Bokomslaget til "En folkefiende".Pål Steigan kom hausten 2013 med ein sjølvbiografi. Boka gir som rimeleg er for sjangeren mange personlege opplysningar om forfattaren, men kjem óg med interessant informasjon om hans perspektiv på oppbygginga av og uviklinga i ml-rørsla i Noreg. Dette då særleg i perioden 1968–1984, som er den tida som er mest utførleg handsama. Boka fortel levande om politisk oppvakning, ideologiske ordskifte, høgtflygande idear og ungdomleg overmot,  som vart omsett til politisk og organisatorisk røyndom gjennom planleggjing, hardt arbeid, disiplin og offervilje frå slutten av 1960-talet og frametter.

Boka er sjølvsagt samstundes personleg, slik at ho gjennomgåande fungerar som eit forsvar for Steigans eigne val og standpunkt. Og mellom all movilje til å ta på seg verv, alle møta og etterkvart dei skarpe politiske og personlege motseiingane som utvikla seg i AKP(m-l), so unngår ein ikkje som lesar å få med seg kor smart og flink og innovativ som forfattaren av boka har vore. Og trass i refleksjonar om at det skulle ha vore rom for større politisk takhøgde i ml-rørsla, og at diverse motseiingar skulle vore takla ansleis, so er Steigan nådelaus i omtala av einskilde tidlegare partikameratar. Dette gjeld særleg for Sverre Knutsen, og den gruppa av partimedlemer som gjekk ut av partiet i 1984, med kritikk av at AKP(m-l) hadde vorte revisjonistisk. Steigan held fram med polemikken mot det som vart definert som ei venstre-line, og gir desse alt han kan av politisk tyn og negativ personomtale.

Eit ordskifte som denne venstre-lina i ml-rørsla ville reisa var spørsmålet om utviklinga i Kina etter at Mao døydde. Steigan var til liks med fleirtalet i partileiinga heile tida sterkt imot at dette ordskiftet skulle reisast, og skriv òg om det i denne boka, utan at han no gir noko betre svar på kvifor han var imot dette, enn han gav når dette var mest aktuelt utover på 1980-talet. Mangelen på ordskifte kring dette spørsmålet vart sterkt øydeleggjande for AKP(m-l) Det førte til at ein ikkje tok spørsmålet om kontrarevolusjonen på alvor, at partiet mista tillit, at revisjonismen vann fram og at partiet til slutt smuldra opp og som organisatorisk eining.

Steigan tek òg opp eigen innsats for satsinga på parlamentarisk arbeid mot slutten av 1970-talet og utover. Dette var òg noko som var omstridt i partiet og skarpt kritisert av dei som sto på den venstre-lina som Steigan gjekk hardt inn for å nedkjempe, då denne satsinga i samtida vart oppfatta som ei svekking av partiet som klassekamporganisasjon.

Steigan ser ut til heilt å ha gitt opp trua på noko som han nytta mange viktige år av livet sitt til, – kommunistisk organisering og bygging av det kommunistiske partiet. Boka gir elles uttrykk for at Pål S absolutt hadde sin del av æra for det som gjekk bra i ml-rørsla, men at han hadde lite og meir motviljug ansvar for det som gjekk dårleg. Og so er det vel diverre symptomatisk for den politiske utviklinga til Steigan, og mange fleire med han, at det som i samtida av han sjølv og andre vart sett på som bygging og styrking av den kommunistiske rørsla, no vert omtala som «grunderverksemd» i sjølvbiografien hans.

Pål Steigan: «En folkefiende». Aschehoug, 2013.

Bokomtale trykt i Revolusjon nr. 44, våren 2014.

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode

Utvalgte bokomtaler

  • Truslene mot Iran og faren for krig med atomvåpen

    Truslene mot Iran og faren for krig med atomvåpen

    Professor Michel Chossudovsky spør i boka «Towards a World War III scenario» om USAs koordinerte krigsskueplasser i Midtøsten og Sentral-Asia

    Les mer
  • Den politiske kristendommen

    Den politiske kristendommen

    Politisk islam hører vi mye om. Dag Hoel skildrer i denne boka dens kristne motstykke: kristensionismen. Boka Armageddon Halleluja er

    Les mer
  • Osvald – storsabotøren Asbjørn Sunde

    Osvald – storsabotøren Asbjørn Sunde

    I oktober 2015 kom boka Osvald – storsabotøren Asbjørn Sunde, av Morten Conradi og Alf Skjeseth. Boka fekk mykje merksemd, vart

    Les mer
  • Sosialist? Javisst!

    Sosialist? Javisst!

    Denne utgivelsen fra Forlaget Revolusjon handler om sosialismen som teori og praksis. Gjennom tekster fra Venezuela, Ecuador, India, Albania og

    Les mer
  • Folkefront mot krise, krig og fascisme

    Folkefront mot krise, krig og fascisme

    Når Forlaget Revolusjon utgir Georgi Dimitrovs beretning til Komintern-kongressen i 1935 på nytt, er det fordi problemstillingene han reiser er

    Les mer
  • 1