Billege poeng for antikommunistane– Vi forsvarar både SOS Rasisme og Ten folket mot hets og usaklege åtak. Samstundes har leiinga i Ten folket undervurdert klassefienden og opptrådd hovudlaust i høve til interessene til heile den revolusjonære og kommunistiske rørsla, skriv Samordningsutvalet i Kommunistisk plattform i denne kommentaren.

«Skrekkoppslag» i Dagbladet 11. mai.
Eitt av fleire «skrekkoppslag» i Dagbladet. Her frå 11. mai.
Dei stadige «avsløringane» kring SOS Rasisme sin bruk av offentlege tilskotsmidlar, tvil kring medlemstalet på 40 000 og koplinga mellom desse sakene og Ten folket, er sers negative. Dei vert nytta i ein klar antikommunistisk kampanje, som vi sjølvsagt ikkje har tenkt å bidra til. Dei underliggande antikommunistiske motiva er hovudsida i utalet av medieoppslag som har ein reaksjonær agenda. Dei som går i spissen for å gjera kriminaliseringa mest plausibel, er naturlegvis «venstreorienterte» medium som Klassekampen og meir useriøse aktørar som Dagbladet.

Det som er trist er at vi verkeleg treng SOS Rasisme som antifascistisk masseorganisasjon. Det er eit tungt ansvar å diskreditera ein antirasistisk front kor mange har lagt ned godt og naudsynt arbeid.

KPml meiner at kommunistar ikkje kan innskrenka seg til éin einaste front og til dømes lata vera å leggja arbeid i arbeidarklassen sine viktigaste organ, i fagforeiningane. Det gjeld sjølv om det ikkje gjev «snøgge sigrar».

For det andre må kommunistar alltid vera klare på tilhøvet sitt til den borgarlege staten. Det er ei kjend sak at borgarskapet sin stat gjev fondsmidlar og ulike tilskot til visse typar frivillige organisasjonar, serskilt dei som har ungdomsprofil. Staten gjer ikkje dette av di han er snill, men av to heilt andre grunnar: Han vil sikre kontroll gjennom makt til å skru att pengekrana om organisasjonen utviklar seg «uheldig», den andre er å utvikla eit eige korps av organisasjonsbyråkratar som faktisk lever av staten sine bidrag, og som veit at dei gjer det. Vi seier ikkje at ein front ikkje skal ta imot midlar frå den borgarlege staten, men det er viktig, ikkje minst for kommunistar, å vera medvitne om kva føringar som ligg bak.

For ein kommunistisk organisasjon er det under alle omstende uaktuelt å basera seg på kroner frå staten, anten det skjer direkte eller indirekte. For oss er det eit absolutt prinsipp å stola på eigne krafter, òg økonomisk.

For det tredje meiner vi at det er ein bra ting når kommunistar speler ei leiande politisk rolle i ein front eller i ei fagforeining. Det er absolutt ingen ting å leggja skjul på, det er berre positivt om det er ålment kjend at kommunistane er den drivande krafta og gjer ein god jobb. Kommunistar må i all si framferd skapa tillit hjå folket.

I frontsamanheng i dag fungerer det destruktivt og sjølvkriminaliserande om det vert høve til påstandar om at kommunistane har «infiltrert» ein organisasjon, og ei rekke medlemer gjev inntrykk av at dei ikkje er kommunistar medan dei faktisk er det. Det er endå meir alvorleg når tryggingspolitikken er så elendig at borgarpressa kan blottleggja at Ten folket i dette tilfellet skal ha tilsett eigne folk i løna verv og posisjonar, altso finansiert av staten.

Det er denne praksisen og mangel på forståing av staten sin klassekarakter som Ten folket no får i fleisen. Men det er ikkje berre Tf som råkast, noko som er ille nok. Alle kommunistiske og marxist-leninistiske krafter vil verta mistenkeliggjorde, noko vi har åtvara Tf mot fleire gonger.

Leiinga i Ten folket har undervurdert klassefienden, noko alle organiserte kommmunistar no får unngjelda for. Vi forsvarar både SOS Rasisme og Ten folket mot hets og usaklege åtak, samstundes som vi meiner – uavhengig av sanningsgehalten i påstandane om kreative økonomiske disposisjonar – at Tf-leiarane har opptrådd hovudlaust i høve til interessene til heile den revolusjonære og kommunistiske rørsla.

Originalartikkelen vart lagt ut på kpml.no den 20. mai 2010

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Likte du det du leste? Sett inn en slant på konto 9235 32 26489 
Vipps noen kroner til #114366 eller bruk Donér-knappen nedenfor.

Tusen takk for bidraget!