søndag 5 desember 2021

kpmlflagg1Kulturarbeidarar organisert i Creo, Fagforbundet og NTL har vore i streik sidan 3 september. No er i alt 805 tekniske og administrative kulturarbeidarar ved 15 ulike teatre og orkestre over heile landet i streik for ein rettferdig, kjønsnøytral og livslang pensjon.

Støttefråsegn frå KPml

Arbeidsgjevarsida i konflikten freistar løpa frå forsikring gitt ved overgang frå offentleg tenestepensjonsordning i 2016, om at ny pensjonsordning skulle vera livslang og utan faktisk skilnad mellom kvinner og menn, og freistar no istaden tvinga gjennom ein innskotspensjon. Ved ei innskotspensjonsordning er det dei tilsette som sit med heile risikoen, både når det gjeld avkastninga ved eventuelt børsfall, og om pensjonen varar heile livet ut.

Konflikten har vorte ytterlegare skjerpa ved at arbeidsgjevarane har organisert streikebryteri ved seks av kulturscenene som er i streik.

Kulturarbeidarane kjempar ein kamp for ei kollektiv, livsvarig og like god pensjonsordning for kvinner som for menn.

Slik er kulturarbeidarane sin kamp viktig ikkje berre for eigen sektor, men for alle som kjempar for ei god og rettferdig pensjonsordning.

KPml vil uttrykke full støtte til kulturarbeidarstreiken. Vi vil oppmoda til å delta i støttemarkeringar for streiken, og til at publikum held seg vekke frå framsyningar og konsertar ved dei aktuelle scenene så lenge streiken pågår.