Debatten om Raudt sitt forhold til sosialdemokratiet illustrerer tydeleg at det ikkje er Det Norske Arbeiderparti, men det nye partiet Raudt som har ei dobbeltrolle i høve til det kapitalistiske systemet.

BAKGRUNN: Det går ein debatt i avisa Klassekampen om partiet Raudt/Rødt si line overfor sosialdemokratiet. Opptakten var eit innlegg av Kenneth Fuglemsmo den 4/4, som fekk tilsvar frå RU-leiar Mimir Kristjansson 16/4-2007. Dette innlegget frå KPml er teke inn i Klassekampen 27/4 i noko nedkorta form.

Ungdomsorganisasjonen til Raudt plasserer seg klart til høgre for moderpartiet, noko som jo er ganske uvanleg i partia elles. Mimir Kristjansson (MK), leiar i Raud Ungdom, tek etter eige utsegn eit «jordnært» standpunkt, som går ut på at Raudt må kle seg i sosialdemokratiet sine klede medan dei raudgrøne badar i regjeringsbassenget. Han fortel at sosialdemokratiet spelar ei dobbeltrolle i høve til kapitalismen, og at DNA ikkje er kapitalen, men folket sin føretrekte administrator av systemet. MK kan prova påstanden sin ved å syna til den kjensgjerning at borgarklassen ved val ikkje sponsar DNA, men derimot dei opne borgarlege partia.

Med det viser MK at han ikkje har forstått at borgarskapen er sett saman av ulike grupperingar av kapitalistiske særinteresser, som optimalt ynskjer størst mogleg påverknad for «sitt» parti, anten det no er Høgre, Venstre eller andre reaksjonære parti. Sosialdemokratiet sitt store fortrinn er at det i liten grad skjeler til dei kapitalistiske særinteressene, men tek vare på kapitalistklassen og borgarstaten sine heilskaplege interesser. Denne oppgåva gjer det frå tid til annen naudsynt med konsesjonar til arbeidsfolk som sikrar arbeidsfreden og lettar framhaldet av reformismen sitt hegemoni. Oppgåva ville verta undergreven om storkapitalen sprøyta pengar rett inn i partikassa til DNA. Det er heller ikkje naudsynt. Då er det meir gunstig å plyndra dei fagorganiserte sine kontingentpengar og surt innkravde skattekroner til «partistøtte».

Sosialdemokratiet sitt dobbeltandlet med minst ei venstrefløy, det kan vera i eller utanfor partiet, er eit ovgamalt fenomen. I tida fram til oktoberrevolusjonen i Russland kunne ein med rette hevda at sosialdemokratiet spela ei dobbeltrolle i høve til kapitalismen. Denne rolla vart endeleg avklart etter verdskrigen frå 1914 og særlig etter 1917, då sosialdemokratiet sine ulike fløyer, skjult attom vekslande retorikk, alle vendte seg imot det nye proletardiktaturet og ivrig forsvara det kapitalistiske «demokratiet».

Sidan har sosialdemokratiet si såkalla dobbeltrolle vore vendt, ikkje mot kapitalismen, men mot arbeidarane. Det dreier seg om forma og innrettinga på retorikken kring klassesamarbeidet. Avhengig av den aktuelle temperaturen i klassekampen vil det utilslørte høgresosialdemokratiet og den meir kamuflerte venstrereformismen skifta på å bera sosialdemokratiet si leiartrøye. Men kjernen i politikken er å sikra klassesamarbeidet og det kapitalistiske systemet sin eksistens, med eller utan periodiske tilståingar frå kapitalen si side. Det politiske innhaldet er det same.

Grunnfjellet i sosialdemokratiet er dei privilegerte delane av arbeidarklassen og sjikt i fagbyråkratiet som har objektiv interesse av at imperialismen sine superprofittar og klassesamarbeidet held fram. Desse vil fungera som systemet sine antenner og støytdemparar, som kan fanga opp misnøgda på grunnplanet i klassen og kanalisere den inn i trygge, parlamentariske former. Sit det ei opent borgarleg regjering på taburettane, kan retorikken ta temmeleg skarpe og folkelege former, der «reddinga» for arbeidsfolk sjølvsagt er å røysta inn sosialdemokrati og tilhøyrande raudgrøne herlegdomar. Frå tid til annan kan dei til og med gå så langt at dei let nokre dagar med tariffkonflikt sleppa ut litt damp. Toppane i DNA og LO møter like fullt som likemenn mellom den borgarlege eliten og i finanskapitalen sine rom.

Berre månader etter at de raudgrøne tok over taburettane, går LO-leiinga på gummisålar og stiller lønnskrav som er tilnærma parodiske under den noverande høgkonjunkturen. Fredsrørsla, sterkt influert av SV som grein av venstresosialdemokratiet, er langt på veg kastrert og opptrer som apologet for norsk imperialisme.

Eit revolusjonært parti som ikkje innser at sosialismen er umogleg dersom ikkje sosialdemokratiet sitt ideologiske og organisatoriske grep om arbeidarklassen vert brote, har eit grunnleggande problem. Ved å fabla om at det er rett å stø ei raudgrøn regjering som eit «konstruktiv opposisjonsparti», demonstrerer MK tydeleg at Raudt ikkje berre har ei dobbeltrolle i høve til sosialdemokratiet, men i høve til kapitalismen som system. Spørsmålet er om ikkje Raudt med sin programfesta «demokratiske sosialisme» alt frå byrjinga er vorten ein ny venstrefalang av sosialdemokratiet.

Dei prisverdige freistnadene frå revolusjonære kommunistar i Raudt på å motsetja seg denne glideflukta, vil i beste fall få lov til å eksistera som ei eiga strøyming innanfor Raudt, som et marxistisk alibi. Denne strøyminga vil med naudsyn verta svekt i same grad som Raudt har lukke med å fanga opp venstresosialdemokratar som i frustrasjon hoppar av frå DNA og SV. At Kleiv Fiskvik oppmodar raudt-arane om å melda seg inn i DNA (Klassekampen 21.04), talar for at vegen ikkje er lang. Forsoningsvilja overfor sosialdemokratisk politikk og ideologi vil verta styrkt innetter, og dimed gjera det umogleg for Raudt som parti å verta ein reell utfordrar til det kapitalistiske systemet.

Som kraft i dagsaktuell reformkamp, kan nok Raudt som allianse av ulike demokratiske klassekrafter spela ei progressiv rolle på line med andre frontar. Men i kampen for revolusjon og sosialisme treng arbeidarane sitt eige klasseparti, med eit finstilt sikte og av eit anna kaliber. At den tidlegare Akp-leiinga, som dreiv gjennom samanslåinga, no ope seier at dei ikkje ser at det trengst eit kommunistparti, må dei svara for.

Vi i KPml meiner at kommunistar skal organisera seg kommunistisk. At tidlegare kommunistar ikkje ser kvifor vi skal ha eit marxist-leninistisk parti, er ikkje noko nytt, men vi må kunna venta at dei er ærlege og sluttar kalla seg kommunistar.

Publisert i kpml.no nr 2 - 2007  

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode