17 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Justis-og beredskapsdepartementet har lagt fram enno eit framlegg i den stadige rekka av nye overvakningstiltak.

No vil dei avlesa kva du tenkjer medan du skriv.Det skjedde allereie før bombeterroren i Brussel. No krev regjering og opposisjon enda fleire og hardare åtgjerder.

No er det framlegg om endringar i Straffeprosessloven som vil legalisera at politiet og PST kan hacke seg inn på datamaskinar og telefonar. Dette er tenkt som eit nytt sokalla skjult tvangsmiddel med føremål å lesa av all bruk av tastatur som ein person gjer på sin PC eller sin telefon. Om framlegget vert vedteke vil absolutt all bruk av tastaturet på dei overvaka maskinane loggførast og avlesast av politiet. Det vil gjelda all framsending av epost, alle datasøk, alle passord om det er til epostkontoen eller til kredittkortet, alle dokument som ikke vert sende men berra lagra som kladd.

Framlegget er svært vidtfemnande og i den forstand at tiltaket kan iverksettjast på mistanke om at ein person kan planleggja å gjera noko straffbart, dvs. utan at nokon straffbar handling enno har vorte gjennomført.

Vidare ligg det i framlegget at PST skal få sokalla utvida hastekompetanse til å gjennomføra tiltaket. Dette tyder at om PST meiner at det hastar med slik tastaturovervaking, so kan dette gjennomførast utan at ein treng gå vegen om ein domstol på førehand.

Samstundes vil framlegget gje PST/politiet ein ytterlegare utvida adgang til hemmeleg ransaking, kommunikasjonskontroll, romavlytting og kameraovervakning.

PST har som kjent allereie frå før omfattande fullmakter innanfor eksisterande lovverk til å overvaka personar både på konkret mistanke om straffbare forhold og som eit «forebyggande tiltak».

Tankepolitiet vil ved vedtak av dette framlegget verta røyndom.

Det var knapt gått eit døger etter terroråtaket i Belgia før nye krav om utvida fullmakter til politiet kom på bordet. Tidlegare SV-leiar Erik Solheim krev til dømes: «Vi må gi politiet enda videre fullmakter. Dessverre er skjerpet overvåking en konsekvens av tiden vi lever i».

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre