk, populistisk, retta inn mot sosiale medium.
Grassroots Out er ein lausare organisasjon prega av aktivisme og massemønstringar. Her deltek folk frå stort sett alle læger. Det kan sjå ut som om GO ligg best an til å verta den offisielle leave-organisasjonen.

Det tidlegast moglege tidspunktet for folkerøystinga er juni, og juni er lite populært i Skottland og Wales, som har lokalval om lag på den tida. Valkommisjonen skal òg utpeika ein offisiell organisasjon på kvar side som representant for remain og leave. Desse vil få sju millionar pund til sine kampanjar, medan andre organisasjonar vil ha ei grense for pengebruken på 100 000 pund.

Leave-sida er dominert av konservative – gjerne parlamentsmedlemer i både Underhuset og Overhuset. Dei ser EU som ein sosialistisk spjutpiss inn i det kapitalistiske Storbritannia. I tillegg har vi eit UKIP, United Kingdom Independence Party, som er eit liberalistisk og innvandringsfiendsleg parti, med populistisk argumentasjon kring grensekontroll og velferdsutfordringane ved arbeidsinnvandring. UKIP har hatt EU-motstand som fanesak sidan dei vart dana og er godt etablert som dei mest konsekvente leave-forkjemparane.

Det er heile tida viktig å hugsa at britisk politikk dreier rundt ein akse som ligg langt til høgre for den norske. Thatcher-perioden og seinare regjeringar – òg frå Labour – har syrgja for at EU har vorte den som har gjeve arbeidarklassen nokre av rettane sine attende – så langt som EU kan seiast å garantere rettar … Det gjeld til dømes betalt ferie, svangerskapspermisjon, foreldrepermisjon, reglar for deltidsarbeid, antidiskrimineringsreglar og arbeidstidsregulering. Samstundes framhevar remain-sida at den indre marknaden er avgjerande for arbeidsplassane, sjølv om Storbritannia har ein relativt liten eksport til EU og ein desto større import.

Det er difor forståeleg at store delar av fagrørsla er positive til EU. Det ein ikkje får gjennom det nasjonale demokratiet, kan ein i ein viss mun få gjennom EU-diktat. Litt som argumentasjonen rundt miljø; EU er betre enn kva dei eigne folkevalde presterer, så difor vert ein litt mindre oppteken av folkestyre.

Grassroots OutMen det er òg EU-motstandarar på vinstresida. Labour Leave er ein organisasjon for dei i Labour, medan enkelte fagforeiningar, som RMT, òg har ein kritikk av EU som liknar norsk EU-motstand. Desse argumenterer med at hovudspørsmålet er internasjonal solidaritet, nasjonal sjølvråderett og folkestyre, og vi kan tenkja at dei ynskjer eit radikalisert Labour som regjeringsparti, utanfor EU. Om ein ikkje har eit langsiktig mål om betring gjennom ein slik prosess, ville vinstremotstand mot EU vera meiningslaus i Storbritannia.

Karakteristisk nok er leave-sida splitta. Det er få tradisjonar for tverrpolitisk samarbeid i Storbritannia, et resultat av topartisystemet som har vore rådande. Dei konservative vil i stor grad ikkje samarbeida med UKIP (UKIP vart dana av avhoppararar frå Dei konservative). Labour-folk og UKIP er meir opne for samarbeid, medan fagrørsla absolutt ikkje vil i nærleiken av UKIP. Både Labour, UKIP og Dei konservative har «rike onklar» som har finansiert ulike leave-grupper.

Det er ei von om at ein ny paraplyorganisasjon, Grassroots Out Movement, kan klara å samla folk frå dei ulike lægra i ein meir aktivitetsbasert organisasjon på eit minste felles grunnlag. Om røystinga kjem alt i juni, hastar det med å utvida aktiviteten – i eit land utan tradisjon for folkeleg medlemsorganisering.

Personvern